Vaksdal

Bynært bygdeliv i praksis

Vaksdal er tettstaden som har gjeve namnet til kommunen. Vaksdal er saman med Boge, Langhelle og Sandvik (du kan sjå alle i biletet ovanfor) den delen av kommunen som ligg lengst sør og grensar mot Bergen.
På Vaksdal ligg bygda nede mellom fjella vest for Sørfjorden\Veafjorden. Bygda har utsyn over fjordbassenget mot Osterøy på andre sida, i tillegg til fjelltoppane Raudnipa, Hananipa, og Bruviknipa. Tvers over fjorden ligg idylliske Ulvsnesøy. Fjorden er mykje brukt til fiske, båtliv og bading heile sumaren. Fjella gjev god tilgang til toppar med fantastisk utsikt. Vaksdal er også eit godt utgangspunkt for turar lenger innover fjella mot Bergsdalen og Hamlagrø, eller kortare turar som til dømes over fjellet til Fossmark, Stanghelle eller Dale. Les meir om dette under fana for Friluftsliv, som du finn øverst på sida. 

Vaksdalsbygda ligg langt nok frå Bergen til at du finn alle kvalitetar med bygdelivet. Samstundes er Vaksdal så nært at det er enkelt å pendle til bykjerna for dei som treng det. Det er mindre reisetid med toget frå Vaksdal til Bergen enn det er frå mange bydelar i Bergen i rushtrafikk. Om nokre år vert reisetida korta ytterlegare ned ved bygging av ny veg og bane \ K5. Det vil då ta kortare tid til Bergen sentrum enn det tar med bybana frå Nesttun. 

Vaksdalsbygda har byggjefelt oppover fjellsidene med panoramautsikt over fjorden, det er meir spreidd bebyggelse i utkantane, og du finn skikkeleg landsbygdfølelse oppover Sædalen. På biletet ser mot Flordalen og Skreia, med Sørfjorden til venstre. Nærast sjøen finn du Jernbanestasjonen. Her kan du koma deg til Bergen på omlag halvtimen. Dette er eit tilbod svært mange benyttar seg av, anten ein skal på handletur, til skulen eller til arbeidsplassen. Andre vegen tar det omkring 15 minuttar med tog til kommunesenteret Dale, eller 45 minutt til Voss. Dersom du føretrekkjer eigen bil, så går E16 rett forbi Vaksdal sentrum. Det er busstopp på begge sider av vegen der den går i friluft mellom Jamnatunnelen og Bogetunnelen.  

Frå området ved jernbanestasjonen går gamlevegen nordover langs Skreia. Dette er ein populær turveg langs fjorden, men også tilkomst for husa som ligg denne vegen. Frå Skreia kan du også gå ned til badeplassen Sildastadskjæret, som er svært mykje i bruk om sumaren.

I sentrum ligg Vaksdal senter med daglegvarebutikk og fleire andre leigetakarar. Her er også ledig næringslokale til leige for dei som treng det. Vaksdal senter husar også Vaksdal samfunnshall som er i bruk til både idrett, festlege lag og konsertar. Vintertreffet vert også arrangert her.  I sentrum finn ein også drivstoffanlegg, brannstasjon og fleire andre bedrifter. 

 Illustrasjon: Holon Arkitektur.
Illustrasjon: Holon Arkitektur.

Frå sentrum går Botnavegen nedover til du møter Trollkjelsvegen. Om du fylgjer Trollkjelsvegen sørover og opp til eit høgdedrag, finn du snart heilt nye Vaksdal skule. Bygginga på denne starta i 2020 og den skal takast i bruk allereie hausten 2022. Illustrasjonsbiletet viser skulen slik den skal sjå ut når den står klar. Les meir om skulen under fana oppvekst.
Oppe her ved vaksdalsgarden ligg også den flotte steinkyrkja frå 1933 med utsikt over fjorden. Herifrå går Bogavegen lenger sørover til du kjem til Boge. Boge er eit bustadområde som ligg for seg sjølv litt utanfor Vaksdal sentrum. Vegen til Boge er den gamle hovedvegen, før Bogetunnelen opna på E16. No er det kun litt lokaltrafikk på Bogevegen og ingen støy. Ovanfor Boge ligg Bogevatnet som er eit svært populært turmål. Det går veg heilt opp til vatnet, og sti videre innover fjellet. 

Trollkjelen i Vaksdal sentrum. Foto: Janne Maj Nagelsen
Trollkjelen i Vaksdal sentrum. Foto: Janne Maj Nagelsen

Der Botnavegen møter Trollkjelsvegen kan du også krysse brua over elva den andre vegen. Biletet ovanfor er tatt ved brua. Følg vegen opp til høgre og du kjem opp på platået som heiter Jamne. Dette er eit større bustadområde der ein også finn den gamle barnehagen (no ungdomsklubb) og Vaksdal Sjukeheim. Snart står det klar heilt ny Sukeheim her. Frå Jamne kan du ta vegen videre opp til det relativt nye bustadområdet på Nethovdane. Du kan også ta vegen mot Flordalen. Her svingar vegen seg krokete oppover fjellsida heilt til du kjem til toppen. Det er bustader langs heile vegen og utsikta vert betre og betre desto lenger opp du køyrer. Ved toppen av Flordalen finn du også turstien som går oppover til Jamnasåta. Eit fantastisk utsiktspunkt i seg sjølv, og eit godt utgangspunkt for turar videre oppover Bjødnafjellet eller innover Gløvret. 

Vest for Vaksdal sentrum går Botnavegen under E16 og oppover dalen mot Brualeitet. Inn til venstre kjem du til området som heiter Krekane. Her er både bustadhus og eit lite industriområde. Litt lenger bortover vegen kjem du også til idrettsplassen som har stor kunstgrasbane, Tennisbane, klubbhus og tribuner. Vaksdal idrettslag er ein av dei som brukar anlegget mykje.

Ovanfor Krekane ligg Tveitane. Her er eit stort bustadområde både på flaten, oppover fjellsidene og på haugen opp Tvesporvegen som ligg litt for seg sjølv. På Tveitane ligg Vaksdal sin barnehage. Denne er moderne og ligg fint til på flaten, godt skjerma for trafikk og støy frå hovudvegen. Uteområdet til barnehagen er også mykje brukt som leikeplass for dei små utanfor opningstida. 

Nedanfor Tveitane kan du også fylgje Sædalsvegen enda lenger oppover dalen. Her kjem du til Sædalen, eit område med grøne bakkar, gardsliv og meir spreidd bebyggelse. Det går ein skogsbilveg frå Sædalen forbi skytebana i Ardalen og opp nabodalen som heiter Herfindalen. Her er hytter og fritidsbustader. Vegen opp her er ikkje brøyta vinterstid, men det er ein svært populær turveg heile året. Frå både Sædalen og Herfindalen går det stiar til turmål lengre innover i fjella. 

Vaksdal har aktive lag og organisasjonar som Vaksdal idrettslag og Vaksdal Røde Kors (med eige klubbhus) for å nevna eit par. Sjå meir under fana for kultur og idrett. Rundt på Vaksdal er det kulturhus som Vaksdal Kyrkje, Røde Kors huset, Synken, Aktivitetshuset og Vaksdal Samfunnshall. Alle bygga er lista opp under oversikta du finn øverst på sida. 

Oppover Sædalen og Herfindalen kan du nyte naturen langt frå hus, veg og støy. Det går veg oppover og sti videre der vegen sluttar. Nederst på biletet skimtar du husa på Tveitane. 

Biletet er tatt frå Bjødnafjellet og viser Fossdalsvatnet og lia nedover mot Fossmark og fjorden. Flott fjellområde mellom Stanghelle og Vaksdal. Sola går ned bak fjella på Osterøy. 


Vintertreffet

Det største årlege arrangementet på Vaksdal er vintertreffet. Det vert arrangert av Vaksdal underhaldningslag og vintertreffet har eigen nettside HER. 

Det begynte med ein liten dans, og er no vorte utvikla til eit stort arrangement over fleire dagar med underholdning for store og små. Intensjonen og målet med festivalen er å begeistre publikum. Alle, uansett alder og kjønn, skal få ei oppleving dei vil setta pris på og som gjer nokre dagar i februarmørket til eit lyspunkt!

Festivalen strekkjer seg no over heile tre dagar, frå torsdag til laurdag. Dagane inneheld både humor og musikk, noko for dei vaksne og noko for dei små. Ein del av pakken er også marknadsdag, konferanse og bakedag. Bak desse dagane ligg det mykje arbeid og  underhaldningslaget jobbar heile tida for å gje publikum nye opplevingar og inntrykk.
Opp gjennom åra har artistar som Vestlandsfanden, Rotlaus, Dirty Deeds, Heine Totland, Rakkadeis, Stage Dolls, Frida Amundsen, Tommy Kristiansen og mange fleire vitja Vintertreffet. 

Foto: Vintertreffet facebook
Foto: Vintertreffet facebook
Foto: Vintertreffet facebook
Foto: Vintertreffet facebook
Foto: Vintertreffet facebook
Foto: Vintertreffet facebook

Kart over Vaksdal

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca