Stamnes

Der fjordane møtes

Video frå Stamnes

Kortversjonen


I sentrum har me barnehage, kyrkje, bedehus og butikk. Ved kaien er det drivstoffanlegg og gjestebryggje for besøkande. Idrettslaget har kajakkutleige på kaien. Frå Stamnes kan du med båt koma deg oppover straumane forbi Leiro og Sanden mot Vikafjorden, Straume og Bolstadfjorden. Du kan besøkje Eidsfjorden og Hesjedalsfossen, Modalen, eller nyte den fantastiske Veafjorden ut mot Stanghelle og Vaksdal.  I Sanden er det oppveksttun som inneheld 1.-7. klasse og barnehage 1-5 år. Sjølv om desse er på same plassen, så er skule og barnehage adskilt både inne og ute. Me har skuleskyss til alle som ikkje bur i Sanden. 

Me har også ungdomshus, ja faktisk to. Det eine er Frilund og ligg knappe 15. minuttars gåtur frå sentrum. Det andre ligg på Straume. 
Frå Stamnes sentrum strekkjer fantastiske Veafjorden seg heilt ut til Stanghelle. Det er video frå dette området nederst på sida. Veafjorden er ein av svært få så lange fjordar i Norge som ikkje har veg på nokon av sidene. Dei veglause gardane i fjorden, heilt ute frå Fyllingslid, soknar til Stamnesbygda. Det er ikkje lenger fastbuande i fjorden, men mest alle gardane er bebudde i feriar og om sumaren. Det har budd folk i Veafjorden heilt frå før vikingtida. På Bukkestein er det blant anna funne ei grav frå jernalderen og på Kvamme har det og vore busetnad frå vikingtida og til no.
Det er der Veafjorden møter Osterfjorden og Bolstadstraumen, du finn Stamnes sentrum. Stamnes har også ei ega lita nettside som er laga av liv og lyst Stamnes. Den finn du HER.  



Fullversjonen

Stamnes er ei koseleg, aktiv og langstrakt bygd i Vaksdal med alle fasilitetar. Stamnes kan nåast med bil frå fv569 som startar ved Dalseid, via fv569 frå Modalen eller frå Eksingedalen. Eventuelt sjøvegen, frå alle kantar. Det er omtrent 15 minutt med bil frå Stamnes sentrum til E16 ved Dalseid. Me reknar Stamnes som omtrent frå Kaland i nord til Dæmring i syd. Mellom desse ligg plassar som Leiro, Sanden, Vik og Struame. Me har området Kallestad til Toskedalen som ligg på Osterøy, ca 20 min med bil frå sentrum. Hesjedalen og Øyane finn du etter ca 10 min med bil nordover frå fv 569 ved Vikaståa. 

Dæmring og Straume er dei første plassane som møter deg når du fylgjer fv569 innover mot Stamnes. Du veit du er komen til Straume når du ser den karakteristiske brua over Bolstadstraumen. På biletet ser du Dalseid i det fjerne og vegen mot Stamnes langs Bolstadfjorden nede til høgre.  Dersom du tar til venstre før brua, så kjem du til området som heiter Dæmring. Dette er ei halvøy med grøne bakkar og einebustader. Frå busstoppet ved Dæmring går det også merka sti bort til skipshelleren. Dette er ein 7000 år gamal steinalderbustad som no er fint tillaga med bålplass, utedo, benkar og tak over hovudet. BOF har ansvar for friluftsområdet saman med Vaksdal kommune som leiger området frå grunneigarane for bruk til undervisning og friluftsområde. Her er også kai om du vil koma sjøvegen. Skipshelleren er ein del av Straume landskapsmuseum. I området finn du også dragebryggja, naustrekkja på straume, skulemuseet og kallestadstova. Les gjerne meir på digitalt museum.   

Over brua, så kjem du frå Dæmring og over til Straume. Straume er eit ope område med einebustader og gardar med grøne bakkar og husdyrhald. Ute i fjorden ligg Gulløyna og Høymålagran. Opp straumen her er den berømte Vossalaksen sin vandringsveg mot Vosso.  Frå Straume kan du også gå innover dyvikavegen mot Dyvik. Ein fin turveg, men også utgangspunkt for turar til eksempelvis Husafjellet eller Tjødnabotn. Oppe ved gardane på Straume går det skogsveg innover dalen. Vegen går forbi Slåttøyane, via Nesatreet og til brua ved Krossnes i Straumsdalen. Herfrå er det kort veg til Straumsstølen og videre til Dyvikastølen. Slåttøyane er også eit svært flott naturområde, spesielt for små born sidan det er så flatt og lett tilgjengeleg. Her er elv, bademoglegheiter, lavvo på sumaren og fisk i vatnet. Bålplass ved Djupavatnet. Frå skogsvegen frå Straume kan du også gå opp til Storenipa, ein plass som gjev utsikt over heile nærområdet.  


Frå Straume går fylkesvegen videre mot Vikaståa. Ta av til høgre og vegen går forbi garden i Vik, oppover mot Lunde, og ned igjen til Øyane, elvane og Vikavatnet. Du kan også fortsetja opp til Hesjedalen om du ynskjer det. I Øyane og Hesjedalen finn du gardar, nokon einebustader og mykje flott natur. Frå Hesjedalen kan du gå til Hesjedalsnovene og mot Hesjedalsstølen. Nede i Øyane er både Vikavatnet og elvane eit område som er brukt til skøyter og leik på isen i vinterhalvåret. Svært populært for både familiar, eldre og unge. No er du i området til det verna Hesjedalsvassdraget, som endar ved Hesjedalsfossen nokon vatn og elvestryk lenger nede. I øyane er også Kattahølen, ein av badeplassane i Stamnesområdet som er veldig populær på sumaren. Her renn vatnet frå Øyadalen forbi.  Frå Øyane kan du gå til Slåttøyane og Straumsdalen, eller oppover Øyadalen. Øyadalen er ein fantastisk urørt dal der du går i botn av dalen langs elva og langs vatn. Det er godt merka tursti opp gjennom heile dalen. Ved Tresvatnet ligg bygdehytta, ei hytte alle som ynskjer kan låna rimeleg og overnatta i. Perfekt for dei som vil prøva hyttelivet utan å ha eigen hytte. Ved bygdehytta er det bål\grillplass, kano, fiskemoglegheiter og fine turområder. Lenger oppover er Gavastølen, og du kan gå mot Hesjedalsstølen, Idlebruna eller innover storfjellet mot Eidsland eller Bolstad. Fantastiske områder for både jakt og anna friluftsliv.  

Tilbake til fylkesvegen; etter Vikaståa kjem du ganske raskt til Sanden. Her ligg Stamnes skule og oppveksttun. Her er barnehage for aldersgruppe 1-5 år og skule frå 1 til 7 klasse. Skulen har vore bygd på ved fleire høve, og vår\sumar i 2021 stod oppveksttunet klart. Les meir om dette under fana for oppvekst øverst på sida. Oppveksttunet har leikeplassar, ny barnehagedel, fotballbane og eigen SFO del. Skulen er også hyppig i bruk av bygdefolket, eksempelvis med treningar og ballspel i gymsalen, musikkøvingar inne i landskapet og 17-mai feiring på uteområdet. På biletet under ser du skulebygget i brunt. Biletet er tatt før oppveksttunet stod klart. 

Rett etter sanden ser du ei lita bru til venstre. Den går over til Feta, der det er nokre einebustader og naust. Fetahaugen som ligg rett bak er også hyppig i bruk som tur og aktivitetsområde for skulen. Lengst borte her er Kvednhusdalen, ei lita vik der det er populært med bading i sjøen sumarstid.
Nokon svingar lenger framme på fylkesvegen er Leiro. Her er det bustader frå sjøen og heilt opp på flaten. Det er store grøne bakkar og fleire gardar i området. Vegen opp til Leiro er ein blindveg, men du kan gå til fots over flaten og ned til Stamnes sentrum. Det er også skogsveg oppover i retning Stamnesfjellet der du kan gå til Geithaugen og Tjødnane eller den merka stien videre oppover mot Middagshaugen og resten av Stamnesfjellet. Området ved Tjødnane vert gjerne brukt som skøyteområde vinterstid. Heile vegen rundt frå skogsvegen og til Geithaugen er det sett ut mange dyrefigurar i tre, til stor glede for dei litt yngre som er med på tur. Like ved skogsvegen er det også ein stor gapahuk og bålpanne som er laga av Stamnes idrettslag.  Gapahuken er eit fint kort turmål for dei yngste. Gapahuken har benkar, bålpanne og gjer tak over hovudet. 

Fylgjer du vegen lenger innover frå Leiro, så kjem du til Stamnes sentrum. I sentrum er det daglegvarebutikk - Joker. Her er det lange åpningstider og hyggelege ansatte. Ved kaien går det rutebåt til dei veglause gardane som ligg rundt i området. Eksempelvis Bukkestein, Vedå, Mellesdalen og Elvik. På kaien i sentrum er det også kajakk til utleige i regi av Stamnes idrettslag. Flott moglegheit til å koma seg ut på sjøen og sjå nærområdet med eigne auger. Idrettslaget arrangerer kurs og opplæring til dei som ikkje har dette frå før.
Vegen oppover frå Sentrum går til allaktivitetshuset ved Grupa, til bedehuset og Stamnes kyrkje. I Stamnes sentrum er det einebustader, eldrebustader med leiligheter frå Vaksdal kommune, og eit leilighetsbygg med sjølveigarleiligheter. Det er også nokon fritidsbustader i området. Heilt til venstre i biletet under ser du grendahuset Frilund. 


Allaktivitetshuset er ein lågterskel møteplass. Eit møtepunkt for alle i bygda, gamal som ung. Her er konsertar, brettspelkveld, kafè, yoga, juleverkstad etc. Huset kan lånast for dei som ynskjer og det er faste opningstider kvar veke utanom dette. Kom og møt dei lokale!

Lenger innover fylkesvegen passerer du neset  "Hydno", og kjem snart til tunnelen ved Skuggeberget. Her går det ein veg oppover til høgre, vegen opp til Grendahuset Frilund. Dette er eit grendahus i veldig god stand som er eigd av Stamnes bygdalag. Huset har stor sal i 2 etg og mindre sal nede i kjellaren. Det er fleire toalett og stort fullt utstyrt kjøkken. I 2 etg er det lydanlegg, lys og scene. Huset er i bruk til eksempelvis quiz, revyar, dans, 17.Mai, og utleige for private festlege lag - stort eller smått.  

Etter du har kjørt gjennom tunnelen ved skuggeberget kjem du snart til Otterstadneset. Dette er eit bustadfelt på oppsida av vegen som består av einebustader. Her er også tilgjengeleg nokon ledige tomter øverst i feltet. Frå Otterstadneset er det også skogsveg oppover og tilgang på heile området ved Stamnesfjellet og Geithaugen.  Det er den same vegen som kjem ned igjen ved Leiro. 

Nokon hundre meter videre innover fylkesvegen kjem du til eit kryss. Dersom du held til høgre i dette krysset vil du koma over Kallestadsundet bru. Første til høgre og du køyrer under brua på osterøysida og bortover vegen til Kallestad. Dette er ein blindveg som sluttar ein liten kilometer lengre borte. Langs vegen er det einebustader med god avstand mellom seg. Her er privat eigd grunn heile vegen, men i reguleringsplanen ynskjer kommunen seg fleire bustader i området. Her har du god utsikt over sundet og Veafjorden heilt til Stanghelle. Roleg område med lite trafikk og flott for familiar med små born.  På biletet under ser du Kallestadsundet bru nederst, Otterstadneset på venstre side, Kallestad på høgre side og Veafjorden mot Stanghelle i midten. 

Dersom du held rett fram over brua og fortset innover Toskedalsvegen kjem du snart til "Oljeberget" på folkemunne. Eit bustadfelt med einebustader på oppsida av vegen. Her er også moglegheit for fleire tomter.  Lenger innover passerer du områda Helleren, Gammersvik og Grøsvik før du endar opp i Toskedalen. I Toskedalen er det gardar og einebustader. Toskedalsvatnet ligg på nedsida av vegen, ein populær plass for bading om sumaren. Rett før Toskedalen er også skytebana til det lokale skyttarlaget, Nordgrend skyttarlag. Denne er aktivt i bruk frå vår til haust, med både trening til storviltjakta, feltskyting\stevner og eigne skytingar med miniatyr og på leirduer for ungdom\rekrutt.  Du finn laget i lagsoversikta. 

Tilbake til krysset før brua. Dersom du fylgjer fylkesvegen videre innover, vil du etter kvart koma til Kaland. Her er hovudsakleg einebustader, utanom området ved haugen som heiter Kalandsklubben. Dette er eit relativt stort område ut mot fjorden med mange hytter\frtidsbustader. Mykje i bruk heile året frå personar både innad i kommunen og utanbygds. Etter Kaland tek det ikkje lang tid før du ser Hesjedalsfossen på høgre side. Her er parkering og rasteplass for dei som vil ta seg ein pause og sjå nærare på fossen. Rett før fossen, går det også ein merka sti oppover lia. Denne stien går langs heile det verna Hesjedalsvassdraget og er ein flott tur. Du vil først koma til Holavatnet, så Kvednhushølen, Sannavatnet\Midtvatnet før du kjem til Vikavatnet. Her møter du også vegen i Øyane før du evt går videre oppover Øyadalen. Undervegs er det moglegheiter for fiske eller å ta seg ein dukkert i et av vatna. 

Dersom du køyrer du videre innover, kjem du til neste bygd på lista som er Eidslandet.  

I stamnes er det mange aktive lag og organisasjonar. Eksempelvis Stamnes idrettslag, bygdalaget og korpset Blanke Messingen. Fritidstilbod vil variera frå år til år, så ta kontakt ved spørsmål. Mange reiser også til Dale for å finna fotballag og andre tilbod som akkurat no ikkje er på Stamnes. 


Avslutningsvis er ein film av Veafjorden. Den strekkjer seg frå Stamnes og til Stanghelle. Kva med ein spasertur eller padletur i desse majestetiske omgjevnadane?


Velkomen til Stamnes !

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca