Idrett og friluftsanlegg

Idrettsanlegg

Det er små og store anlegg spreidd over heile kommunen. Du vil finna noko nær di bygd, men kan sjølvsagt også bruke anlegga du måtte ynskje i heile kommunen. 


Ballbingar: Det er ballbinge på Vaksdal, Stamnes og Dale. Desse er ein del av tilbodet til barn og unge i skuletida, men kan også brukast på fritida for alle som ynskjer det. 

Eksingedalen nermiljøanlegg:  På Bergo er det  7-ar fotballbane med grusdekke og lysløype. 

Geitabakken sentralidretsanlegg: Du finn Geitabakken ved å fylgje vegen nedover langs elva frå Dale sentrum. Geitabakken har fotballbane med kunstgras ,naturgrasbane og løpebane. Det er igangsatt arbeid med å rusta opp heile anlegget. Sjå skisse under.  

Kajakkanlegg: Både Stamnes og Stanghelle idrettslag leiger ut kajakk for ein rimeleg penge. Idrettslaga kan bistå med naudsynt opplæring og har også periodevis arrangerte turar og kurs. På Stamnes finn du kajakkane ved gjestebryggja i sentrum, mens på Stanghelle er dei i litlevika ved flytebryggja. Tørrdrakter, redningsvestar og tryggleiksutstyr kan leigast etter avtale. Trykk HER for meir informasjon om Litlevika friluftsområde. Trykk HER og HER for turkort frå Stanghelle til Dalevågen og Veafjorden. 

Kajakktur i Stamnes. Foto: Torbjørn Rørvik
Kajakktur i Stamnes. Foto: Torbjørn Rørvik
Kajakktur frå Stanghelle. Foto: BOF
Kajakktur frå Stanghelle. Foto: BOF

Treningssenter: I Dale sentrum finn du treningssenteret NEXT. Dette opna i 2022 og held til i det gamle bankbygget i sentrum, i etasjen ovanfor spar. Meir informasjon på facebooksida deira HER. 

Skileikanlegg/Lysløype:  På Lid i Bergsdalen er det skileikanlegg ved den gamle skulen. Her er det mykje aktivitet gjennom vinteren med blant anna preparerte løyper og lysløype. Det er også gode akebakkar for born. Sidan Bergsdalen ligg litt opp i høgden, er det normalt gode forhold og lang sesong for vinterleik. Det er også lysløype på Bergo i Eksingedalen. 
Sjekk gjerne ut bilder og finn meir informasjon på skileikanlegget si facebookside ved å trykke HER. 

Foto: Skileikanlegget i Bergsdalen si facebookside
Foto: Skileikanlegget i Bergsdalen si facebookside

 Motocrossbane: Det er bane i Geitabotn, som ligg mellom Dalseid og Straume langs FV569. Det har vore aktiv bruk tidlegare, men det er ikkje aktivitet no. Bana ligg der om nokon ynskjer å starta slik aktivitet igjen. 

Foto: Nordgrend Skyttarlag
Foto: Nordgrend Skyttarlag

Skytebaner: Jakt og friluftsliv er populært i Vaksdal, og det er heile 4 skytebaner i kommunen som er i aktiv bruk. 

Toskedalen: Nordgrend skyttarlag si bane.  Følg Toskedalsvegen innover frå Kallestadsundet bru, og du kjem til skytebana på høgre side av vegen rett før Toskedalsvatnet. Bana har klubbhus, 100m bane og ei lita leirduebane. Det er hovedsakleg rifleskyting som skjer på bana, men det vert også arrangert miniatyrskyting og leirdueskyting for born og ungdom.

Eidsland: Vaksdal\Modalen skyttarlag si bane med springande elg, 100m og 200m bane og elektronisk anvisning. Her er både treningsskyting og konkurransar. 

Nordalen: Dale JFL si bane. Dette er ei bane for leirdueskyting. Det vert arrangert stevner og konkurranse, men mesteparten av skytinga er for moro og trening til småviltjakta. Bana ligg ovanfor Shell og BIR stasjonen på Dalegarden. 

Ardalen: Her er bana til Vaksdal Sportsskytterklubb. Du finn denne ved å køyre mot Sædalen frå Vaksdal, og ta til høgre inn Herfindalsvegen. Dette er ei bane kun for pistolskyting\kortholdsbane. 

Stanghelle aktivitetspark: Her finn du BMX-bane, skatepark, leikeapparat og sandvolleyballbane.  Stanghelle aktivitetspark har eigen facebookside du finn ved å trykka HER.  Aktivitetsparken er lokalisert ved skulen på Stanghelle øst. 

Foto: Stanghelle aktivitetspark facebook
Foto: Stanghelle aktivitetspark facebook
Foto: Vaksdalposten
Foto: Vaksdalposten

Symjehall - Dale Folkebad er lokalisert på Dale skule, i Dale sentrum. Symjehallen stod klar i 2020 og har 25m basseng. Bassenget er i bruk som opplæringsbasseng for skulane, men er også ope for innbyggjarar utenom skuletid. 
Trykk HER for å sjå prisar på Vaksdal Kommune sine nettsider.

Tennisbane:  Det er utandørs tennisbaner på idrettsplassen på Vaksdal, og ved Gåsedammen på Dale. Desse kan brukast etter avtale med lokalt idrettslag.

Turbinen Fleirbrukshall: Hallen består av ein idrettshall med speleflate for handballkampar. Her er også merka og utstyrt for basketball, volleyball og badminton. Hallen kan delast i tre med skiljeveggar ved behov. Hallen har scene og lydanlegg. Det er fire ordinære garderobar og to mindre dommar-/instruktørgarderobar. I samband med inngangspartiet er det kjøkken og kafeområde.

I andre etasje er det eit godt utstyrt styrkerom som er ope for alle over 16 år. Ynskjer du treningsmedlemskap, klikk her. I same etasje er det også eit rom med spinningsyklar. Dette kan leigast av grupper. Det er ein garderobe med dusj i denne etasjen.

I tredje etasje er det eit sosialrom med prosjektør, lerret, og lydanlegg med teleslyngje. Dette rommet eignar seg godt for kurs, men kan også brukast til konfirmasjonar, runde dagar eller andre selskap.
Meir informasjon, prisar og opningstider finn du på på Vaksdal Kommune sine nettsider ved å trykke HER. 

Vaksdal idrettspark:  

Foto: Vaksdal idrettslag
Foto: Vaksdal idrettslag

Vaksdal idrettspark har fotballbaner med tribune (kunstgras med gummispon) og tennisbane. Anlegget er i bruk av Vaksdal idrettslag og andre i bygda utanfor oppsette treningar. Anlegget har flombelysning og kan brukast heile året. 

Friluftsanlegg

Elveparken i Sandliane på Dale: Her er det jungelløype, hundepark, og bord\benker i stein. Fint område og turmål for store og små.  (Dale, jungelløype, hundepark, bord og benkar i stein)  

Landskapsmuseet og Skipshelleren: 
Lokalisert på Straume \ Stamnes. I området finn du steinalderbustaden skipshelleren, skulemusèet, kallestadstova, den verna naustrekkja frå 1800-talet i grindverksbygg, dragebryggja, sandtak og laksegiljer. 
Skipshelleren er sjølve "flaggskipet" i landskapsmuséet. Helleren ligg på vestsida av straumen og har tilkomst med båt frå fjorden eller med sti frå busstoppet ved Demring. Dette var fangst og buplass i steinalderen, for 7000 år sidan. I området er det informasjonstavler, toalett, bålplass og kai. Skipshelleren har eigen nettside du finn ved å trykka HER.  Les også i kulturhistorisk vegbok HER.  Skipshelleren er verd eit besøk anten du er liten eller stor, og ein kan gjerne bruke mange timar der ein klatrar i helleren, grillar på bålplassen og leikar i terrenget rundt. 
BOF har også ei side med kart og litt informasjon om skipshelleren, HER. 
Du kan sjå bilder frå skulemusèet og finna ut meir om straume ved å besøkje digitalt museum på nett. Trykk HER. 
Det er mogleg å få seg guida omvising på laksegilje i Stamnes. Sjekk ut bygdasjarm HER. 

I videoen under kan du sjå korleis ein dag i skipshelleren kan vere. 

Parken på Dale: I  Holhovden på Dale er det tillaga park med benkar og grøntanlegg. Ta gjerne turen opp Holhovdvegen frå Dale skule. 

Småbrekke villmarksleir: På Småbrekke i Bergsdalen vert det kvart år arrangert villmarksleir på seinsumaren. Småbrekke er eit eldorado for born, og ein kan forventa aktivitetar som:  overnatting i telt/lavvo, fiske, grilling, båt, kanopadling, bading, gardsdrift, dyr, fjellklatring, fjellturar, bogeskyting, kos rundt bålet, brettspel og meir. Leiren er svært populær og deltakarane er kvar år svært nøgde. 

Håvard Bergo \ Sveinung Klyve har laga ein liten video frå delar av villmarksleiren på småbrekke i 2016, som du kan sjå under. 

Truck Vaksdal: Eventyrpark med jungelløype, leikehytte, bord og benkar. Sjekk gjerne ut facebooksida for meir bilder og informasjon. Trykk HER

Leikeanlegg: Det er også store leikeplassar for born og unge tilknytta skular og barnehagar som kan nyttast utanfor opningstidene. Tildømes Her ved Dale Barne og Ungdomsskule

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca