Idrett \ Kultur

Her finn du lag og organisasjonar i Vaksdal



Kulturlivet i Vaksdal kommune 

Vaksdal kommune har eit rikt og levande organisasjonsliv. Det er idrettslag, song- og musikklag, Røde Kors, historielag, husflidlag, pensjonistlag, diverse kristelege foreningar for alle aldersgrupper. Den totale lagsoversikta er over 70 lag\organisasjonar. 


Kommunen driv aktivt kulturarbeid gjennom kulturskulen og folkebiblioteket, tilrettelegg for aktivitetar innanfor den kulturelle skulesekken, den kulturelle spaserstokken og arrangerer årleg ungdommens kulturmønstring og villmarksleir for born og unge. Kommunen støttar også lag og organisasjonar gjennom ulike tilskotsordningar. Til dømes tilskot til ålment kulturarbeid, idrettslag, song og musikklag, barne og ungdomsarbeid, kjøp av korpsinstrument, og gjev kvart år ut kulturstipend og kulturpris. 


Vaksdal Kommune har også større arrangement i regi av organisasjonslivet. Til dømes Vintertreffet, Bygdedagar i Bergsdalen, Kulturdagar med fiskefestival på Stamnes, Eksingedalsmarknad, Vertshuscup i fotball og Daledagane. Dette er samarbeidsprosjekt mellom kommune, lag/organisasjonar og næringslivet. Den sentrale plasseringa av kommunen, mellom Bergen og Voss, gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Her er noko for ein kvar smak og alle aldersgrupper. 


Daledagane mat & kulturfest er det største kulturarrangementet i Vaksdal kommune og feira 30 år i 2015. Dagane går av stabelene fyrste helga i juni. Dette er også eit samarbeid mellom kultur, frivillige, næringsliv og kommunen. Daledagane er blitt eit viktig arrangement for kulturlivet i kommunen, då det gjev alle som driv med kultur moglegheit til å få vist eit større publikum kva ein driv med. Daledagane er festdagar for lokalbefolkning og tilreisande. Eit av varemerka er dei mange utflytta sambygdingane som nyttar daledagane til å vitja heimbygda. Dette er dagane då amatørar og profesjonelle kulturformidlarar drar lasset ilag. Aktivitetar for born, standar, utstillingar, mat, konsertar etc. er ting ein kan oppleva på Daledagne. 

Veteranbiltreff under Daledagane
Veteranbiltreff under Daledagane

Vintertreffet vert arrangert kvart år av Vaksdal Underhaldningslag. Dette er ein festival som strekker seg over tre dagar, frå torsdag til laurdag. Dagane inneheld både humor og musikk, noko for dei vaksne og noko for dei små. Ein del av pakka er også marknadsdag, konferanse og bakedag.

Bygdedag i Bergsdalen vert arrangert kvart år ved skulen i Bergsdalen. Bygdadagen inneheld kulturinnslag av ymse slag, standar, aktivitetar for born og unge og mykje god mat og drikke. Dagen vert avslutta med dans på Bergsdalstunet.

Kulturdager på Stamnes med fiskefestival, motbakkeløp og mykje meir, vert arrangert kvart år på Stamnes.

Eksingedalsmarknad på Lavik vert arrangert annakvart år. Marknaden er eit møtepunkt for eksingedølar og andre. Arrangør tilrettelegg for salsboder med handverk, lokalprodusert mat og kulturinnslag av ymse slag.

Klikk deg rundt på sida og lær meir. Du vil finna lenker og kontaktinformasjon til alle lag og arrangørar. 



Kulturplan

Vaksdal har utarbeidd ein kulturplan. Den inneheld detaljert informasjon om det meste av kulturlivet i Vaksdal og er anbefalt lesing for den som vil vita meir. 

Trykk her for å koma direkte til pdf utgåve av kulturplanen