Dale

Bygda mellom fjella

Dale Stasjon. Bente Boge
Dale Stasjon. Bente Boge

Dale er bygda mellom fjella. Nokon kallar det nokså beskrivande for "Dalegryta". Kommunesenteret ligg fint omkrinsa av fjell på alle kantar.
Frå Dale har du kort veg til dei fleste andre bygder i kommunen. Dale har togstasjon der du kan reisa mot Vaksdal og Bergen eller mot Voss og Oslo. Reisetida frå Dale er omlag 35 minutt til voss og 40-45 minutt til Bergen. Hovudvegen E16 går også rett forbi.
Frå sentrum kan du ta Bergsdalsvegen 10 minutt oppover dalen mot demningen ved Storefossen. Herfrå vil heile den lange Bergsdalen byrja å by på seg sjølv. Sørover frå Dale kjem du mot Stanghelle, Nordover kjem du mot Stamnes og Eksingedalen.

Biletet viser Dale sentrum og er tatt frå turstien opp til Dalestølen. Til høgre er inn mot skyttarplassen. Nederst ser du fabrikkbygningane, og oppe til venstre går hovudvegen og jernbanen. Forbi hjørnet nede til venstre er vegen mot Dalegarden, mens opp til Dale der sentrum sluttar, er vegen mot Stamnes eller Voss. 

Dale sentrum sett frå Kvamsnova. Dette er fjellet nedanfor Dystingen. Her kan du sjå frå sentrum, nedover elva mot Geitabakken og nesten til Dalevågen. 

Heradshuset
Heradshuset

Dersom du ynskjer å besøkja innbyggjarservice eller andre tilbod ved Heradshuset i kommunen, så finn du dette i Dale sentrum. Sjå fana for kontakt øverst på sida for å finna ut meir om opningstider, kart og kontaktinformasjon.  Biletet viser heradshuset. 

Dale har stor moderne skule som stod klar i 2020. Her er både barneskule 1-7 klasse og ungdomstrinn 8-10 klasse. Skulen har stort opparbeida uteområde med nye leikeapparat. Det er eigne uteområder for ungdomsskule og barneskule på forskjellige sider av skulen.  Skulen har 25m symjebasseng, kultursal og bibliotek. Alt med universell utforming. På denne skulen har elevar og lærarar alt dei treng for å møta framtida.
Barnehagen på Dale ligg like ved kyrkja og har born frå 3-5 år. Les gjerne meir om skule og barnehage under fana for oppvekst. Dale barnehage har 2 avdelingar.


I Dale sentrum er det gågate med eit utval butikkar. Det er 2 større daglegvarebutikkar, Spar og Coop Extra. Desse er opne kvar dag heile veka. Du finn også treningssenter, kafè, blomebutikk, frisør, fast food, jernvarehandel, apotek, kiropraktor, bruktbutikken Fryd og meir. Legekontor og helsestasjon er lokalisert i heradshuset. I sentrum finn du også omsorgsbustader og helsehuset.  

Vinter i Gågata. Janne Maj Nagelsen
Vinter i Gågata. Janne Maj Nagelsen

Nedover vegen sør for sentrum passerer du bedehuset og den godt kjente lokalbedrifta Dale of Norway.  Lenger ned vegen treff du på Daleelva. Ei svært god lakseelv som vert godt ivareteken av Dale Jakt og fiskarlag. Eit aktivt lag med mange og dyktige medlemmar. Langs elva er det tilrettelagd med fiskeskur ved alle hølane. Kontakt dale JFL for fiskekort. Du finn dei i oversikta over lag og organisasjonar øverst på sida.  

Når du kryssar brua over Daleelva ser du turbinen, Vaksdal kommune sin fleirbrukshall. Her er stor gymsal som kan delast inn i soner. Det er også møterom, kjøkken, styrketreningsrom, fysioterapeut, og kontorlokaler. Hallen er hyppig brukt av både idrettslag, skulen, bygdefolk som berre vil trena for seg sjølv, og til møtevirksomhet som til dømes kommunestyremøter.   

Illustrasjon, nye Geitabakken
Illustrasjon, nye Geitabakken

Enda lenger nedover vegen langs daleelva kjem du til Geitabakken. Dette er idrettsplass med løpebane, fotballbane og klubbhus. Dale idrettslag er ein av dei som har sine fotballtreningar her. Det er planlagd ei støre opprusting av anlegget i nær framtid. Frå Geitabakken går det turveg videre nedover langs elva heilt til elva renn ut i sjøen ved Dalevågen.  

På motsatt side av elva finn du Elvahuset og Vaksdal kommune si bueining for funksjonshemma, Elvevegen. Eit koseleg område med eigen gate og hus med leiligheter som brukarane sjølv disponerer. 

Videre nedover Dalevegen kjem du til Dalegarden. Dette er det same området du møter dersom du køyrer forbi Dale sentrum på E16 og gjennom Beitlatunnelen. Området er hovudsakleg regulert til industri. Her er bedrifter som Arnpro, Dale bil, Dale trelast, Dale trafikksenter, Dale outlet og cafe og fleire andre. Her er også ledig næringsareal for dei som ynskjer å etablera seg. Kontakt gjerne Vaksdal næringsselskap for informasjon om det. Forbi Dalegarden går E16 med opp mot 10.000 bilar i døgeret og jernbana like ved.  

Frå Dalegarden går Nordalen på oppsida av vegen. Her finn du BIR og Dale JFL si skytebane. Dette er ei leirduebane for haglgevær. Det er faste skytingar frå våren og utover sumaren mot hausten kvart år. Hovedsakleg treningsskyting for småviltjakta, men også stevner og konkurransar vert arrangert her.  Kontakt Dale JFL for informasjon. 

Leirduebana i Nordalen. Harald Lyngmo
Leirduebana i Nordalen. Harald Lyngmo


Frå Dalegarden går også den gamle vegen langs Dalevågen til Helle og Stanghelle. Denne vert brukt som omkøyringsveg ved behov, men stort sett er den ein populær tur og sykkelveg som knyter Dale og Stanghelle saman utan at ein må nytta hovudvegen. 

Gamlevegen. Fotograf Trond Erik Brekke
Gamlevegen. Fotograf Trond Erik Brekke


I videoen under kan du sjå fiskesoner i Dale-elva og skytebana i Norddalen

På Dale er det både leilighetsbygg, einebustader, to\fleirmannsbustader og rekkehus. Det er bebyggelse rundt i heile sentrum, nordover Dalseiddalen til Dalseid og sørover på begge sider av elva med Eikhaugen og Hestavollen. Østover gjennom tunnelen i sentrum finn du Skyttarplassen der det også er variert bebyggelse med fleirmannsbustader og einebustader. Om du fylgjer Bergsdalsvegen videre herfrå, kjem du opp til Storefossen og Bergsdalen.  

Kveldsutsikt frå Dalseid mot Stamnes. Bente Boge
Kveldsutsikt frå Dalseid mot Stamnes. Bente Boge


Dale har kulturhus som forsamlingshuset, Dale kyrkje, Dale bedehus, turbinen fleirbrukshall, og kultursalen på ny Dale skule. Det er fleire store leikeplassar og uteområder for born, eksempelvis utanfor turbinen og utanfor Dale skule.  Du finn meir informasjon om alle desse under fana kultur\idrett øverst. 


Revebrua ved Daleelva. Bente Boge
Revebrua ved Daleelva. Bente Boge

Det fins mange moglegheiter for turar og friluftsliv med Dale som utgangspunkt. Frå sentrum kan du gå til Skyttarplassen, over hengebrua og opp stien mot Dalestølen. Dette er ein tur bratt oppover på ca 1 time og du får fantastisk utsikt over bygda på toppen. Frå Dalestølen kan du gå videre mot Bergsdalsfjella eller mot Fossmark, Stanghelle, Helle eller Vaksdal.
Opp Bergsdalsvegen og over demningen ved Storefossen er også ei populær rute. Her går det også turveg innover fjella og du kan velje å gå ned i den bygda du ynskjer. Alternativt kan du fortsetje på Bergsdalsvegen litt innover til du møter kraftstasjonen på Fosse. Herifrå går det merka sti opp til den 999m høge Dystingen, der du får panoramautsikt i alle retningar.
Nede frå sentrum er også kortare ruter, eksempelvis over hovudvegen og opp til Nordalsvatnet. Det er også merka veg frå Dalegarden og innover mot Krokavatnet og fjellområda ved Veafjorden. Få meir detaljerte turtips ved å lesa under fana for friluftsliv.  Sjekk også Vaksdal turlag. 


Dale har aktive lag og organisasjonar for ein kvar smak. Dersom du ynskjer å drive med idrett, musikk, jakt\friluftsliv eller noko anna, sjekk fana for idrett\kultur øverst. Der er beskrivelsar over mykje, og kontaktinformasjon til der du kan finna ut meir. Her er noko for alle. 



Daledagane

Foto: Daledagane facebook
Foto: Daledagane facebook

Kvart år vert Daledagane arrangerte i sentrum. Dette er eit kultur- og næringslivsarrangement  for heile kommunen. Daledagane er eit stort arrangement med yrande folkeliv og deltakarar frå heile Vaksdal. Det er også mange tilreisande frå andre kommunar, og dei som har flytta vekk kjem gjerne på besøk til gamlekommunen sin desse dagane. Daledagane er ein arena for det frivillige lag og organisasjonsliv, song og musikklag, idrettsaktivitetar og det lokale næringslivet. Under Daledagane er det marknad og stands, kulturinnslag, diskotek for unge, show, utescene, konsertar og mykje meir. Daledagane er ein av dei store årlege opplevingane i Vaksdal kommune. Les gjerne meir om Daledagane på facebooksida deira HER. 

Foto: Daledagane facebook
Foto: Daledagane facebook
Foto: Daledagane facebook
Foto: Daledagane facebook

Nokre fleire bilder frå Dale

Beitelen på Dale i Nordlys. Bente Boge
Beitelen på Dale i Nordlys. Bente Boge
Dale frå Norafjellet. Bente Boge
Dale frå Norafjellet. Bente Boge
Langs Daleelva på vinteren. Bente Boge
Langs Daleelva på vinteren. Bente Boge
Dale frå fjella bak skyttarplassen. Fotograf Trond Erik Brekke
Dale frå fjella bak skyttarplassen. Fotograf Trond Erik Brekke

Velkomen til Dale!


Kart over Dale

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca