Eidslandet

Bygda innerst i Eidsfjorden

Video av Eidslandet

Eidslandet ligg innerst i Eidsfjorden, mellom Eksingedalen og Stamnes. Du kan koma til Eidslandet ved å fylgje fylkevegen forbi Stamnes og inn til Fjorden sluttar. Andre vegen kjem du til Eidslandet ved å køyra ned dalen frå anten Modalen eller Eksingedalen. Under kan du sjå Eidsfjorden gå innover midt i biletet med Stamnesfjellet på høgre side. Dette biletet er tatt frå Kallestad på Osterøysida. 

Eidslandet er ei lita og roleg bygd med god avstand mellom husa. Du finn kyrkja på Eidsland saman med billaget og nokre hus ute på ei lita halvøy sør i bygda, rett før fjorden tar slutt.  

Litt lenger inn Eidslandsvegen så kjem du til Sentrum. Her er det gamle skule og barnehagebygget, nokre einebustader og det gamle butikkbygget nede på kaien. Det går også ein veg innover mot Myster. Innover vegen mot myster Kryssar du brua over elva Ekso. Elva er ei lakseelv som har sitt opphav langt oppe i Eksingedalen, før den renn ut i Eidsfjorden ved Eidsland. 

Foto: Bjørn Arvid Ekse
Foto: Bjørn Arvid Ekse

Rett over brua vil du sjå Eidsland grendahus til venstre. Huset er ivareteke av grendalaget og er i bruk til samankomstar som 17 mai, basar, konsertar og private festlege lag som bryllaup og konfirmasjon. 

Litt lenger inn finn du Eidsland passerer du Eidsland si fotballbane til venstre medan vegen går heilt opp til Myster. Her er gardar og einebustader. Du finn også parkeringsplass der du kan setja bilen din mot betaling om du vil bruka fjellområda i nærleiken. Det går merka sti frå Eidsland til Leiro. Ein fjellgard utan veg som ligg ca 40 minutt gange oppover. Leiro ligg ved Leirovatnet og du finn også Mysterstølen her oppe. 

Frå Leiro kan du gå innover Steinsedalen, ned til Gavastølen og til Stamnes, eller lenger opp i Storfjellet på tur og ned i ei anna bygd. Flott tur, flott jaktområde, og nokon fiskevatn er det også. Det er sjølvsagt også mange andre vegar å gå enn opp til Leiro. Trykk deg gjennom bildekarusellen under for å sjå meir av området rundt Eidslandet. Alle foto i bildekarusellen under er tatt av Bjørn Arvid Ekse som bur på Myster. 

Tilbake til Eidslandsvegen; køyrer du lenger oppover dalen passerer du dei siste husa på Eidslandet litt lenger oppe, før du tar fatt på Eksingedalen. Vegen går oppover langs elva, som også har fine badeplassar. Spesielt på slutten rett før Modalstunnelen. 
Det er omlag 7km frå Eidslandet til du kjem til krysset ved modalstunnelen. Køyrer du til venstre og inn i tunnelen, så kjem du til nabodalen og Mo sentrum. Fortset du opp dalen, så kjem du oppover Eksingedalen. 

Sidan Eidslandet er omlag like langt frå både Dale og Mo, har Eidslandet også sterk tilknyting til Mo og Modalen. Mange på Eidsland benyttar seg av bryggjeslottet, og andre tilbod i Modalen istadenfor i Vaksdal kommune. Mo er kommunesentrum i nabokommunen der du finn bryggjeslottet fleirbrukshus, daglegvarer, kafè og mykje meir. 


Nokon vintrar er det trygg is på Eidsfjorden, til stor glede for store og små. Under er eit klipp som viser bygdefolket sin leik på isen på Eidslandet vinteren 2020. Video av Nese Media


Ådne Nordheim har laga ein video frå Eidsland 17.mai i 2020. Den har mykje fine oversiktsbilete frå området rundt Eidsland.


Kart over Eidslandet

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca