Bygdene

Bruk nedtrekksmenyen øverst for å finne di bygd!

Vaksdal kommune har omlag 7 bygder (alt etter kva du reknar som eiga bygd) som alle har sine unike kvalitetar. Hjå oss finn du Vaksdal, Stanghelle, Dale, Bergsdalen, Stamnes, Eidslandet og Eksingedalen. For å lese om kvar enkelt plass, bruk nedtrekksmenyen i fana for bygdene øverst på sida.
Det ligg litt bilder av bygdene nederst på denne sida.
Vaksdal kommune har også ei lita oversikt over bygdene HER.  

I tillegg til nemnde bygdesentrum er det mindre plassar mellom desse. Eksempelvis Boge og Langhelle som ligg litt utanfor Vaksdal eller Fossmark mellom Stanghelle og Vaksdal. Vaksdal er ein langstrakt kommune og heile området er absolutt verd å besøkje. 

Alle bygdene har fastbuande i alle aldrar. Du finn skule og barnehage i dei fleste bygdene, les meir under fana for oppvekst. Dei fleste bygdene i Vaksdal kan du nå med både båt, bil og buss. I tillegg har me 3 jernbanestasjonar som er på Dale, Stanghelle og Vaksdal. Frå desse kjem du deg raskt til Bergen, eller andre vegen mot Voss og østover.

Mange som bur i bygdene i utkantane arbeider lokalt i kommunen, har turnusarbeid eller løysingar med heimekontor. Det er også mange som pendlar både til Voss og Bergen. Frå Vaksdal kan du koma deg med tog til Bergen på kortare tid enn frå enkelte bydelar i Bergen i rushtida. Vaksdal kommune vil også vera behjelpeleg dersom du ynskjer å starta eigen bedrift i kommunen, les meir om dette under fana for næring. 

Dersom du går gjennom fanene for bygdene og framleis lurar på noko, kan du anten ta kontakt med kommunevertane, med Vaksdal kommune eller med Rune Langeland som driftar denne nettsida. Hjelp skal du få uansett! 

Trykk HER for å koma til sida for kontakt


https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca