Organiserte tilbod
Det er eit variert utval av tilbod i heile kommunen, tilpassa kvar enkelt stad. Det meste er arrangert av lokale idrettslag. I tillegg til arrangerte aktivitetar kan ein sjølv låse seg inn og bruke styrkerom og gymsal i Turbinen når ein måtte ynskje. Dei ulike tilboda vil variere etter etterspørsel. Nokon tilbod er kun på ein stad, mens andre kan vera i fleire bygder samstundes.
For å få riktig og oppdatert informasjon om det tilbodet du er interessert i, ber me deg kontakta innbyggjarservice , den ansvarlege for dei ulike anlegga (til dømes turbinen) eller det lokale idrettslaget der aktiviteten vert arrangert. Du finn kontaktinformasjon til alle desse rundt på denne sida.
Det nye symjebassenget på Dale skule er klar for å bli tatt i bruk for alle innbyggjarar så snart det vert letta på restriksjonar.
Tilbod som for eksempel badminton, volleyball, handball, idrettskule, etc vert arrangert innandørs i Turbinen på Dale. På bildet under kan du sjå badmintonspelarar i Turbinen.
Zumba er ein populær og fast aktivitet året gjennom, blant anna på Vaksdal.
Fotball: Det er eit stort tilbod innan fotball til både jenter\gutar og i ulike aldersgrupper. Ikkje alle bygdene har fotballag, men alle i kommunen kan delta på laget dei ynskjer. Eigne fotballag finn du akkurat no på Dale, Stanghelle og Vaksdal. Det lokale idrettslaget kan gje meir informasjon om dette. På biletet under ser du fotballkamp på bana på Vaksdal. Biletet er henta frå Vaksdal idrettslag.
Friidrett, fotball, handball, badminton og andre innandørsaktiviteter finn du i Turbinen på Dale.
Speidergruppe for ungdom finn du på Vaksdal. Speideraktivitetar som opplæring i bruk av utstyr som kni\øks\sag, friluftsliv, samfunnsinitiativ, speiderleir, matlaging i naturen, bygging av leirplass og mykje meir.
Kajakktilbod finn du både på Stamnes og Stanghelle. Både Stamnes og Stanghelle idrettslag tilbyr opplæring og utleige direkte frå kaien. Det vert også oppsett felles opplæringskurs og turar, men kontakt ditt idrettslag for å få vita meir om dette. Sjølv om du kan leiga kajakk også på vinteren, er det om sumaren det er mest kajakkaktivitet.
Motbakkeløp: Kvart år vert det arrangert motbakkeløp i kommunen, og nokon gongar fleire løp. Løpet som vert arrangert kvart år er ein del av kulturdagar og fiskefestival i Stamnes som vert arrangert den siste helga i juli. Motbakkeløpet er Middagshaugen opp , og har både trimklasse, konkurranseklasse og eit kortare barneløp frå sentrum.
Stamnestrimmen: I Stamnes er det svært gode turmoglegheiter. Alt frå korte turar med born til lange heildagsturar i skog og fjell med fantastisk utsikt. Stamnestrimmen vert arrangert kvart år, og du kan samla poeng kvar gong du når eit turmål. Poenga vert samla via mobilapp og vinnar i ulike klassar vert premiert. Det er godt merka stiar til dei fleste måla. Stamnestrimmen er svært populær kvart år. For å vita meir, kontakt Stamnes Idrettslag eller trykk her
Motocross: Det er motocrossbane i Geitabotnen mellom Dalseid og Straume på veg innover FV569 til Stamnes. Her har det vore fast aktivitet tidlegare, men det er ikkje eit aktivt lag no. Aktivitet kan takast oppatt ved nok interesse, og anlegget står klart dersom nokon vil starta opp.
Bibliotek: Det er bibliotek både på Dale og Vaksdal. Her er arrangement som treff med forfattarar, bokopplesing og meir. Les meir om Vaksdal sine bibliotek, arrangement og bli lånar ved å trykkje HER.
Småbarnstrim/Knøttetrim: Småbarnstrim vert arrangert i fleire bygder av det lokale idrettslag. Kontakt ditt idrettslag for å finna ut om tilbodet du ynskjer å vita meir om. Småbarnstrim vert som regel arrangert i gymsal innandørs, men kan også vere ute om veret tillet det.
Turgruppe: Vaksdal turlag har planlagte turar i heile kommunen gjennom heile året. Det er også lokale turgrupper i dei ulike idrettslaga og det er svært mykje godt merka stiar i heile kommunen.
Turn / Trampett: Arrangert av Stanghelle idrettslag.
Skiløyper og Langrenn: I Vaksdal er det preparerte skiløyper på Nesheim i Eksingedalen og på skileikanlegget på Lid i Bergsdalen. Kontakt Eksingedalen idrettslag / Bergsdalen idrettslag for oppdaterte forhold og meir informasjon. I tillegg er det kvista løyper frå røde kors fleire stader gjennom vinteren, til dømes i Bergsdalsfjella. Ta kontakt med Røde Kors Vaksdal for meir informasjon om desse løypene.
Du finn noko for deg!
Under er nokon bilder frå Bergsdalen idrettslag, Eksingedalen idrettslag, Stanghelle idrettslag, Vaksdal Idrettslag, Vaksdal turlag, Stamnes idrettslag, Dale idrettslag og Rune Langeland.