Kulturhus

Det er mange bygningar i kommunen som tener som hus for ulike kulturaktivitetar. Nokon er i kommunal eige mens andre er private. Dei fleste kan leigast til det ein ynskjer.  Eksempelvis skular og samfunnshallar, ungdomshus, grendahus, bedehus, forsamlingshus,  kyrkjer, dalehallen, turbinen fleirbrukshall med fleire. Turbinen og Dale kyrkje er store nok til å husa meir enn 300 personar. Dei andre lokala kan husa frå ca 300 og ned til om lag 80 personar. Bygga er godt spredt over heile kommunen. Les meir under. 


Hjartet, Kultursalen i Dale skule
Salen inneheld to rom med foldevegg mellom. Romma fungerer godt saman og åleine. Kultursalen har eit skyveamfi med 170 plassar. Med ekstra stolar kan den ha kapasitet til 250 publikumarar. Salane er universelt utforma med trinnlaus tilkomst og tilrettelegging for hørselshemma. For større framsyningar/konsertar kan aktivitetssalen fungere som sceneområde. Begge romma har parkettgolv. Kultursalen har trepanel på veggane, aktivitetssalen har absorberande treplater.
Aktivitetssalen har projektor og lerret som kan brukast som bakgrunn når heile salen er open. Kultursalen har projektor og lerret, lyd- og lysrigg. Det står eit piano på hjul i salen. Det er også ekstra høgtalarar, mikrofonar, halsslynger for menneske med nedsett høyrsle, og mixepultar. 
Telefon: 936 45 297
E-post: kulturskulen@vaksdal.kommune.no

Aktivitetshuset Vaksdal: Lokalisert i Vaksdal sentrum. Huset er i privat eige. Det vert leigd ut til eksempelvis barnedåp, minnestunder, festlege lag, møter, yoga, barnebesøk, intimkonsertar, øvingslokale med meir.  Musikklubben på Vaksdal har fast avtale om leige og Vaksdal musikklag har øvingar i lokalet. Ved selskap kan det dekkast til omtrent 40 personar, ved møter opp til 60 personar. 
Facebook HER
Telefon: 90 67 83 57


Bergsdalen Kyrkje: er ei "langkyrkje frå 1955.  Den vert brukt av Bergsdalen menighet som er ein del av Vaksdal fellesråd. Kyrkja er bygd i granittstein lokalt frå Bergsdalen. Kyrkja har 140 sitjeplassar. Bergsdalen kyrkje finn du på facebook HER. 
Følg kyrkjene i Vaksdal på facebook HER
Informasjon frå Vaksdal kyrkjelege fellesråd finn du HER


illustrasjon
illustrasjon

Bergsdalen Ungdomshus: Ungdomshuset ligg ved oppkjørselen til Bergsdalen Skule. Her er det aktivitetar som til dømes 17 mai, dans, juletrefest. Huset er godt brukt av bygdefolket gjennom heile året og kan leigast av alle som ynskjer det. 



Foto: Vaksdalposten
Foto: Vaksdalposten

Dale Bedehus: Bedehuset ligg midt i krysset i Dale sentrum.  Huset vart påbegynt i 1988 og stod ferdig i 1997. Huset er mykje brukt til alt frå konfirmantsamlingar og minnesamvær til småbarn\babysong. 



Foto: Vaksdalposten
Foto: Vaksdalposten

Dalehallen: Stor hall midt i Dale sentrum. Inneheld næringslokale som f.eks frisørsalong, stor hall til selskapslokale, og kjeller, brukt til mellom anna ungdomsklubb. 



Foto: Dale forsamlingshus facebook
Foto: Dale forsamlingshus facebook

Dale Forsamlingshus: Dale forsamlingshus ligg rett ved sida av Dale Kyrkje. Forsamlingshuset. Foreininga Dale Forsamlingshus eig, driv og tar vare på huset som kulturhus og forsamlingslokale til gagn for dalefolket.
Les gjerne meir om forsamlingshuset på facebook HER 
Telefon: 56 59 66 57
E-post: bodild@nkrf.no


Foto: kirken.no
Foto: kirken.no

Dale Kyrkje:  Kyrkja er av typen langkyrkje, bygd i 1955 i betong. Kyrkja har galleri med orgel, og sitjeplassar til ca.600. Spissbogestilen (gotisk) er gjennomført alle stader i kyrkja. Heilt nederst på denne sida kan du sjå ordføraren syngje "Fager er jordi" i kyrkja. 
Les meir om kyrkja hjå den norske kyrkja HER ,  følg Kyrkjene i Vaksdal på facebook HER , eller finn meir informasjon frå Vaksdal kyrkjelege fellesråd HER. 


Foto: norgeskirker.no
Foto: norgeskirker.no

Eidslandet Kapell:  Eidsland kyrkje er den første kyrkja på kyrkjestaden som ligg i enden av Eidsfjorden, ein kort fjordarm som skjer seg nordetter frå Indre Osterfjorden. Elva frå dalen ovafor gjer ein sving bak Eidslandet og rundt ein bratt bergnabb før ho renn ut i fjorden. På nordsida av elveosen har det danna seg eit eid og her ligg kyrkja med kyrkjegard på nordsida og med vegen som skilje mot elva.

Kyrkjegarden vart teken i bruk i 1892, medan kyrkja, som vart oppført som eit bedehuskapell, vart reist i 1923. Les meir om Eidsland kapell hjå  "Norges Kirker" HER
Følg Kyrkjene i Vaksdal på facebook HER 
Meir informasjon frå Vaksdal kyrkjelege fellesråd HER.  


Foto: Bjørn Arvid Ekse
Foto: Bjørn Arvid Ekse

Eidslandet Grendahus: Grendahuset er lokalisert på venstre side rett over brua etter ein har tatt av frå Eidslandsvegen og inn på Mystervegen. Huset er i bruk som selskapslokale, viktige dagar som 17 mai, bryllup, konfirmasjonar og konsertar for å nevna noko. 


Foto: eksingedalen.no
Foto: eksingedalen.no

Ekse Grendahus: Grendahuset er eit skulehus frå 1950 talet. Huset er påbygd med soverom, dusjar og toaletter. Seks soverom, med i alt 24 senger+ 10 madrasser. Funksjonelt kjøkken med oppvaskemaskin med stor kapasitet og kjøl-frys kombiskåp. Spisesal med plass til 48 personar. Huset kan leigast til overnatting.

Ekse er eit populert utfartsområde både sommar og vinter. Flott skiterreng med turar til Eksestølen, Kvitanosi og innover Stølsheimen. Trykk HER for meir informasjon. 


Foto: norgeskirker.no
Foto: norgeskirker.no

Flatekval Kyrkje: Kyrkja er ei langkyrkje frå 1881. Den ligg på Flatekval i Eksingedalen. kyrkja vart vigsla 12. juni 1883. Meir informasjon om kyrkja finn du HER. 
Følg Kyrkjene i Vaksdal på facebook HER
Meir informasjon frå Vaksdal kyrkjelege fellesråd HER.   



Foto: fagertun.wordpress.com/
Foto: fagertun.wordpress.com/

Fagertun:  Fagertun er ein tidlegare skule i Eksingedalen. På Fagertun er det, møterom med videokanon, stove med 5 sofaer og tilsaman 44 sengeplassar . Fagertun er eigd av Norsk Samemisjon og vert brukt til leirplass (f.eks konfirmantleir) og utleige. Blant anna til speidarar, konfirmasjonar, runde dagar eller til familiesamankomstar. God sengekapasitet kombinert med fullt utstyrt kjøkken og eit svært godt utgangspunkt for turar og bruk av naturen gjer Fagertun til ein attraktiv plass. Huset er ubetent frå eigars side og leigetakarar må i utgangspunktet stå for matlaging og vask/rydd etter bruk. 
Nettside og kontaktinformasjon HER


Foto: Grendahuset Ljosheim facebook
Foto: Grendahuset Ljosheim facebook

Ljosheim Grendahus: Ljosheim er eit av dei eldste ungdomshusa i landet. Bygget har to salar som går an å slå saman til ein. Bygget egnar seg til alle slags festsamkomer eller møteverksemd. Bygget er mykje brukt av heile Eksingedalsbygda. Med to salar som går an å slå saman til ein er det mange bruksområde for huset.
Ljosheim er både på facebook HER og instagram HER. 


Nesheim Kyrkje. Foto: Rune Langeland
Nesheim Kyrkje. Foto: Rune Langeland

Nesheim Kyrkje:  Kyrkja er bygd i ein rektangulær form og er frå 1907. Kyrkja har 120 plassar. Kyrkja ligg langt oppe i Eksingedalen, der vegen tek av sørover mot Evanger. Det er den første kyrkja på staden. 
Meir informasjon om kyrkja finn du HER.
Følg Kyrkjene i Vaksdal på facebook HER
Meir informasjon frå Vaksdal kyrkjelege fellesråd HER.    



Stamnes Kyrkje: Kyrkja er av typen langkyrkje og blei bygd i 1861 i tre.  Sakristiet blei påbygd i 1961. Kyrkja har galleri med orgel, og sitjeplassar til ca 250 personar. 
Meir informasjon om kyrkja finn du HER og HER
Følg Kyrkjene i Vaksdal på facebook HER
Meir informasjon frå Vaksdal kyrkjelege fellesråd HER.  

   

Stamnes Ungdomshus: Ungdomshuset er eigd av Stamnes bygdalag. Det er plassert på ein liten haug mellom Hydno og Skuggebergdalen, ikkje langt frå sentrum. Huset har ein stor sal i 2 etg med scene, lys og lydanlegg. I kjellaren er det ein mindre sal med bar, samt stort kjøkken. Huset er i bruk av bygdefolket heile året, mellom anna til quiz, dans, konsert, revyar, 17 mai, og private samankomstar. 


Stanghelle bedehus
Stanghelle bedehus

Stanghelle Bedehus: Bedehuset ligg i Døso på Stanghelle, på tomta bak butikken. Bedehuset er eigd av Dale og Stanghelle indremisjon. Huset er brukt til møteverksemd, gudstenester, konfirmantsamlingar og utleige til private. Fotolaget leiger ein del av huset. 


Foto: Stanghelle Skule
Foto: Stanghelle Skule

Stanghelle Samfunnshall: Samfunnssalen er bygd på Stanghelle skule ca 1985. Det er ein stor sal\gymsal med kjøkken og lagerrom. Salen er i bruk til private arrangement som bryllaup og bursdagar, samt ungdomsklubb, diskotek, 17 mai og mykje anna. 


Synken
Synken

Synken: Eigd av Felleskjøpet, disponerast av Vaksdal Vel / Synkens venner. Vert brukt til  møter og mindre arrangement (maks 20 pers). Ligg rett ved røde kors sine lokaler på Vaksdal.
Facebook HER
E-post: vaksdalvel@gmail.com

Straume Ungdomshus:  Ungdomshus\Grendahus som du finn på Straume på Stamnes. Gamalt hus men godt ivaretatt, med nyoppussa toalett og nytt tak. Her er lokale arrangement, basar, bursdagar, jonsokfeiring og anna. 



Turbinen Fleirbrukshall/Dale: Turbinen er lokalisert på Dale, ned vegen forbi Dale of Norway og over Daleelva ved sidan av BKK sitt område. Turbinen har stor gymsal som kan delast opp med skiljeveggar. Det er styrkerom, spinningrom, møterom, kontorer og fysioterapeut. Turbinen er godt brukt både av einskildpersonar, lagidrett og skuleungdom. 
Facebook HER
Kontaktinfo HER


Foto: norgeskirker.no
Foto: norgeskirker.no

Vaksdal Kyrkje: Kyrkja er ei langkyrkje av stein som ligg opp mot skogbrynet søraust for Vaksdal sentrum med vidt utsyn utover fjorden mot Osterøy i vest og med koret mot aust. Den høge plasseringa vert understreka ved ei lang, terrassert trapp framfor vestinngangen. Trappa fører opp til port i steingarden som innrammar det platået som kyrkja ligg på. Bygningen er oppført etter teikningar av Ole Landmark og vart vigsla 7. april 1933.
Meir informasjon om kyrkja finn du HER
Følg Kyrkjene i Vaksdal på facebook HER
Meir informasjon frå Vaksdal kyrkjelege fellesråd HER.   


Vaksdal samfunnssal
Vaksdal samfunnssal

Vaksdal Samfunnssal: Samfunnssal/gymsal ligg vegg i vegg med Vaksdal senter i sentrum av bygda. Salen er eigd av Vaksdal kommune og kan leigast. Den er i bruk til alt frå private samankomstar, konsertar (Eksempelvis ved vintertreffet), og til trening. 
Telefon: 56 59 44 00


Eit av bygga som er i bruk til kulturføremål, er Dale kyrkje. Sjå Ordførar Hege syngje Fager er jordi i Dale kyrkje i videoen under!

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca