Song og Musikk

I Vaksdal

Du har mange valg dersom du ynskjer å driva med musikk i Vaksdal. Det er tilbod som babysong allereie frå dei første leveår og derifrå kan ein sjølv finna ut kva ein ynskjer videre. Kulturskulen tilbyr opplæring og det er eksisterande band og korps ein kan kontakta dersom ein allereie driv med musikk. Kulturskulen har tilbod innan fløyte, ukulele, band, gitar, piano, slagverk og mykje meir.  Alle bygdene har tilbod innanfor song og musikk, men det varier kva som er tilbodet frå plass til plass. Det er imidlertid ingenting i vegen for å reisa til ei anna bygd enn der ein bur for å delta i tilbodet der. Les meir nedover sida og ta gjerne kontakt for ytterlegare informasjon. 
Trykk HER for meir informasjon om kulturskulen og kontaktinformasjon.

Syngjande Kommune: Vaksdal kommune er vald ut til å delta i den nasjonale songsatsinga Syngjande kommunar. I den Syngjande kommunen er målet at innbyggjarane skal ha tilgang til eit inkluderande songtilbod.

Aktivitetane og tiltaka blir utvikla av eit lokalt songutval og Krafttak for sang sentralt i løpet av ein tre-års periode.
Gjennom Syngjande kommune-programmet blir det skapt nye tradisjonar, songmøteplassar, fellesrepertoar og eit rikt mengd songaktivitetar. Les meir HER


Nedover sida finn du meir infrmasjon om band, korps og tilbod som fins i Vaksdal kommune


Vaksdal Musikkråd

Vaksdal Musikkråd er paraplyorganisasjon for musikklivet i kommunnen. Tilknytta lag: Dale Mannskor, Dale Musikkforening, Blanke Messingen, Kordial, Vaksdal Musikklag, Vaksdal barne- og ungdomskorps, Vaksdal kyrkjelege fellesråd, AO-bandet, Stamnes barnekor, Kilden og Steinkopf Trio. Leder: Terje Pedersen, 913 34 697 / vaksdalmusikkraad@gmail.com
Trykk her for facebook 


Vaksdal Musikklubb

Vaksdal Musikklubb presenterar musikk frå blues, jazz, vise, electronica, og country-sjangrane.
Vaksdal Musikklubb nyttar Tabernaklet på Vaksdal si intime scene som hovudscene og håpar å kunne invitera til konsert kvar sjette fredag. På konsertane vil du sitje tett på artistane og kunne oppleva dei i solo, duo og trioformat. 
Telefon:  91 35 57 94
E-post: vaksdalmusikklubb@gmail.com
Trykk her for facebook



Dale Mannskor

Koret vart stifta 3.juni 1931 og hadde 80-års jubileum i 2011. Som namnet tilseier var medlemene den første tida frå tettstaden Dale. I dag kjem dei 34 medlemene for det meste frå ulike stader i Vaksdal kommune.  Stor aktivitet og høg kvalitet har gjort dalekoret til ein viktig ambassadør for kor-songen langt ut over kommunegrensene. Koret har eit rikhaldig "fest-repertoar" av lettare songar, bordviser og drikkeviser, som gjer at det kan skapa stemning og underhaldning når songarar møtest. Men aktivitetsnivået er nok mykje vidare enn dette.
Kontakt: 90 63 65 56
Trykk her for facebook


Vaksdal barne- og ungdomskorps

Vaksdal barne- og ungdomskorps består av musikantar fra heile kommunen. Aspirantkorps onsdagar kl 16:15-17:15 og Hovedkorps kl 17:30-19:30. Dirigent Ole Kristian Bonden. Kontakt Terje Pedersen Telefon: 913 34 697 E-post: post@vbuk.no
Trykk her for facebook 


Vaksdal Kulturskule

Vaksdal Kulturskule har kontor på Dale i Vaksdal Kommune. Kulturskulen har blant anna tilbod i piano, fiolin, gitar, slagverk, messing, treblås og visuell kunst, i tillegg til kurs av kortare varighet. Tilbod kan variera etter etterspørsel og etter tilgang på lærarar. 

Les meir HER
E-post: kulturskulen@vaksdal.kommune.no 
Telefon: 45 37 63 79


Kilden

Kilden syng musikk med eit kristent innhald, og har eit allsidig repertoar frå ulike sjangre og tidsepoker. Koret syng i kyrkje og bedehus Øvingane er fredag 18-20 i Vaksdal kyrkje. Du er velkomen til å møte opp eller ta kontakt. 
Kontakt Ruben Gjertsen
Telefon: 92 45 20 98
E-post: rg794@kyrkja.no


Blanke Messingen

Blanke Messingen er eit godt etablert korps frå Stamnes som stiller opp på det meste av lokale arrangement. Det hender dei spelar utanfor bygda også. Blanke messingen starta opp februar 1996 og fyller 25 år i 2021. Det er øving kvar torsdag på Stamnes Skule og dei tek imot nye medlemmar.  
Kontakt Monica Skjerve
Trykk her for facebook


Dale Musikkforening

Dale Musikkforening er eit eventyr av eit janitsjarorkester.
Stifta i 1881, rett etter dannelsen av Dale fabrikker og har halde på kontinuerleg fram til i dag. 
Kontakt Britt Brudvik 
Telefon: 90 47 40 70
E-post: britt_brudvik@hotmail.com
Trykk her for facebook


Kordial

Kordial er eit blandakor for Vaksdal kommune, skipa i 1989, med eit repertoar som omfattar mellom anna pop, klassisk og musikal. Koordial rekrutterer frå heile kommunen.
Trykk her for facebook


Vaksdal Musikklag

Vaksdal Musikklag er eit aktivt korps for vaksne på Vaksdal. 
Kontakt: Ann Mari Andreassen Gundersen
Telefon: 90 67 83 57
ann-mgun@online.no


Baby\småbarnsong Stamnes, Dale og Vaksdal

Det vert i regi av kyrkja arrangert baby\småbarnsong i fleire bygder i kommunen. Dett er eit populært tilbod for både store og små. Samlingane vert leia av trusopplærar Kristin Straume. 
Kontakt Kristin Straume
Telefon: 95 76 63 79
Trykk her for facebook 


Stamnes Barnekor

Stamnes barnekor har sine øvingar i Stamnes bedehus. Barnekoret er for alle born frå 3 år og oppover. Øvingane vert leia av Martha Lise Langeland. Barnekoret opptrer på lokale førestillingar, gudstenester etc. Koret startar opp om hausten og held på gjennom vinteren og våren kvart år. 
Kontakt Liv Eli Seime
Telefon: 48 88 03 56


AO - Bandet

Band for funksjonshemma. Sosialt band som har det triveleg i lag med faste øvingar og konsertar rundt i kommunen. 
Morten Skage
Telefon: 91 35 57 94
E-post: morskage@yahoo.no

Steinkopf Trio

Steinkopf Trio er ein jazztrio beståande av tre sysken frå bygda Stanghelle i Vaksdal kommune. 
Telefon: 94 85 70 64
E-post: steinkopftrio@gmail.com
Trykk her for facebook



Kleivakongen og dei

Kleivakongen & Dei er eit band frå Stanghelle. 
Nettside: https://kleivakongen.no/
Trykk her for facebook
Epost: kleivakongen@hotmail.com



Torsdagsklubben

Torsdagsklubben er ein liten, men svært aktiv og humørfylt gjeng. Dei har eit variert repertoar og spelar gjerne opp på både store og små arrangement av alle slag. Dei har spelt både til julebord, bursdagar, bryllup, musikal, konfirmasjonar, blåtur og veldedighetskonsertar. Dette er ein gjeng som trives godt saman både sosialt og musikalsk. Dei jaktar stadig på nye utfordringar, og spelar gjerne saman med andre.
Kontakt: Mai Britt Risnes
Telefon: 92 44 05 25
E-post: maibrittri@hotmail.com
Nettside: trykk her

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca