Anna

Anna informasjon relatert til oppvekst

Relatert til skule og barnehage

Alle barneskulane i Vaksdal har SFO ordning så lenge det er nok søkjarar. For å finne ut meir om SFO (alle skulane), trykk HER. 
For informasjon om feriar og fridagar i skule og barnehage, trykk HER
For andre undervisningstilbod som heimeskule og vaksenopplæring, trykk HER
For informasjon vedrørande elevar si velferd, som PPT, skulehelseteneste, mobbing, skuleskyss og forskjellige fritak, trykk HER
Har du barn med spesielle behov 0-6 år, trykk HER

Fritidstilbod

Ein viktig del av ein god oppvekst er tilgang på gode fritidstilbod. I Vaksdal kommune er det eit bredt spekter av tilbod, men tilboda varierer ein del frå bygd til bygd. Dersom natur og friluftsliv betyr mest, vil ein kanskje finna best moglegheiter i Eksingedalen, Stamnes eller Bergsdalen. Dersom ein likar best trening i gymsal, lagidrett eller styrketrening åleine, kan det vere betre tilbod på Dale, Vaksdal eller Stanghelle. 
Eg anbefalar å gå gjennom fanene for idrett\kultur og friluftsliv som du finn øvst på denne sida. Der finn du mykje informasjon om alt frå musikk til fotball, handball, volleyball, etc. Deretter kan du kontakta aktuelt lag\forening. Skulle du ha spørsmål du ikkje finn svar på, er du velkomen til å kontakta ein av våre kommunevertar som du finn på framsida. 

Ungdomsklubb

Det er tre kommunale ungdomsklubbar i Vaksdal kommune; på Vaksdal, Stanghelle og på Dale. Ungdomsklubbane er for born og ungdom frå 1 skuletrinn til 18 år.

Dale ungdomsklubb: Lokale i Dalekjellaren, har eige klubbstyre. Har "opne dagar" med aktivitetar som: kort/ brettspel, sosialt samvære, musikk, filmkveldar, playstation, biljard, diskotek for born 1-4 klasse og 4-8 klasse.

Stanghelle ungdomsklubb: Lokale i kjellaren på skulen på Stanghelle, har eige klubbstyre. Har "opne dagar" med kortspeling, biljard, sosialt samvære, filmkveldar, musikk), Lan/ data- arrangement, og pokerturneringar. Diskotek for born 1- 4 klasse( annankvar mnd) og 4- 8 klasse( annankvar mnd), ungdomsdiskotek for ungdom frå 8 klasse-18 år( ein gong i mnd)

Vaksdal ungdomsklubb: Lokale i gamle barnehagen på Jamne på Vaksdal. Eige klubbstyre. Har "opne dagar" med kortspel, biljard,musikk, sosialt samvære. Diskotek for born 1- 4 klasse( annankvar mnd), diskotek for born 4-8 klasse( annankavar mnd) , ungdomsdiskotek for ungdom frå 8. klasse- 18 år( ein gong i mnd).

Ungdomsklubbane i Vaksdal si facebookside finn du HER
Ungdomsrådet sine medlemmar og meir info finn du HER. 


Kulturmønstring

Ungdommens kulturmønstring (UKM) er eit kulturtiltak for born og unge i heile Noreg. Gjennom små og store festivalar (kulturmønstringar) har du ein einestående moglegheit til å visa fram det du driv med og til å treffe likesinna.
Alle er velkomne til å vere med, med den uttryksform dei måtte ynskje.
UKM sine heimesider, trykk HER
UKM kontaktpersonar i Vaksdal: 
Evy Kvamme Mobil: 936 45 297
Sindre Sortland Mobil: 453 76 379
E-post: ukm@vaksdal.kommune.no


Ung i Vaksdal

Frivilligsentralen inviterer barn og unge i Vaksdal til mange spanande aktiviteter om sumaren.
Prosjektet heiter «Ung i Vaksdal».

Planen for 2021 er ikkje heilt klar, men i 2020 var det ei rekkje med aktivitetar for barn og unge (6-19 år) i Vaksdal, Bergen og Voss.

Nokre aktivitetar er organisert. Dei vert arrangert dei fyrste to vekene i august.
Nokre aktivitetar er uorganisert. Her får du billettar til aktiviteten og går på eigenhand. Billettene vil du få på Heradshuset på Dale eller på e-post.Det er begrensa med plassar, så "først til mølla" gjeld for tildeling.Alle aktivitetane er gratis for deg mellom 6 - 19 år. Vaksne betalar kr 100.- i eigenandel.

For meir informasjon, kontakt Vaksdal frivilligsentral på  post@vaksdal.frivilligsentral.no eller sjekk heimesida deira HER. 
Sjå også meir hjå Vaksdal kommune HER. 

Sumaren 2020 var det aktivitetar som rafting, vindtunnel, båttur, kanotur, overnatting i friluft og i hytte, klatrepark, akvariet, kino, hesteriding, fjelltur, symjing, badeland, bowling, og meir. Følg med frivilligsentralen for å vita meir om 2021 og påmelding. 

Foto: Vaksdal frivilligsentral
Foto: Vaksdal frivilligsentral

Andre tilbod

Tilbod vill variera med interesse og tilgang på initiativtakarar. Her er nokre fleire tilbod du finn i Vaksdal. Lista er ikkje utfyllande. 

Villmarksleiren på småbrekke vert gjennomført kvart år. Les meir om denne under friluftsliv, og under Bergsdalen si side. 

Det er årleg 16. mai arrangement i Turbinen for ungdom, arrangert av Vaksdal kommune. 

Tilbod gjennom Vaksdal folkebibliotek

Kyrkja i Vaksdal har forskjellige tilbod for born og unge

Tilbod gjennom Vaksdal Idrettsråd og Vaksdal Musikkråd

Andre arrangement og tilstelningar vert sett opp med ujamne mellomrom. Eksempelvis LAN\Dataparty i samarbeid med ungdomsklubbane. Følg med og hald deg oppdatert!

BUA / (Tidlegare BULK)

BULK står for Barn Og Unges Låneklubb. BULK er oppretta som eit prosjekt av Vaksdal frivilligsentral og Vaksdal kommune for å tilby gratis lån av utstyr til sport, fritid og friluft. 
Målsettinga for prosjektet er å skape ein felles arena for barn og unge, låne ut utstyr slik at ein kan prøva ut/ delta i varierande aktivitetar. Bulk låner ut gratis: el-sykler og biltilhenger, barnestoler til innebruk og til bil, sykler, ski, vannski, telt, skøyter, brettspel, sko og alt du kan drøyme om. Kontakt BULK dersom du har behov for å låne utstyr!
BUA nettside, HER
Frivilligsentralen på facebook, HER
Bulk\BUA på facebook, HER
Kontakt: post@vaksdal.frivilligsentral.no / torunn.samuelsen@vaksdal.kommune.no / trond.olav.magnussen@vaksdal.kommune.no
Telefon: 91 00 31 04