Eksingedalen

Den fantastiske fjelldalen med reindyrka bygdeliv

Eksingedalen er om lag 43km lang og går frå Eidslandet (0moh) til Gullbrå (600moh). Frå Gullbrå går det også ein anleggsveg lenger oppover, heilt til demningen ved Grøndalsvatnet.  Gjennom dalen finn du plassar som Eikemo, Høvik, Flatekvål, Lavik, Bergo, Nesheim, Ekse og Gullbrå. Eksingedalen har også fleire sidedalar, både med og uten bilveg. Også her er det fastbuande. To dalar med veg er Fagerdalen og Norddalen. Desse dalane fører deg høgt til fjells om du ynskjer.
Gjennom dalen renn elva "Ekso". Dette er ei fantastisk fiskeelv som også har moglegheiter for kajakkturar og rafting. Nederste delen av Ekso er lakseførande mens lenger oppe finn ein kun ferskvassfisk. Heile Eksingedalen er eit eldorado for jakt, fiske og friluftsliv året rundt. 
Det går veg gjennom heile dalen og du kan køyra sørover mot Eidslandet\Mo, eller køyra over Nesheimsfjellet for å koma til E16 ved Evanger. Det bur folk gjennom heile dalen, som har både butikk, barnehage\oppveksttun og skule. Les meir om skulen under fana for oppvekst øverst på sida.  Arealet til Eksingedalen utgjer omlag 40% av Vaksdal kommune!


Eksingedalen - Ei perle i Hordaland (Vestland!) 

Av Håvard Bergo

Her er flotte filmklipp frå forskjellige plassar gjennom dalen


Å vere småbarnsfamilie i Eksingedalen

Mange lurar gjerne på korleis det er å vere småbarnsfamilie i Eksingedalen. Gøril og Lars Bjarte har 5 born og bur på Nesheim. Gøril har flytta hit frå Masfjorden medan Lars Bjarte var odelsgut på Nesheim. Trykk på videoen under og bli med på ein prat! Her får du høyra meir om livet i dalen og kvifor alle fordommane Gøril hadde mot å flytta til Nesheim slo fullstendig feil. Undervegs dukkar det opp litt bilder og filmsnuttar frå området. 


Vår Eksingedal! 

Eksingedalen skule har gjennom deltaking i Nysgjerrigperprosjektet forska på seg sjølv! Resultatet vart ei flott opgave som fortel mykje om kvifor det er så bra å vekse opp i Eksingedalen. Opgåva har bilete, historiar, statistikk, fakta og møte med personar. 
Istadenfor at eg kopierer frå oppgåva deira, så anbefalar eg at du klikkar på lenken HER for å lese den. 

Dette er noko av spørsmåla elevena spurte seg sjølv om - og svara på: 
Er oppveksten annleis her i Eksingedalen enn andre stader?
Er det noko som er så spesielt ved å veksa opp her?
Korleis er det evt annleis her i forhold til andre stader?
Kva er dei største skilnadene?
Er det så annleis her som folk kanskje trur?
Er det noko som er annleis no enn før?
Kva er i tilfelle mest annleis no i forhold til før?
Kva er eigentleg typisk for oppveksten vår her?
Kan me finna fram til kvifor me syns det er så bra å veksa opp her?
Og: Skal tru om me kjem til å bu her heile livet vårt?  

Fiske

Den nederste delen av Ekso er lakseførande. Partia lenger oppe i dalen har kun ferskvassfisk. Ekso Villfisk har utvikla den kultiverte delen av elva Ekso til Vestlandets kanskje beste brunaureelv med særskilt vekt på flugefiske Den kultiverte delen av Ekso ligg midt i dalen og strekkjer seg frå Flatekvalfossen i vest til fossen Vetleglupen i aust og er ca. 7 km lang. Det vert kvart år tatt stor fisk og rekorden er på over 7kg. 

Øvre del av elvestrekninga har vekslande stryk, men også rolege parti og nedre del har lange strekk der elva renn langsomt.

Ekso Villfisk har sidan år 2000 drive eit intensivt utfiskingsarbeid. Ved bruk av småmaska garn vert fiskebestanden tynna med ca. 12000 fisk pr. år. I tillegg til bestandstynning vert det kvart år sett ut ein del større fisk frå Ekso Villfisk sitt kultiveringsanlegg i Sødalen.

Det er tilrettelagt med bålplassar og gapahukar rundt i terrenget. Båt kan leigast for dei som ynskjer. Kort kan kjøpast lokalt eller her på INATUR

I tillegg til elva er det både store og små fiskevatn spredd utover heile dalen og fjella i området rundt. Her er berre å prøva seg fram, så kan du verte overraska. 

Me møtte Bjarne Lavik på butikken i Eksingedalen for ein liten prat om Ekso Villfisk. Sjå video under.


Arbeid og næring

Foto: Haugen Gård
Foto: Haugen Gård

Hovudnæringa i Eksingedalen er jordbruk med husdyrhald og ein finn gardar langs heile dalen. Nokon satsar også på turisme\utleige\overnatting og du finn blant anna Ekse Grendahus,  Haugen Gard i sidedalen Fagerdalen, Brakestadstølen, Gullbrå Hytteutleige, Kårhuset i Yksendalen og hus på Nesheim. Det mangler altså ikkje på moglegheiter dersom du vil overnatta i Eksingedalen. 

Mange fastbuande i Eksingedalen pendlar også til omkringliggjande bygder for å arbeide. Frå Eksingedalen er det ikkje lange vegen over Nesheimsfjellet frå krysset ved Nesheim, før du er ved E16 på Evanger. Alternativet er vegen sørover mot Eidslandet og Stamnes, eller gjennom tunnelen til Modalen. Det er enkelt og køfritt å bu i Eksingedalen og arbeide i Modalen. 
Det er også ein del som har arbeid med ulike turnusløysingar, for å sleppe pendling kvar dag. Gjerne kombinert med periodevis heimekontor for å gjere det endå lettare. 
Det alle i Eksingedalen er einige om: Det er ingen problem med arbeid om du vil bu i dalen, det får ein til på eit eller anna vis!

Som nemnd, så er Eksingedalen den perfekte plassen dersom du set pris på natur og friluftsliv. Eg tok ein prat med Jørgen Bergo i forbifarten. Jørgen kjem frå osloområdet, men var fast bestemt på å bu på Bergo saman med Kona Anna og borna deira. Her har han funne sitt paradis. Sjå meir i videoen under. Bergo Fjellflyt finn du også under fana "næring" øverst på sida. Dei leiger ut kajakk, telt, hengekøy og har laga til bålplassar i området. Du er velkomen til Bergo!


Butikk

Butikken  på Lavik ligg midt i Eksingedalen, mellom vegen og elva Ekso. Butikken er driven av Hege Marie Lavik som har flytta tilbake til Eksingedalen der ho har vakse opp. Butikken er no heildigital og open mellom klokka 09.00 og 24.00 kvar dag heile veka. Det betyr at du kan låsa deg inn med bankkortet og handla når du sjølv ynskjer.  Det er også bemanning periodar på dagtid for dei som ynskjer det. Butikken er populær og mykje i bruk av både bygdefolket og av turistar på sumaren. 


Turar og friluftsliv

Sjå gjerne videoen med Jørgen om Bergo Fjellflyt, men dalen er sjølvsagt mykje større enn berre Bergo. Du finn turar, hytter og stølar gjennom heile dalen. For eksempel Eksestølen, Gullbråholmen, Selhamar, Trefallstølen, Brakestadstølen, Kvitanosi (og flyvraket), Yksendalstølen, Volahytta, Torvedalshytta og mykje meir. Om du vil, kan du gå frå vegen ved Grøndalsvatnet og til vegen ved Vikafjellet, du kan gå mot Modalen eller Voss. Ut.no har mange turforslag med beskrivelsar. Vaksdal turlag har også turar i Eksingedalen og sit på mykje informasjon. Kanskje er det også planlagde turar i området om du tek kontakt. 
Idrettslaget i Eksingedalen har turgruppe\skigruppe og er aktive både vinter og sumar. Du finn meir om idrettslaget under fanna idrett\kultur øverst på sida. 

Under er ein snutt frå Øvstestølen\Marthastølen i Eksingedalen


Og her under ser du litt av Grøndalen (forbi Gullbrå) i haustdrakt

Under her er video av hyttene på Selhamar og i Åsedalen. Det er merka rute frå Trefall til Selhamar og frå Selhamar til Åsedalen. Dette er DNT sine hytter som du kan bruke om du ynskjer. 

Bondelag

Eksingedalen er ei aktiv og levande landbruksbygd med engasjerte bønder.  Det er lokalt bondelag i Eksingedalen, du finn Vaksdal sau og geit og Tine produsentlag. Bøndene møtest jamleg for å ha det sosialt saman og oppdatere seg på dagsaktuelle saker. Det vert arrangert fagmøter for å halde alle oppdaterte. 

Nesheim
Nesheim

Her under finn du ein kort video av korleis gardslivet kan utarta seg i Eksingedalen. All video er frå Eksingedalen og videoen er laga av Håvard Bergo


Eksingedalen kvinne og familielag

Eksingedalen kvinne og familielag er eit aktivt lag med faste treff heile året. Laget arrangerer sosiale treff, temakvelder, dei har gitt ut bok, dei hjelper fattige i andre land og løyver pengar til veldedige føremål. Laget har medlemmar i alle aldrar og har plass til fleire. Dette er eit av laga som knyter Eksingedalsfolket saman!


Eksingedalsmarknad

Eksingedalsmarknad vert arrangert annakvart år på Lavik i Eksingedalen. Dette er sosiale dagar med arrangement som Fagerdalsløpet, luftgeværskyting, pil og bue konkurranse, andeløp, marknad og mykje meir moro. Her er aktivitetar for heile familien. Kontakt Frøydis Gullbrå for meir informasjon. Nettsida til Eksingedalen vil også koma med informasjon om marknaden før den startar neste gong. 

Foto: eksingedalen.no
Foto: eksingedalen.no
foto: eksingedalen.no
foto: eksingedalen.no
foto: eksingedalen.no
foto: eksingedalen.no

Under finn du ein liten bildekarusell med bilder frå Gøril Nesheim

Bla i kartet under for å gjere deg betre kjend. Du kan også trykke nede til venstre for å få satelittbilete.  

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca