Bergsdalen

Over fjellet mellom Dale og Voss

Bergsdalen er fjelldalen som går mellom Dale i Vaksdal og Bulken i Voss. Grensa mellom Vaksdal og Voss går ved Hamlagrø, i slutten av dalen før nedstigninga mot Bulken. 
Den 45 kilometer lange vegen gjennom dalen, er den gamle hovudvegen mellom Bergen og Voss før E16 stod klar. No er den veg til alle fastbuande og eigarar av fritidsbustader i dalen, i tillegg til omkøyringsveg. Gjennom dalen finn du plassar som Storefossen, Fosse, Øye, Berge, Småbrekke og Hamlagrø for å nevna nokon. Gjennom dalen renn Bergsdalselva. Det er store og små vatn i dalen, som Hamlagrøvatnet, Småbrekkevatnet, Bergsvatnet, og Storefossdammen. 

Bergsdalen er ein lang og fredeleg dal med langt mellom husa. I Bergsdalen finn du både einebustader og mange gardsbruk. Bergsdalen er også eit svært populært hytteområde. Både lokale innbyggjarar i Vaksdal og utanbygds har hytter i Bergsdalen. 

Bergsdalen har tidlegare hatt eigen skule på Lid, men den er no gitt til bygda til bruk som grendahus\samfunnshus\aktivitetshus. Det er no Dale som er næraste plass med skule og barnehage for dei som bur i Bergsdalen. Ved den gamle skulen er det laga til skileikanlegg som er ope omvinteren. Biletet er frå dette anlegget. 


Småbrekke villmarksleir vert arrangert i idyllisk kulturlandskap på Småbrekke øverst i Bergsdalen i juli\august kvart år. Leiren er for 5-7 klasse og inkluderer spanande aktivitetar som bading i elv og fjellvatn, fjellvandring, fisking, fjellklatring, padling, overnatting i lavvo og mykje meir. Villmarksleiren er svært populær kvart år og deltakarane er alltid strålande fornøgde. Under er ein videosnutt laga av Håvard Bergo frå leiren som var i 2016.

Video: Håvard Bergo


Bergsdalen har eigen kyrkje, som ligg på Lid i dalen. Kyrkja er frå 1955, bygd i granittstein frå Bergsdalen og har omlag 140 sitjeplassar. Eigar er vaksdal kommune og du kan fylgja med HER for gudstenester og anna i kyrkja. 

Bergsdalen Kyrkje - Rune Langeland
Bergsdalen Kyrkje - Rune Langeland


I tillegg til jordbruk er det også andre næringar i dalen, tildømes Bergsdalstunet som tilbyr selskapslokaler, servering av mat og drikke, gardsmat, kurslokaler og opplevingar. Bergsdalstunet er ein populær plass for julebord, firmafestar og feiring av runde dagar. Bergsdalstunet vert drive av Olaug og Helge Terje, gjerne med innslag seint på kvelden av trubaduren Eirik Straume Normann. 


Det Bergsdalen kanskje er aller mest kjend for, er naturen og fjellområda. Frå vegen gjennom dalen kan du nå store fjellområder på begge sider av vegen. På nordsida av vegen er det toppar som Dystingen, Blåsåta og Mykkeltveitveten. Frå fjellområdet her kan du også gå ned mot Bolstad eller Evanger. Dei største fjellområda er derimot på sørsida av vegen. Her finn du fjell som Gløvret, Bukkafjellet, Fuglafjellet, Skrott og mange fleire. Fjellpartiet strekkjer seg frå Bergsdalen, mot Vaksdal, Tysse, Øystese og Hardangerfjorden.  Det er fleire flotte turar frå Bergsdalen og til Vaksdal, f.eks via Høgabu. Hjå ut.no er nokon av desse merka opp. 

Bergen og Hordaland turlag har også laga ei fantastisk flott brosjyre om turar i Bergsdalen og Kvamsfjella. Trykk HER for å koma direkte til brosjyra

Det er fleire hytter frå DNT i området. Til dømes Kiellandsbu, Høgabu, Breidablik og Vending. Sjå video av Høgabu og Breidablik under. Video er laga av DNT og du finn video av alle deira hytter på vimeo om du vil vita meir.

Finn gjerne din perfekte tur gjennom kontakt med Vaksdal turlag eller eit besøk på ut.no
I Bergsdalen finn du fantastisk natur og turar som passar både sumar og vinter. 


Her under ser du ein liten video frå Kiellandbu


Arrangement

Gjennom året er det fleire faste arrangement i Bergsdalen. For eksempel bygdedagar i Bergsdalen. Bygdedagane har arrangement for heile familien med mat, boder, løp, og framsyningar. Sjå gjerne bygdedagane si facebookside HER

Foto: Bygdedagar i Bergsdalen facebook
Foto: Bygdedagar i Bergsdalen facebook

Eit anna årleg og svært populært arrangement er motbakkeløpet "Bergsdalen opp".  Løpet  går frå Dale sentrum og opp til demningen ved Storefossen. Det er trimklassar og konkurranseklassar inndelt i aldersgrupper. I tillegg kan ein delta på rulleski, sykkel eller til fots. 
Bergsdalen opp har som føremål å inspirera til bruk av Dale og Bergsdalen til mosjon, trening og konkurranasar. I tillegg tar Bergsdalen opp sikte på å vera ein formidlar av meir enn hundre år gamal idretts- og kulturhistorie frå området. 
Bergsdalen opp har eigen nettside som du finn HER. Bergsdalen opp er også på facebook HER. 


Bla rundt i kartet under for å bli betre kjend i dalen

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca