Oppvekst

Barnehage og skuletilbodet

Vaksdal kommune satsar på barn og unge. Vaksdal har nye moderne barnehagar og skular med fleire nybygg dei siste åra og fleire under ferdigstilling iløpet av 2021. Barnefamiliar skal ha det godt i Vaksdal!

Barnehagedekninga er svært god og du finn barnehagar på Vaksdal, Stanghelle, Dale og Stamnes. 
Både Vaksdal og Stanghelle har barnehagar av nyare dato, mens på Stamnes stod det ferdig ny barnehage i oppveksttunet i Sanden i 2021. 

Det er barneskule på Vaksdal, Stanghelle, Dale, Stamnes og i Eksingedalen. På Vaksdal er ny barneskule under bygging og på Stamnes er skuledelen modernisert etter at oppveksttunet stod klart i 2021. 

Ungdomsskulen i kommunen er lokalisert på dale. Dette er ein stor og moderne skule som blei tatt i bruk i 2021. Den har både kultursal, basseng, store uteområder og alt som trengs for å vere godt rusta inn i framtida. 


For å læra meir om kvar einskild skule og barnehage, bruk nedtrekksmenyen under fana "oppvekst" øverst på sida.  

Vaksdal kommune har på sida MittVaksdal også meir informasjon om oppvekst, skule og barnehage. trykk HER for å koma til MittVaksdal. 

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca