Vaksdal Kommune

#velkomentilvaksdal

Velkomen til Vaksdal! Dette er kommunen som har absolutt alt - unntatt storbyliv!  Me ligg perfekt til mellom Bergen, Voss, Modalen, Samnanger og Osterøy. I kommunen kan du velje mellom større tettstader som Vaksdal og Stanghelle, du kan finne reindyrka bygdeliv i for eksempel Bergsdalen og Eksingedalen, eller noko midt i mellom. Du finst arbeid i kommunen eller du kan pendle den korte vegen til Bergen eller Voss. Du har moglegheiter for friluftsliv i natur som kan måla seg med kva plass som helst i heile Noreg.
Vaksdal har eit svært rikt lag- og organisasjonsliv i heile kommunen. Me har levande bygder med lokale barnehagar og skular. Barnehagedekningen er svært god og dei fleste bygga er nye og moderne.
Me torer å påstå at i Vaksdal finn du garantert plassen du er på leit etter. 

Er du usikker på noko eller ynskje å vita meir? Me har snart kommunevertar i kvar einaste bygd. Sjå oversikt lenger nede her på framsida. Kontakt gjerne kommunevertane for ein uformell samtale. Kommunevertane sit inne med mykje lokalkunnskap, er ekspertar på si bygd og er der for å hjelpa akkurat deg! 

Rundt på denne sida vil du finna svært mykje informasjon om kva som er å finna i Vaksdal. Du kan trykkje på kvar av hovudkategoriane øverst for generell informasjon og du kan bruka nedtrekksmenyane for å koma til meir konkrete tema. Bruk gjerne litt tid og sjå deg rundt for å få eit godt inntrykk av alt Vaksdal kan by på. Vaksdal kommune driftar også si eigen informasjonsside MittVaksdal.no . Den er mindre omfattande, men vel verd eit besøk. 

Denne sida fungerer på alle plattformer, men du vil få den aller beste brukaropplevinga om du brukar datamaskin eller nettbrett. Det er lagt opp til dette med hensyn til tekst, bilete og video. 

Velkomentilvaksdal er privat drifta av Rune Langeland og ikkje av Vaksdal kommune. Du vil likevel finna mange henvisingar videre til Vaksdal kommune sine nettsider der dette er relevant. 

Videoen under viser nokon raske sekund frå kvar bygd. Men du finn mykje meir om du går inn på sidene til kvar enkelt bygd i menyen. Der vil det også vere fleire videoar. 


Kommunevertar i Vaksdal

Kommunevertane er klare til å hjelpe deg med å finne ut av det du ønskjer å vite om livet i kommunen vår. Er du tilflyttar og ynskjer hjelp frå ein kommunevert, ta kontakt med Innbyggjarservice i Vaksdal kommune - telefon 56 59 44 00. 
Trykk HER for å koma direkte til mittvaksdal si side for kommunevertar. 


Under her finn du bilder merka med #velkomentilvaksdal - Dersom du vil at dine bilder skal visast her, bruk hashtag: #velkomentilvaksdal når postar på instagram!



https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca