FLYTTE

Til Vaksdal Kommune

Vaksdal Kommune ynskjer deg hjarteleg velkomen og hjelper deg undervegs i prosessen! Me er her for deg dersom du har spørsmål vedrørande etablering i Vaksdal. På sida MittVaksdal er det også meir informasjon. 

Vaksdal kommune gjev tilskot ved etablering i kommunen. Størrelsen på tilskotet varierer etter område, alder og type bustad. Du kan forventa mellom 25.000 og heilt opp til 350 000 kroner. Trykk HER for å lesa meir om tilskot til etablering. 
Dersom du kan få startlån\støtte gjennom husbanken, har behov for kommunal bustad, eller kvalifiserer for bustøtte hjelper me også med det. Ta kontakt. 
Trykk HER for å finne ut meir om å byggje, endre og rive. 


Stanghelle sjøfront - Trinn 2

Unik moglegheit dersom du ser etter bustad på Stanghelle. Nye leiligheter som står klare første halvdel av 2023. Førehandssal pågår. Moderne leiligheter i ulik storleik med panorama sjøutsikt. Finn annonse: HER    Meir informasjon på facebook: HER    Utbyggjar: Arkoconsult

Bustad til sals

Trykk her for å koma direkte til finn.no si side for bustad til sals i Vaksdal kommune. Kjøp og flytt inn på direkten. Enklare enn det vert det ikkje. Lær meir om dei ulike bygdene ved å klikka deg rundt på denne sida. Ta gjerne kontakt dersom du vil vita meir om området. 

Tomter frå Vaksdal Kommune

Vaksdal kommune har tomter til sals. Her kan du kjøpe tomt og starte byggjeprosessen raskt. Du vil finna pris, område, kart og kontaktperson ved å trykke på lenke. Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer befaring eller bilder av området.tA kontakt med Vaksdal Kommune for oppdatert oversikt over alle tilgjengelege tomter i kommunen. 

Tomter frå Jamne eiendom

Jamne eiendom har attraktive tomter til sals sentralt på Vaksdal. Heile feltet er ferdig med VVA, asfaltert veg, straum og gatelys. Les mer på jamne eiendom ved å trykkja HER


Byggje andre stader i Kommunen ?

Kallestad på Osterøysida av Kallestadsundet

Utdrag av plankart. I grønmarkert område ynskjer ein bygging


Mange stader er regulerte til bustadføremål uten at det er tomter klare for sal. Spesielt gjeld det i dei mindre bygdene. Eksempelbiletet ovanfor til venstre er frå Kallestad på Stamnes. Dette er ein av desse stadene. Dersom du har ein spesiell stad du ynskjer å byggje, så kan du ta kontakt. Du kan til dømes få vita kven som er grunneigar, meir om reguleringsplan og søknadsprosess og vegen framover. Me anbefaler gjerne å sjå i kartet i arealplanen under for å få meir informasjon om stader der det er ynskjeleg med fleire bustader. Zoom langt inn for å sjå alle dei markerte områda, det skjuler seg mange perler. Går du på google maps og på streetview, kan du få eit godt inntrykk heime frå di eiga stove. Dei fleste av desse plassane er eigde av private grunneigarar. Innbyggjarservice kan hjelpa med meir informasjon om områda og kontaktinformasjon til grunneigar. 

AREALPLAN-KART
PLANOMTALE
FØRESEGNER
KONTAKTINFORMASJON


Anten du ser etter tette byggefelt med gode naboar, fred og ro for deg sjølv langt frå sivilasasjonen, eller noko midt i mellom - så finn du det hjå oss!