Idrett

Idrettslag og aktivitetar

Det er noko for alle


Alle bygdene i Vaksdal har eige idrettslag med forskjellige aktivitetar. Aktivitetane kan variera frå år til år, så oppmodinga vert å fylgje linkane under til det laget du vil vita meir om. På deira heimesider og facebooksider vil det vera oppdatert informasjon om tilbod og kontaktinformasjon.

Vaksdal Idrettsråd

Vaksdal idrettsråd er ein paraplyorganisasjon for alle idrettsorganisasjonane i kommunen. 
Vaksdal idrettsråd kan kontaktast om du treng meir informasjon. Dei kan også kontaktast om du ynskjer å starta opp ein aktivitet og treng hjelp. 
Kontakt: Kim Andre Gregersen
Telefon: 90 07 03 74
E-post: kim.gregersen@rolls-royce.com

Foto: Skileikanlegget i Bergsdalen
Foto: Skileikanlegget i Bergsdalen

Bergsdalen Idrettslag

Bergsdalen idrettslag er eit aktivt lag som har aktivitetar heile året. Spesielt vinterhalvåret er det laga til skiløyper og aktivitetar på skileikanlegget på Lid som du finn meir om HER. 
Bergsdalen idrettslag kan du finna på facebook HER
Kontakt: Rangvald Berge: Telefon 48 27 17 67

Illustrasjon: Ukjend
Illustrasjon: Ukjend

Dale Idrettslag

Dale idrettslag er eit aktivt idrettslag med variert tilbod heile året. Fotball er kanskje den største aktiviteten med fleire lag i mange aldersklassar. Det er også tilbod som for eksempel handball, turn og anna. På dale er det populære arrangement som eksempelvis moroturneringa "vertshuscupen" i fotball.  Ta kontakt for å finna ut meir om tilbodet. 
Dale idrettslag har facebookside du kan finna HER
Heimesida finn du HER
E-post: post@daleil.org

Foto: Rune Langeland
Foto: Rune Langeland

Stamnes Idrettslag

Stamnes idrettslag har forskjellige aktivitetar året gjennom. For eksempel den svært populære trimpoengkonkurransen , årleg motbakkeløp , kajakkutleige, bokstavrebus i naturen for born, badminton, knøttetrim, nissemarsj, refleksjakt for born, årleg fiskefestival i juli og mykje meir. Ta gjerne kontakt for å finna ut meir om tilbodet. 
Du finn Stamnes idrettslag på facebook HER
På epost: stamnesil@gmail.com
Telefon: Helen Børhaug: 41 51 82 14 / Renathe Vik 91 17 96 73

Foto: Bergo fjellflyt
Foto: Bergo fjellflyt

Eksingedalen Idrettslag

Eksingedalen idrettslag har aktivitetar året gjennom. Om vinteren er det alltid preparerte skiløyper og gjerne toppturar på ski for dei som ynskjer det. Sumarstid er det turgrupper, friidrett, motbakkeløp, fjelltrimmen og friidrett. Ved nok etterspørsel har idrettslaget fotballag, med eigen bane på Bergo. Det vert arrangert vaksdalsmesterskap i langrenn. 
Eksingedalen idrettslag har ikkje facebookside, men dei postar aktivt på Eksingedalen si side: Eksingedalen.no
Kontakt: Anna Bergo: 48 02 45 52

Foto: Stanghelle idrettslag
Foto: Stanghelle idrettslag

Stanghelle Idrettslag

Stanghelle idrettslag har aktivitetar for alle aldrar og alle sesongar. Dei arrangerer for eksempel både barnetrim, trampett, spinning og badminton innandørs i gymsalen på Stanghelle. Utandørs har dei kajakk med utleigemoglegheiter, eigen fjelltrimgruppe, fotballag, volleyballbane og Stanghelle aktivitetspark. På Stanghelle er det også turn\idrettsskule. 
Stanghelle idrettslag si facebookside finn du HER
Solbjørg Langhelle telefon: 98 88 71 62
Epost: stanghelleidrettslag@gmail.com
Nettside: https://www.stanghelleil.com/

Foto: Vaksdal idrettslag
Foto: Vaksdal idrettslag

Vaksdal Idrettslag  

Vaksdal idrettslag er eit svært aktivt lag med stort tilbod. På Vaksdal finn du klubbhus, fotballbaner og eigen tennisbane. 
Idrettslaget har også treningar i Vaksdal samfunnshus/gymsal.
Idrettslaget driv ei rekkje aktivitetar som småbarnstrim, idrettsskule, trimgruppe, turn, dame\herrefotball og zumba. I tillegg vert det arrangert turar og andre friluftslivsaktivitetar. 
Epost: post@vaksdalil.no
Facebooksida til Vaksdal idrettslag finn du HER
Nettside: https://www.vaksdalil.com/


Foto: Rune Langeland
Foto: Rune Langeland

Vaksdal Sportsskytterklubb

Vaksdal sportsskytterklubb disponerer eigen skytebane i starten av Herfindalen på Vaksdal.  Leiar er Per Ivar Bruvik, og telefon for meir informasjon er 56 59 75 28  / 906 40 070

Foto: Nordgrend Skyttarlag
Foto: Nordgrend Skyttarlag

Nordgrend Skyttarlag

Nordgrend skyttarlag disponerer eigen riflebane med 100m hold i Toskedalen på Stamnes. Laget har oppsette skytingar frå våren og til hjortejakta startar i september. Skyttarlaget har medlemmar frå heile kommunen og arrangerer konkurransar som jaktfeltskyting, miniatyr og leirdueskyting for born\ungdom. Størstedelen av skytinga på bana er trening og jaktprøve for dtorviltjakt. 
Kontakt: Rune Gullbrå: 97612727
Epost: nordgrend@skytterlag.no
Facebook: HER

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca