Barnehage

Hjå oss får du plass - der du bur

Vaksdal kommune satsar på born, unge og på levande bygder. Barnehageplass i nærmiljøet er svært viktig for barnefamiliar og Vaksdal har difor barnehage i nær alle bygder.
Våre barnehagar er trivelege og moderne med store uteområder og dyktige ansatte. Borna dine vil få det godt hjå oss!
For å koma til Vaksdal Kommune si side for barnehage, trykk HER. 
For å lese meir om barnehagane i vaksdal hjå utdanningsdirektoratet, trykk HER.
Barnehagevedtekter i Vaksdal kommune trykk HER
For å søkje barnehageplass, sjå prisar, spesielle behov, samt finne ferie\fridagar, trykk HER. 


Video under: Skular og barnehagar i Vaksdal kommune 


Stamnes Barnehage

Stamnes barnehage er frå 2021 ein del av Stamnes oppveksttun i Sanden på Stamnes. Her er barnehagen samlokalisert med skulen, men barnehagedelen er likevel  adskilt frå skuledelen. Samlokalisering gjer at ein får samla meir kompetanse og ein vert meir fleksibel. Oppveksttunet stod ferdig våren 2021 og består av nytt uteområde, nytt tilbygg og ein oppgradert del av skulen. Barnehagen har eigen inngang og eige uteområde. Frå barnehagen kan ein også bruka turmål som fetahaugen, Leiro, Stamnes, vannvegen mot gapahuken og Geithaugen etc. Barnehagen ligg på nedsida av skulen, godt skjerma frå trafikk og hovudvegen.  Stamnes Barnehage har ein avdeling men dette vert justert etter barnetal. 
Stamnes barnehage har born 1-5 år. 

Barnehagefakta HER

Styrar: Rektor Agnetha Olsen Brekkhus
E-post: jan.erik.dahle@vaksdal.kommune.no 
Mobil: 97 58 00 59

Telefon til avdeling: 48 88 03 62 og 48 88 03 63
Adresse: Eidslandsvegen 850 - 5727 Stamnes 
For kart, trykk HER

Stanghelle Barnehage. Vaksdalposten
Stanghelle Barnehage. Vaksdalposten

Stanghelle Barnehage

Stanghelle barnehage er ein stor og moderne barnehage som ligg i lågaskarsvegen midt på Stanghelle. Barnehagen har 6 avdelingar og det går born frå 1-5 år her. Barnehagen har stort uteområde og har utsikt ned mot sjøen og jernbanen. Det er moglegheit for turar mot Agnavika, fyret og den nye dagsturhytta, eller gamlevegen til Helle. Det er tilgang til heile Stanghelle utan at ein må kryssa verken hovudvegen E16 eller jernbanen. 

Barnehagefakta HER

Styrar: Brita Hesjedal Lund
Telefon: 48 88 03 46
E-post: brita.hesjedal.lunde@vaksdal.kommune.no

Telefonnummer til avdelingane:
Løo - 40 80 19 15
Låven- 48 88 03 43
Høyloftet - 48 88 03 44
Stabburet - 48 88 03 47
Fjøset - 48 88 03 57
Stallen - 48 88 03 69

Adresse: Lågaskarvegen 8, 5724 Stanghelle
For kart, trykk HER

Vaksdal Barnehage

Vaksdal barnehage er ein stor moderne barnehage med 4 avdelingar som ligg på Tveitane på Vaksdal. Dette er eit område som er langt frå hovudvegen og godt skjerma for trafikk. Barnehagen har born frå 1-5 år.  I tillegg til leikeområdet er det idrettsplass i området, og det er gode turmoglegheiter oppover Sædalen, Herfindalen og ellers rundt på Vaksdal. 

Barnehagefakta HER

Styrar Lene Kristin Rohde
Mobil: 92 44 02 03
E-post: lene.rohde@vaksdal.kommune.no

Telefonnummer til avdelingane:
Siloen: 48 88 03 73
Kjøkkenet: 48 88 03 66
Valsaloftet: 48 88 03 72
Smio: 48 88 03 68

Adresse: Tveitane 12, 5725 Vaksdal
For kart, trykk HER

Dale Barnehage


Dale barnehage er lokalisert i Kyrkjegata i Dale sentrum. Barnehagen ligg opp mot fjellet heilt i den østlege delen av sentrum og er i stor grad skjerma for trafikk og støy.  Barnehagen har 2 avdelingar, Oskeladden og Bukkene bruse. I dale barnehage kan det gå born frå 3-5 år. 
Barnehagen har i tillegg til uteområdet sitt enkelt tilgang til heile nærområdet i på Dale. Ein kan gå turar langs elva mot Geitabakken, oppover Bergsdalsvegen, mot Dalseid, eller andre plassar. 

Barnehagefakta HER

Styrar Karianne Pettersen
Mobil: 48 88 03 61
E-post: Karianne.Pettersen@vaksdal.kommune.no

Telefonnummer til avdelingane:
Oskeladden - 48 88 03 59
Bukkene bruse - 48 88 03 60

Adresse: Kyrkjegata 3, 5722 Dalekvam.
For kart, trykk HER

Eksingedalen barnehage. Eksingedalen.no
Eksingedalen barnehage. Eksingedalen.no

Eksingedalen Barnehage

Barnehagen i Eksingedalen er ein del av oppveksttunet på Bergo. Barnehagen har vore stengt tidlegare, men opna igjen i  2021. Barnehagen har 1 avdeling og har born frå 1 til 5 år. Det vil seie at på oppveksttunet på Bergo er det no tilbod frå du er 1år til du er 16 år. Barnehagen ligg ved Bergovatnet i naturskjønne omgjevnader. Her er rein luft og null trafikkstøy!

Barnehagefakta HER

Styrar: Liv Anne Bergo
Mobil: 97 65 34 58
E-post: Liv.Anne.Bergo@vaksdal.kommune.no

Adresse: Eksingedalsvegen 2240, 5728 Eidslandet
For kart, trykk HER


Det vil koma meir informasjon om alle barnehagane etter kvart. 

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca