Turar og friluftsliv i Vaksdal

Du finn alt du treng - Me lovar!

Generell informasjon

Vaksdal Kommune er eit skikkeleg eldorado for friluftsliv og har natur i verdensklasse. Tilbodet er i tillegg svært variert. Hjå oss finn du dei lengste og djupaste fjordar, høge toppar, fantastiske lakseelver, gode fiskevatn i fjell eller lavland, den beste brunaureelva i Noreg, gode jaktterreng, skiløyper heile vinteren og ellers alt du kan drøyme om. Det er også gode moglegheiter for korte turar nærare bebyggelse, men med turmål som dagsturhytte, oppsatte lavvoàr, utsiktspunkt eller anna. Her er alt for dei erfarne som krev mykje, for barnefamilar som ynskjer korte turar for små bein og alt i mellom. 

Lenger nede vil det koma kort informasjon om kva du kan finna i kvar bygd.
Nederst på denne sida er nokon utvalde turtips. Desse er henta frå heftet "Høyr fjella lokke" som er laga av Vaksdal turlag.   
Mittvaksdal er Vaksdal kommune si side, som også har informasjon om https://vaksdal.kommune.no/mittvaksdal/innhald/fritid/fritid og friluftsliv HER. 

For å få vita meir om Friluftsliv, jakt og fiske kan du kontakta lokale idrettslag og grunneigarlag. Alle er med i lagsoversikta som du finn øverst på sida. Vaksdal turlag vil også vere naturlege å henvenda seg til og sit på svært mykje god lokalkunnskap. Vaksdal turlag er eit aktivt turlag for heile kommunen og er ope for alle. Her kan du bli med på tur og få gode vener med ein gong. Vaksdal turlag har si eiga side under paraplyorganisasjonen DNT, og den finn du HER.

Tursida www.UT.no har meir en 10.000 turforslag og rundt 1100 hytter og overnattingsstader over heile landet. Her er det mange gode forslag til turar i Vaksdal kommune.  Anbefalt side.
For å koma direkte til kartsida der du kan bla rundt Vaksdal kommune, trykk HER 

Bergen og Hordaland turlag har også god informasjon om turar i delar av Vaksdal Kommune. På sida deira kan du lese om hyttene som turlaget har, blant anna i Bergsdalen. 
Dei har også ei særdeles flott brosjyre om turområdet i Bergsdalen og Kvamsfjella. Den anbefalast! For å lese, trykk HER
Les meir om turar i Bergsdalen på heimesida, trykk HER

For å få vita meir om moglegheitene i kvar enkelt bygd kan du også kontakta kommuneverten i bygda. Dei finn du på framsida av denne nettsida. 
Dersom du ynskjer å kjøpa jaktkort eller fiskekort kan du henvenda deg direkte til representant for det aktuelle grunneigarlaget. Trykk her for å koma til oversikt.
Jaktkort vert også seld på inatur, trykk her for å koma til rett plass.  

Lenger nede vil det koma kort informasjon om kva du kan finna i kvar bygd.
Nederst på denne sida er nokon utvalde turtips. Desse er henta frå heftet "Høyr fjella lokke" som er laga av Vaksdal turlag.  


Nokon bilder frå Vaksdal turlag

Bileta under er frå Vaksdal Turlag si facebookside som du finn HER
Bileta viser blant anna DNT si hytte på Vending, medlemmar i turlaget, kom deg ut dag på Nesheim i Eksingedalen, bading i Herfangsvatnet og arrangement barnas turlag på Straume. 


Kort informasjon frå kvar bygd


Stanghelle

Stanghelle ligg fint til ved Veafjorden, omkrinsa av høge fjell som Stanghellefjellet og Storafjellet. Stanghelle har eigen dagsturhytte ved fyret på Tettaneset der du kan ta med heile familien uansett alder (Video nederst på sida!). Her er du for deg sjølv ute på eit nes ved fjorden, og har fantastisk utsikt.  Frå Stanghelle kan du også gå på lengre turar som til dømes Storafjellet eller Hestafjellet (ca1,5t) som gjev panoramautsikt over Veafjorden mot Stamnes, Osterøy og mot Vaksdal. Ein anna tur er opp til Kraksavatnet og Setratjødna, der det ligg fleire hytter idyllisk til (ca 1,5t). Frå dette utgangspunktet kan ein gå videre innover Stanghellefjellet til Flatavatnet eller videre. Alterntivt kan ein gå mot Fossdalen, det er også sti ned igjen til Fossmark. Frå Stanghelle kan ein også gå via skogsvegen på Helle og opp til Hellesetra, og evt videre inn til Holmavatnet og Gråsidvatenet. Derifrå har ein tilgang til heile Vaksdalsfjella og kan fortsetja til Vaksdal, Fossmark, Dale eller gå innover Bergsdalsfjella. Vil du berre ein tur på vegen for deg sjølv, kan du fylgja gamlevegen langs forbi Helle og langs Dalevågen. På denne vegen kan du gå heilt til Dale. Frå Stanghelle kan du med andre ord gå så kort eller langt du vil. 
Forøvrig leiger idrettslaget ut kajakk, og du kan padla på tur i Dalevågen, mot Vaksdal eller i Veafjorden retning Stamnes. Stanghelle har ei stor moderne båthavn som er eit flott utgangspunkt for fiske i fjorden eller turar i nærområdet.
Jaktkort for småvilt kan kjøpast direkte på inatur.  

Stamnes

Stamnes er plassen der fjordane møtes. Frå Stamnes sentrum går den lange Veafjorden utover mot Stanghelle. Her er veglause gardar og bratte fjell. Fjorden er fin for fiske, og det er mange turmål der du kan starta i fjæresteinane, både på Osterøysida og fastlandssida. Dersom du frå Stamnes vil oppover straumane, kjem du til Leiro, Sanden, Vikafjorden, Straume og så til Bolstadfjorden som svingar seg heilt inn til Bolstad og starten på Vosso. Dersom du frå sentrum går nordover Kallestadssundet, åpnar det seg enda fleire moglegheiter. Her kan ein fylgje fjorden forbi Hesjedalsfossen og inn til Eidsland, ein kan gå rundt Osterøy til Romarheimsfjorden og videre i retning Bergen, eller inn Mofjorden til Mo i Modalen. 
Stamnes sentrum har gjestebryggje og drivstoffanlegg for dei som er glad i sjø og båtliv. På kaien er det også utleige av kajakk i regi av Stamnes Idrettslag. Her kan du nyte stillheita og padle heilt i di eiga verd, du kan ta med kompis\venninnegjengen på grilling i ei lun vik eller bade på ei strand. 

Også Stamnes har eit svært variert friluftstilbod. Her er korte turar til for eksempel Slåttøyane, Bygdehytta ved Tresvatnet i Øyadalen, Geithaugen er eit populært turmål for små, og er rett bak sentrum. På veg til Geithaugen finn du flotte dyrefigurar langs heile ruta, veldig gøy for dei yngste som er med på tur..  Den korte turen til Middagshaugen gjer deg panoramautsikt heilt til fyret på Stanghelle. Det er lagt ut turbøker på dei fleste turmål i Stamnesområdet, og nokon plassar som ved gapahuken og Middagshaugen er det også postkasse med hengekøy til bruk for dei som ynskjer. 
For lengre turar kan det eksempelvis  anbefalast å gå opp stien i Straumsdalen frå Straume eller Øyadalen frå Øyane. Gå forbi flotte elvar og vatn oppover mot der Storfjellet åpenbarar seg. Storevarden har ei høgd på 1115 meter, og frå fjellet her kan du gå til mot både Eksingedalen, Teigdalen eller Øvstedalen\Bolstad. Moglegheitene er utallige. Kontakt gjerne idrettslaget, turlaget eller lokale for meir informasjon. 
Jakt og fiskekort for områda i Stamnes får ein ved å kontakta Stamnes grunneigarlag.  

Dei aller fleste stiane og turmåla er godt merka i heile Stamnesområdet. 

Skiløyper på Nesheim - eksingedalen.no
Skiløyper på Nesheim - eksingedalen.no
Kajakk i Bergovatnet - bergofjellflyt
Kajakk i Bergovatnet - bergofjellflyt
Bålplass ved Bergovatnet - Bergo Fjellflyt
Bålplass ved Bergovatnet - Bergo Fjellflyt

Eksingedalen

Eksingedalen er ein lang dal som startar ved Eidslandet innerst i Eidsfjorden og går heilt til Gullbrå 600 meter over havet. Det vil seie at du finn alt frå djupe skogar til fjellgardar og høge toppar. Eksingedalen har eit aktivt idrettslag som har aktivitetar og turgrupper heile året. Om vinteren er det skiløyper på Nesheim - heile vinteren. Eksingedalen har 4 årstider som ein lokal innbyggjar sa. Det er faktisk vinter om vinteren, ikkje berre slaps som mange andre kanskje er kjende med. 
Gjennom dalen renn elva Ekso. Ekso er lakseførande i den nederste delen mot Eidsland, og den har ellers ferskvassaure i heile elva. Ein del av elva er kultivert og er kjend som ei av Noreg si beste brunaureelver, med fangstar på opp mot 6 kg. Her kjem interesserte frå heile verda for å fiska. Det er Ekso villfisk som står for kultiveringsarbeidet.
 Det er ellers fiskemoglegheiter i fjellvatn spredt rundt heile dalen og fjella rundt. Gjennom heile dalen er det stiar, turmål og stølar du kan gå til. For eksempel gjennom Torvedalen til Torvedalshytta, ein tur til Eksestølen eller beinhelleren. Det fins også meir tilrettelagte turar om du ynskjer det, f.eks opp gjennom anleggsvegen til BKK til Grøndalsvatnet. Då nermar du deg Vikafjellet! I

Eksingedalen er det mange moglegheiter for å overnatta om du ynskjer det. Les gjerne meir om det HER. 

På Bergo kan du leiga deg kajakk og reise på padletur i området rundt flotte Bergovatnet. Bergo Fjellflyt er ekspertar på alt i dette området, og din lokale guide. Dei bidreg gjerne med turtips, og det er sett opp gapahukar og bålplassar i området rundt. Sjekk gjerne ut deira instagram konto HER

Det er både småvilt og storviltjakt i Eksingedalen. Kontakt gjerne Øvre Eksingedalen og Eksingedalen grunneigarlag om dette. Du kan også kjøpe jaktkort for småvilt fleire plassar i dalen direkte på Inatur. 

Ta gjerne kontakt med Vaksdal turlag, Eksingedalen idrettslag eller Anna Bergo (Bergo Fjellflyt) dersom du ynskjer å vita meir!

Vaksdal frå Raudnipa - Malin Gjermo Jacobsen
Vaksdal frå Raudnipa - Malin Gjermo Jacobsen

Vaksdal

Vaksdal er saman med Boge og Langhelle den sørlegaste delen av kommunen og området som er nærast Bergen.

Vaksdal ligg tvers over fjorden for Bruvik på Osterøy, og er også ein byg omkransa av både høge fjelltoppar og ein lang og djup fjord. Her er både fiskemoglegheiter og badeplassar i sjøkanten. 

Dersom du vil opp i høgden er det skogsveg heilt opp til Bogevatnet, som også har god utsikt utover fjord og bygd. Dersom du vil ha lett adkomst til fjella kan du også køyre bilvegen heilt opp til parkeringsplassen på Langhelle og gå stien opp til Raudnipa og eventuelt videre til Hananipa. Frå Raudnipa har du fantastisk utsikt gjennom heile Veafjorden og mot Grånova i Stamnes 30kilometer lenger nordover. 
Frå Vaksdal kan du også gå via Tjødnhaugen og Budalen opp til Vaksdalsfjella. Her har du adkomst videre innover mot Bjødnafjellet, Gløvret, og mange fleire stader. Herifrå er moglegheitene uendelege. Du kan gå til Fossmark, Hellesetra og Stanghelle, Dalestølen og Dale eller innover Bergsdalsfjella. 

Frå Vaksdal sentrum kan du også gå ein roleg tur oppover vegen til Sædalen eller viere oppover Herfindalen. Dette er ein flott tur i seg sjølv, men er også eit godt utgangspunkt for videre turar innover mot Herfangen eller Bergsdalsfjella, eksempelvis mot Høgabu. 


Småbrekke - Vaksdal Turlag
Småbrekke - Vaksdal Turlag
Frå Bergsdalen ner Grønalii mot Herfangsvatnet og Flatavatnet - Vaksdal Turlag
Frå Bergsdalen ner Grønalii mot Herfangsvatnet og Flatavatnet - Vaksdal Turlag

Bergsdalen

For å koma til Bergsdalen kan du køyra vegen opp frå Bulken i Voss, eller opp til Storefossen frå Dale i Vaksdal. Vegen er den gamle hovedvegen mellom Bergen og Voss. 
Frå dei ulike stadene i Bergsdalen får du enkel og god tilgang til store fjellområder, samstundes som du sparar deg for mange meter motbakke. I tillegg til dei fastbuande, er det også svært mange som har valgt å ha hytte i dalen.
På småbrekke i Bergsdalen arrangerer Vaksdal kommune villmarksleir kvart år. 

På nordsida av vegen finn du fjell som Dystingen, Kvitafjellet og Mykkeltveitveten. Du har moglegheit for å kryssa fjellet og gå ned til Verpelstad, Bolstad og Evanger om du ynskjer. 

På sørsida av vegen gjennom Bergsdalen og forbi Hamlagrø er dei største fjellområda. Her er små tjødnar, store fiskevatn, merka stiar, høge toppar, lange dalar og fleire DNT hytter. Eksempelvis Gullhorgabu, Vending og den svært populære hytta med den spesielle utsikten, Kiellandsbu. (Ein passerer kommunegrensa til Voss ved Hamlagrø). 
Desse områda er populære både vinter og sumar. Det er kvista løyper til fleire hytter vinterstid, utført av Vaksdal Røde Kors Dei er også klare til unnsetning dersom noko skulle skje i fjella våre heile året. 
Ein kan kryssa fjellet frå Bergsdalen og gå til Vaksdal, Samnanger, Norheimsund, Fyksesund, eller frå Hamlagrø og til Voss for den del. Det er mange moglegheiter og fantastisk høgfjellsnatur undervegs i alle retningar. 
Jaktkort og Fiskekort kan i stor grad kjøpast på Inatur, men legg merke til at det er forskjellige grunneigarlag, jakttider og prisar i områda. 

Leiro ved Leirovatnet - Vaksdal Turlag
Leiro ved Leirovatnet - Vaksdal Turlag

Eidslandet

Eidslandet ligg ved enden av Eidsfjorden. På nordvestsida av Eidsland ligg eit fjellparti som skiljer Eidsfjorden og Eidsland frå Mofjorden. Her er det mogleg å gå over fjellet og ned til Mofjorden. Det er gardar og bebyggelse fleire plassar langs fjorden, men i all hovedsak veglaust på den sida. 
Det er toppar med god utsikt, tildømes Grånova, Snjofannefjellet eller den overkommelege Eidsnova. 
Nordover frå Eidsland går vegen mot Eksingedalen, og her er fleire merka stiar til stølar og toppar undervegs. Fleire er skilta frå bilvegen. 
På vestsida av Eidsland er det store fjellområde som er lett tilgjengelege. Ein kan til dømes gå langs Mysterelva via Leirovatnet og opp Steinsedalen. Ein er no passert tregrensa og har tilgang til Storfjellet og der ein har videre tilgang til toppar som Saudalsnova, Storevarden og Vetlevarden. Her er fine turar både sumar og vinter. Dersom ein vil ned ein anna plass enn ein kom opp, kan ein for eksempel gå ned sørdalen til Flatekval i Eksingedalen via tverrdalen til Øvstedalen og Bolstad eller ned igjen til Straume eller Øyane på Stamnes. 
Dersom ein vil gå verkeleg langt kan ein fylgja fjellet innover forbi Stordalsnjuke, Kvanngrønavene, Gråsida og heilt til Bergo i Eksingedalen. 
Fjellområda er populære til både toppturar og småviltjakt. 
Det ligg ein bildekarusell med flotte friluftsbilder under Eidsland si side under fana "bygdene". 

Eidsfjorden endar ved Eidsland. Av og til frys fjorden til om vinteren, då er det moglegheiter for både skøyter og isfiske, sjå video til venstre. 
Elva Ekso endar også ved Eidsland. Laksebestanden har dei siste åra vore mindre enn ein hadde håpa på, så sjekk lokalt om fiskekort kan kjøpast. 

Nordlys ved Beitelen - Bente Boge
Nordlys ved Beitelen - Bente Boge

Dale

Dale er midt mellom alt i Vaksdal kommune. 
Du har kort veg til det meste av dei andre bygdene, i tillegg til alt Dale har å by på sjølv. Det gjeld både med bil og til fots.
Frå Dale kan du gå over fjellet til panoramautsikt over Veafjorden, du kan spasere langs Dalevågen til Stanghelle, du kan rusle opp Bergsdalsvegen som slyngjer seg langs fjellsida opp til Storefossen og Bergsdalen, gå innover gamlevegen forbi Dalseid og mot Stamnes, eller gå til Dalestølen der du får videre tilgang til Fjellområda over Stanghelle, Vaksdal og mot Bergsdalen. Her er utallige turmoglegheiter anten du vil gå kort eller langt. 

Rett sør for Dale sentrum finn du Daleelva. Dette er ei god lakseelv som er godt tilrettelagt og ivareteken av Dale jakt og fiskarlag. Langs elva kan ein spasera nedover heilt til Dalevågen. 
Dale Jakt og fiskarlag har også leirduebane i Norddalen på Dalegården, og her er det både faste treningar og konkurransar frå vår til haust.  Sjå videoen her for oversikt over elva og leirduebana. 

I Daleområdet er det også tilrettelagte friluftsområde, som elveparken i Sandliane og  leikeområdene utanfor den nye skulen i sentrum og utanfor Turbinen idrettshall. 


Bergen og Omland Friluftsråd

Vaksdal kommune er medlem i Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) som eig og driftar ei rekkje friluftsområde i kommunen. BOF har som oppgåve å sikre, tilretteleggje, informere og stå for dagleg drift av bade- og friluftsområde i heile Bergensregionen. Rådet forvaltar nærare 200 friluftsområde med eit samla areal på meir enn 23.000 dekar.
For BOF sitt kart over friluftsområder i Vaksdal og omegn, trykk HER
For BOF si nettside, trykk HER. 


Turtips

Frå Vaksdal Turlag si brosjyre: Høyr Fjella Lokke

Nokre videoar av turar under

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca