Stanghelle

Video av Stanghelle


Stanghelle ligg nydeleg til mellom fjella, Dalevågen og Veafjorden. Bygda består av både tette byggjefelt, noko meir spreidd bebyggelse og litt hytter\fritidsbustader. På Helle er det også gardsbruk.  Dei fleste husa på Stanghelle er einesbustader, men du finn både rekkehus, leilighetsbygg og tomannsbustader.
Frå Stanghelle kjem du deg raskt og enkelt dit du skal med både tog, bil eller buss.  

Foto: Stanghelle aktivitetspark
Foto: Stanghelle aktivitetspark

Stanghelle er naturleg todelt med hovudvegen, jernbana og vågen nede i sentrum. Lokalt pleier ein å omtala det som Stanghelle aust og Stanghelle vest. Brua over fjorden knyter Stanghelle saman.
Stanghelle aust ligg på oppsida av hovudvegen. Her finn du også Stanghelle skule, med samfunshall, idrettspark, fotballbane, sandvolleyballbane, skatepark og meir. Stanghelle skule er ein barneskule med 1-7 klasse og SFO.
Frå toppen oppe ved skulen kan ein fylgja vegen videre ned bakken og nordover til Helle. Dette er ein lite trafikkert veg, hovudsakleg brukt som turveg\sykkelveg. På denne vegen kan du kan koma deg mot Helle, Dalevågen og Dale utan å bruka hovudvegen. Denne vegen kan ein også fylgja om ein ynskjer å gå skogsvegen opp mot Hellesetra, til utsikten, eller lenger oppover fjella mot Dale eller Vaksdal. Vegen kryssar også Dalevågen på Helle. Herifrå kan du kan gå stien opp mot Storafjellet for å få utsikt over Stanghelle, Osterøy og Veafjorden, eller fortsetje langs vågen til Dale. Bileta under viser området rett forbi Stanghelle, frå Helle og langs Dalevågen. 


Nede i sentrum er Stanghelle barnehage, daglegvarebutikk og pizzarestaurant\bar. Barnehagen på Stanghelle har born frå 1-5 år og er inndelt i fleire avdelingar. Les meir om både skulen og barnehagen under fana for oppvekst øverst på sida.
Nede ved sjøen innanfor brua er det naust og private kaiar, men du finn også kajakk til utleige frå Stanghelle idrettslag. Her har du flotte moglegheiter til å koma deg innover Dalevågen mot Daleelva eller å sjå den majestetiske Veafjorden frå kajakken (video under). Under fana friluftsliv øverst på sida finn du turkort som beskriv nokon ruter du kan padla frå Stanghelle. Finn ut meir ved å kontakta Stanghelle IL. 

Under kan du sjå film frå Veafjorden. Denne ligg mellom Stanghelle og Stamnes. Frå Stanghelle kan du nå desse fjella, eller kva med ein padletur i kajakk i ein av Noreg`s mest urørte og fantastiske fjordar??


Dersom du går sørover frå barnehagen og sentrum, kjem du nedover Haldorbrekka mot togstasjonen. Dette er forbi det lange kvite rekkehuset med 2 etasjar. Frå togstasjonen kjem du deg til Bergen på omlag 35-40-minutt og til Voss på omlag 40-minutt.
Lenger bortover vegen forbi togstasjonen er stort kaianlegg med småbåthavn. Her kan du både kjøpa og leiga plass til store og små båtar. Kaianlegget er moderne flytebryggjer av betongelement og det er tillaga med lys, straum og låst port. 

Over brua kjem du til Stanghelle vest. Oppover vegen til høgre finn du byggjefelt som hovudsakleg består av einebustader. Områdene er Eikestølen, Åslia og Vågslia. Stanghelle vest er til høgre på biletet. Dersom du tek til venstre når du kjem over brua vil du finna flotte områder der det er både fastbuande og hytter. Nyleg er det sett opp leilighetsbygg med panoramautsikt over fjorden her borte, og del 2 er under planlegging. Les meir om dette under fana "Flytte".
Prosjektet heiter Stanghelle sjøfront, og det er ei unik moglegheit for leilighet med sjøutsikt i ei flott bygd. 


Rett nedanfor vegen her finn du Agnavika. Dette er Stanghelle sin mest populære badeplass med sandstrand, grøne bakkar, sklier for både store og små, bord, benkar og bålplass for grilling. Dette er ein svært populær plass som er mykje brukt. 
Frå Stanghelle vest er det også stiar oppover til utsiktspunkt som varden, Åsen og ut til fyret som har ei flott dagsturhytte alle kan bruka. Dagsturhytta i Vaksdal kommune har fått navnet "Fjordsyn" og stod klar i mai 2021. Du når denne etter knappe 30 min spasertur frå Agnavika.  Sjå video under. 

Video av Dgsturhytta Fjordsyn

Foto: Stanghelle aktivitetspark
Foto: Stanghelle aktivitetspark

Sandvolleyball på bana i aktivitetsparken, rett ved Stanghelle Skule. 

Foto: Stanghelle Skule
Foto: Stanghelle Skule

Samling på fotballbana ved Stanghelle skule

Fjelltopp med utsikt over fjorden. Stanghelle er ned og inn til venstre der fjorden forsvinn inn mellom fjella. 

Fyret på Stanghelle. Følg vegen forbi Agnavika og videre ut mot tettaneset. Ein fin tur. Dagsturhytta "Fjordsyn" står også her ute. 

Den lange Veafjorden mellom Stamnes og Stanghelle. Stamnes er ned til venstre og Stanghelle der du ser fjorden sluttar i det fjerne. Her kan du besøkje veglause gardar, høge fjelltoppar og padle i urørt natur. Det går ikkje veg på nokon sider av fjorden. 


Kart over stanghelle

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca