Skule

Vaksdal kommune ynskjer levande bygder og har i tråd med dette vedtatt at alle dei største bygdene skal ha eigen skule. Derfor finn du grunnskule trinn 1-7 på Vaksdal, Stanghelle, Dale og Stamnes. I tillegg er det skule\oppveksttun i Eksingedalen med 1-10 klassetrinn. I Vaksdal kommune får du gå på skule i bygda der du bur. Ungdomsskulen i Vaksdal er på nye Dale skule i Dale sentrum. Denne skulen stod klar i 2020. 
Vaksdal kommune satsar på born og unge! 

Under er litt informasjon om skulane i kommunen. Dersom du ynskjer meir informasjon kan du kontakta skulen direkte, du kan kontakta Vaksdal kommune via innbyggjarservice eller du kan snakka med ein av kommunevertane våre. Vaksdal har kommunevertar i nesten kvar bygd. Sjå framsida. 

Du kan lese meir om alle skulane i vaksdal hjå utdanningsdirektoratet ved å trykkje HER
Einingsleiar for skulane i Vaksdal kommune er: Jill Bru Johansen. Telefon: 45 37 65 34


Video under: Skular og barnehagar i Vaksdal kommune

Dale Skule


Dale skule er den største skulen i kommunen. Det er både barneskule 1-7 klasse for elevar frå Dale og det er ungdomstrinn 8-10 klasse for elevar frå heile kommunen. 
Skulen er ny, moderne og vart opna i 2020. Skulen har to etasjar. Klasseromma er tilrettelagde med gode digitale hjelpemiddel og det er store vindusflater som gjer det lyst og fint innandørs. Det er mange undervisningsrom, og spesialrom for kunst og handverk, mat og helse og ein påkosta naturfagsal med flust av mogelegheiter. Skulen har stort 25m symjebasseng, kultursal og bibliotek som også kan nyttast av innbyggjarane i Vaksdal utanfor skuletida. 

Skulen har fleire uteområder. På østsida av bygget er det tilrettelagd for dei yngre og ein finn sandkasse, zipline, huskestativ, klatrebaner, sklier og mykje anna. På vestsida er det tilrettelagt for elevane som er litt eldre. Her finn ein ulike styrketreningsapparat, bord og benkar, trampoline med meir. 

Det er parkeringsplass i tilknyting til skulen og busstopp like utanfor. Skulen ligg i Dale sentrum, men er plassert  heilt nord mot Dalseiddalen. Dette gjer at ein unngår størstedelen av trafikken som køyrer til og frå Dale. 

Meir informasjon frå utdanningsdirektoratet HER

Rektor Magnar Helland
Mobil: 48 88 03 31
E-post: magnar.helland@vaksdal.kommune.no

Adresse: Dalseidvegen 7 - 5722 Dalekvam

Telefon til administrasjonen: 45 37 65 42

For kart, trykk HER 



Stanghelle Skule


Stanghelle skule ligg for seg sjølv oppe i Brekkjen på Stanghelle aust, og er ein fulldelt barneskule med 1.-7. trinn. Skulen er ein av dei større barneskulane i kommunen og driftar også 2 SFO-avdelingar. Stanghelle skule har 36 tilsette.
Uteområdet til skulen er fint opparbeida med kunstgrasbane, skate-rampe, skogsområde, sandvolleybane og mange leikeapparat. Det er store moglegheiter for bruk av naturområda rundt skulen og ellers i bygda. Det er god tilkomst til heile Stanghelle utan at ein må fysisk kryssa verken jernbane eller hovudveg. For eksempel kan ein bruka gamlevegen mot Helle og Dalevågen, tur mot Hellesetra, eller gå til dagsturhytta ute ved fyret og fjellområda deromkring. 

Skulen brukar PALS (positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling i skulen) som eit viktig arbeidsverktøy for å skapa eit trygt læringsmiljø for elevane. Trivsel og tryggheit for alle elevane er viktig for skulen, og dei legg til rette for eit tett samarbeid mellom lærarar, fagarbeidarar/elevassistentar og mellom skulen og SFO.

Skulen si pedagogiske plattform har 3 kjerneverdiar som er utdjupa frå visjonen om å gjere kvarandre gode. Kjerneverdiane er tydelege vaksne, elevmedverknad og godt samarbeid heim-skule. Lesing, samarbeidslæring, vurdering og det digitale klasserommet er viktige satsingsområde for skulen.

Stanghelle skule er på facebook, trykk HER

Rektor Kari Vaksdal Faugstad
Telefon: 92 22 04 16
E-post: kari.vaksdal.faugstad@vaksdal.kommune.no
Telefon til administrasjonen: 45 37 56 65 

Adresse: Brekkjen 23 - 5724 Stanghelle

SFO Stanghelle:48 88 03 02 

For kart, trykk HER.


I bildekarusellen under er det litt bilder frå skulekvardagen. Bileta er henta HER 

Stamnes  Skule

Og oppveksttun

Nye Stamnes oppveksttun
Nye Stamnes oppveksttun
Nye Stamnes oppveksttun
Nye Stamnes oppveksttun

Stamnes Skule finn du i Sanden, 5 minutt køyring frå Stamnes sentrum. Skuledelen av oppveksttunet har 1-7 klasse. Skulen har leikeplass, fotballbane, ballbinge og asfaltert uteområde til leik, sykling og andre aktivitetar. Frå skulen er det kort veg til turmål som f.eks Fetahaugen og andre plassar. Det vert arrangeret skidag, akedag, skøytedag og andre aktivitetsdagar i nærmiljøet på Stamnes. Skulebygget som opprinneleg er frå 1974 er modernisert og bygd på fleire gongar. Det er no ei fleksibel løysing med klasserom som kan slåast saman eller lukkast for å få ro. SFO har sin eigen del av skulen. På sørsida av bygget er det gymsal, og med heilt nytt garderobeanlegg i 2021. Kontorområde med møterom er i den søraustlige delen av skulebygget, der det også er eit eige tilbygg til dette. 

Bygdefolket brukar også skulebygget flittig. Her vert arrangert øvingar for korps og musikkøving, det vert arrangert basar, møter og anna. Stamnes idrettslag arrangerer fotball, volleyball, smårbarnstrim, badminton og anna i gymsalen. 

I forbindelse opninga av Stamnes oppveksttun i 2021 er det også modernisert ventilasjonsalegg, nye lysnisjer og påbygd barnehagedel på vestsida av bygget. 

Ei samlokalisering av skule og barnehage som  oppveksttun gjev nye mogelegheiter for å skape eit godt miljø kring borna i bygda. Som samlingsplass på føremiddag og ettermiddag vil oppveksttunet spele ei stor rolle i borna sine sosiale liv. 
Dei yngste borna vil få moglegheit til å bli kjent med kvarandre og bli trygg på dei eldre borna. Oppveksttunet vil la borna få rollar i kvarandre sitt liv. Dette gir grobotn for trygg identitet, både hos seg sjølv, med andre og til bygda. 

Stamnes Skule er på instagram! For å sjå bilder, trykk HER 

Meir informasjon frå utdanningsdirektoratet HER

Rektor Agnetha Olsen Brekkhus
Mobil: 97 58 00 59
Mobil til lærarkontor: 45 37 73 12
SFO: 48 88 03 53

Adresse: Eidslandsvegen 850 - 5727 Stamnes
For kart, trykk HER

I bildekarusellen under er det litt bilder frå skulekvardagen på Stamnes. Bilder er henta HER

Vaksdal Skule


Vaksdal Skule
Vaksdal Skule
Teikingar nye Vaksdal skule
Teikingar nye Vaksdal skule

Vaksdal skule stod klar i 2022 og har plass til inntil 110 elevar fordelt på 1-7 klasse.

Skulen er plassert på same tomta der den gamle skulen låg. Plasseringa gir ein open skuleplass med lys og sol frå sør og vest, og mogelegheiter for ulike aktivitetar.

Skulebygget har fasader av trepanel. Bygget er på to etasjar med to sjølvstendige bygningar som er bunde saman av eit mellombygg med felles funksjonar.

Småskuletrinnet 1. - 4. klasse, og SFO, er plassert i 1. etasje. Her er det òg mellom anna forskarrom, mat og helse og personalgarderobe.

Hovudinngangen er i mellombygget og der er det areal for musikk, dans og drama med øvingsrom.

Ved større arrangement kan musikkrommet opnast opp mot samlingsarealet og kan gi plass til mange.

Elevane på trinn 5. - 7. er på plan 2. Her er óg forskarrom og spesialrom for sløyd, tekstil og keramikk.
Her er og arbeidsplassar for pedagogar, administrasjon og helsesjukepleiar.
Personalrom og møterom er i mellombygget, og frå mesanin er det ope ned til samlingsarealet på plan 1.

Rektor Monika Antun
Mobil: 48 88 03 11
E-post: monika.antun@vaksdal.kommune.no

Adresse: Vaksdalsgarden 25, 5725 Vaksdal

Eksingedalen Skule


Sofakroken. Rune Langeland
Sofakroken. Rune Langeland
Rune Langeland
Rune Langeland
eksingedalen.no
eksingedalen.no

Eksingedalen Skule ligg på Bergo heilt Nord i Vaksdal kommune. Skulen har frå 1 til 10 klasse. Her er det også ungdomstrinn på grunn av lang reiseveg frå Bergo til ungdomsskulen på Dale.  Eksingedalen skule er kanskje Noreg`s koselegaste skule med eigen sofakrok og peisovn. Størrelsen på skulen og klassane gjer også at elevar og lærarar vert svært godt kjende med kvarandre. 
På Bergo lever skulen med fantastisk natur og jordbruk tett på. Dette nyttar skulen seg av i mange ulike fag.

Skulen har lang tradisjon for å jobba tverrfagleg og på tvers av klassetrinn. På den måten bind ein elevgruppa saman og slik får ein læra saman med andre. Digitalisering er òg eit satsingsområde for skulen.

Eksingedalen skule ynskjer motiverte elevar som er aktive i si eiga læring, der arbeidsoppgåver og tema opptek dei. I undervisninga vert undring og utforsking vektlagt. Barneskulen har mellom anna vunne sølv i Nysgjerrigper to år etter kvarandre.

Skulen er viktig i lokalsamfunnet - og lokalsamfunnet er viktig for skulen. Familiane og bygdefolket vert inviterte med i fag som ressurspersonar - og til sosiale samkome på skulen der elevane presenterer noko dei har lært og er gode til.

«Eksingedalen skule skal vera ein god stad å vera, ein god stad å læra - og gjera elevane trygge ut i verda»

Meir informasjon frå utdanningsdirektoratet HER

Rektor Liv Anne Bergo
Mobil: 976 53 458
E-post: Liv.Anne.Bergo@vaksdal.kommune.no

Adresse: Eksingedalsvegen 2240 - 5728 Eidslandet

For kart, trykk HER 

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca