Vaksdal næringsselskap

Gjer Vaksdal til ein attraktiv nærings og tilflyttingskommune

Vaksdal Næringsselskap sitt kontor finn du i heradshuset på Dale - Kontakt dei gjerne!


Verksemder som vil etablera seg i bergensområdet kan finna mange fordelar med etablering i Vaksdal kommune. Kort reisetid til Bergen, 3 jernbanestasjonar og europaveg gjennom kommunen gjev svært god kommunikasjon med resten av landet. Djupvasskai gjev og høve til transport med skip.

Dale Fabrikker har 50 000 m2 ledige næringslokaler til utleige. Vaksdal senter har òg ledige lokaler. På Dalegarden mellom Dale og Stanghelle er det tilgjengelege næringsareal. I tillegg har Vaksdal god infrastruktur på kraftforsyning og redundante fibernett. Dette for å nevne noko. 

Det er mange gode grunnar til å etablere bedrift akkurat i Vaksdal. Ta gjerne kontakt slik at me kan hjelpe med akkurat ditt behov. Me hjelper deg i gang og støttar deg undervegs.


Vaksdal Næringsselskap
Vaksdal Næringsselskap


Vaksdal Næringsselskap sitt kontor finn du i heradshuset på Dale.

Vaksdal Næringsselskap AS er ein aktiv pådrivar for å gjere Vaksdal Kommune til ein attraktiv nærings- og tilflyttingskommune.

Dersom du ynskjer å etablera næringsverksemd i Vaksdal Kommune kan du kontakta VNK for støtte, hjelp og råd.