Næring

Arbeidsliv og næring 

Vaksdal har eit variert utval bedrifter i alle kategoriar.
Vaksdal er naturkommunen som også har eit stort industripreg. Naturenergien i vassdraga gav frå 1860-åra grunnlaget for stor industriproduksjon. Kommunesenteret på Dale er kjent for sitt tekstilmiljø, med flaggskipet "Dalegensaren". Tettstaden Vaksdal har mølleanlegg med produksjon av mellom anna mjøl og dyrefor. Kommunen er prega av vakker natur med bratte fjell og vatn som stuper ned i vassdrag og fjord. Mange av vassdraga er regulerte, og ein finn både småkraftverk og større kraftstasjonar. Kommunen har store naturressursar innan jord og skog, vilt og fisk. Dei flate og bruksenkle areala ved fjord og vassdrag er for det meste bebygd. Bergsdalen og Eksingedalen er to grøderike fjelldalar og jordbruksbygder med mellom anna lange og viktige vassdrag og verdifull skog- og jordbruksproduksjon. 

 

Vaksdal Kommune

Kommunen er den aller største arbeidsgjevaren. Vaksdal kommune tilbyr bredt utvalg av stillingar i alt frå kommuneadministrasjon til helse\omsorg, utdanning, teknisk drift og mykje anna. Vaksdal kommune driftar også nettsida MittVaksdal, og du kjem direkte til sida for bustad og arbeid HER. 

Starte bedrift i Vaksdal?

Vaksdal vil på mange måtar vere ein svært eigna plass å starta bedrift. Det er ledige næringsareal, det er god kommunikasjon med både veg og bane, og det kan vere god hjelp å få. Dette gjeld om du er tidlegare etablert andre stader, eller om du vil byrja frå grunnen av. Kontakt gjerne Vaksdal Næringsselskap for hjelp i oppstartsfasen. Dei kan bistå med hjelp og råd i ein oppstartsfase, setja deg i kontakt med rette personar og løyva tilskot. 



For å læra meir om arbeidslivet i Vaksdal, bruk nedtrekksmenyen under fana "Næringsliv" øverst på sida. Kontakt gjerne Vaksdal kommune, Vaksdal Næringsselskap eller bedriftene direkte for meir informasjon. 

https://artlist.io/?artlist_aid=runelangeland_2325&utm_medium=43001dca