Næring

Arbeidsliv og næring 

Vaksdal har eit variert spekter av bedrifter innan mange kategoriar. Kommunen er både ein naturkommune og ein industrikommune, der naturenergien frå vassdraga alt frå 1860-talet la grunnlaget for omfattande industriproduksjon.

Kommunesenteret på Dale er kjent for sitt tekstilmiljø – ikkje minst for Dalegensaren. På Vaksdal finn du både Norgesmøllene, som produserer mjøl og brødmiksar, og Felleskjøpet si kraftfôrfabrikk.

Kommunen er elles prega av spektakulær natur med bratte fjell, vatn som stuper ned i vassdrag og fjordar, og mange regulerte elvar. Her finn du både småkraftverk og større kraftstasjonar.

Vaksdal har rike naturressursar innan jord og skog, vilt og fisk. Dei flate og lett tilgjengelege areala langs fjord og vassdrag er i stor grad bygde ut. Bergsdalen og Eksingedalen er grøderike fjelldalar og jordbruksbygder, kjende for lange vassdrag og verdifull skog- og jordbruksproduksjon.


 Vaksdal Kommune

Vaksdal kommune er den største arbeidsgjevaren i kommunen. Her finn du eit breitt spekter av stillingar – frå administrasjon til helse og omsorg, oppvekst, teknisk drift og fleire andre fagområde.

Kommunen driftar òg informasjonssida MittVaksdal, der du kan lese meir om bustad og arbeid på undersida «Bu i Vaksdal».

Starte bedrift i Vaksdal?

Vaksdal er på mange måtar ein svært godt eigna stad å starte bedrift. Her finst det ledige næringsareal, og kommunen har gode kommunikasjonar med både veg, jernbane og djupvasskai.

Enten du er etablert frå før ein annan stad, eller vil byggje opp noko heilt nytt, kan du få god støtte lokalt. Vaksdal Næringsselskap (VNS) tilbyr råd, nettverk og hjelp i oppstartsfasen, set deg i kontakt med rette samarbeidspartnarar og kan òg løyva tilskot.



For å lære meir om arbeids- og næringslivet i Vaksdal kan du bruke nedtrekksmenyen under fana «Næringsliv» øvst på sida.

Ta gjerne kontakt direkte med Vaksdal kommune, Vaksdal Næringsselskap (VNS) eller dei lokale bedriftene for meir informasjon.