Oppvekst
Barnehage og skuletilbodet
Vaksdal kommune satsar på barn og unge. Dei siste åra er det bygd fleire nye og moderne barnehagar og skular, og barnefamiliar skal ha det godt i Vaksdal!
Barnehagedekninga er svært god, med barnehagar på Vaksdal, Stanghelle, Dale og Stamnes. Både Vaksdal og Stanghelle har barnehagar av nyare dato, og i 2021 stod Stamnes oppveksttun ferdig med ny barnehage og modernisert skuledel. Det er i 2025 vedtatt bygging av ny barnehage på Dale.
Det er barneskular på Vaksdal, Stanghelle, Dale, Stamnes og i Eksingedalen. Vaksdal barneskule er den nyaste, og blei tatt i bruk i 2022.
Ungdomsskulen i kommunen ligg på Dale. Den moderne skulen stod klar i 2020 og har både kultursal, symjebasseng, store uteområde og alt som trengst for å møte framtida.
For å lære meir om kvar enkelt skule og barnehage, kan du bruke nedtrekksmenyen under fana «Oppvekst» øvst på sida.
Vaksdal kommune har òg meir informasjon om oppvekst, skule og barnehage på si eiga nettside MittVaksdal – klikk [her] for å kome dit.




