
Kulturhus
Det er mange bygg i kommunen som tener som hus for kulturaktivitetar. Nokre er kommunale, andre private. Dei fleste kan leigast til det du ønskjer – til dømes skular og samfunnshallar, ungdomshus, grendahus, bedehus, forsamlingshus, kyrkjer, Dalehallen og Turbinen fleirbrukshall. Turbinen og Dale kyrkje er store nok til å husa meir enn 300 personar. Dei andre lokala rommar frå om lag 300 og ned til rundt 80. Bygga er godt spreidde over heile kommunen.
Hjartet, Kultursalen i Dale skule
Salen består av to rom med foldevegg mellom. Romma fungerer godt både saman og kvar for seg. Kultursalen har skyveamfi med 170 plassar; med ekstra stolar kan kapasiteten aukast til om lag 250 publikummarar. Salane er universelt utforma med trinnlaus tilkomst og tilrettelegging for høyrslehemma. Ved større framsyningar/konsertar kan aktivitetssalen fungera som sceneområde. Begge romma har parkettgolv; Kultursalen har trepanel på veggane, medan aktivitetssalen har absorberande treplater.
Aktivitetssalen har prosjektor og lerret som kan brukast som bakgrunn når heile salen er open. Kultursalen har prosjektor/lerret, lyd- og lysrigg. Det står eit piano på hjul, og det finst ekstra høgtalarar, mikrofonar, halsslynger og miksepultar.
Telefon: 936 45 297
E-post: kulturskulen@vaksdal.kommune.no

Aktivitetshuset Vaksdal:
Aktivitetshuset Vaksdal
Lokalisert i Vaksdal sentrum. Huset er i privat eige og vert leigd ut til døypefeiringar, minnestunder, festlege lag, møte, yoga, barnebursdagar, intimkonsertar, øving m.m. Musikklubben på Vaksdal leiger fast, og Vaksdal musikklag har øvingar her. Ved selskap kan det dekkast til om lag 40 personar, og ved møte opp til ca. 60.
Facebook: HER
Telefon: 90 67 83 57
Bergsdalen Kyrkje:
Langkyrkje frå 1955, brukt av Bergsdalen sokn (Vaksdal kyrkjelege fellesråd). Reisverk i lokal granittstein, ca. 140 sitjeplassar.
Facebook: HER
Følg kyrkjene i Vaksdal på Facebook: HER
Meir informasjon frå Vaksdal kyrkjelege fellesråd: HER
Bergsdalen Ungdomshus:Ungdomshuset ligg ved avkøyringa til Bergsdalen skule. Her er aktivitetar som 17. mai, dans, juletrefest og ulike samlingar. Huset er mykje brukt gjennom året og kan leigast av alle.

Dale Bedehus: Bedehuset ligg i krysset midt i Dale. Byggestart var i 1988, og huset stod ferdig i 1997. Lokalet er mykje brukt til alt frå konfirmantsamlingar og minnesamvær til babysong og andre møte.

Dale Forsamlingshus:
Forsamlingshuset ligg rett ved Dale kyrkje. Foreininga Dale Forsamlingshus eig, driv og tek vare på huset som kultur- og forsamlingslokale til gagn for dalefolket.
Les meir på Facebook: HER
Telefon: 56 59 66 57
E-post: bodild@nkrf.no

Dale Kyrkje:
Langkyrkje frå 1955, i betong. Kyrkja har galleri med orgel og om lag 600 sitjeplassar. Spissbogestilen (gotisk) er gjennomført i heile kyrkja.
Les meir hjå Den norske kyrkja: HER. Følg kyrkjene i Vaksdal på Facebook: HER. Meir informasjon frå Vaksdal kyrkjelege fellesråd: HER.

Eidslandet Kapell:
Kyrkjestaden ligg innerst ved Eidsfjorden. Elva frå dalen ovanfor slyngjer seg bak Eidslandet og rundt ein bergnabb før ho renn ut i fjorden. På nordsida av elveosen er det danna eit eid der kyrkja ligg, med kyrkjegard på nordsida og vegen som skilje mot elva. Les meir om Eidsland kapell hjå "Norges Kirker" HER
Følg Kyrkjene i Vaksdal på facebook HER
Meir informasjon frå Vaksdal kyrkjelege fellesråd HER.

Eidslandet Grendahus: Ligg på venstre side rett over brua etter avkøyring frå Eidslandsvegen inn på Mystervegen. Vert brukt som selskapslokale, til 17. mai, bryllaup, konfirmasjonar, konsertar m.m.

Ekse Grendahus:
Tidlegare skule (1950-talet), påbygd med soverom, dusjar og toalett. Seks soverom (24 senger) + 10 madrasser. Funksjonelt kjøkken med storkapasitet. Spisesal med plass til ca. 48 personar. Huset kan leigast for overnatting.
Ekse er eit populært utfartsområde sommar og vinter, med skiterreng og turar til Eksestølen, Kvitanosi og innover Stølsheimen. Meir info: HER.

Flatekval Kyrkje: Kyrkja er ei langkyrkje frå 1881. Den ligg på Flatekval i Eksingedalen. kyrkja vart vigsla 12. juni 1883. Meir informasjon om kyrkja finn du HER.
Følg Kyrkjene i Vaksdal på facebook HER
Meir informasjon frå Vaksdal kyrkjelege fellesråd HER.

Fagertun: Tidlegare skule i Eksingedalen. Her er møterom med prosjektor, stove med fem sofaer og totalt 44 sengeplassar. Huset er eigd av Norsk Samemisjon og vert brukt til leir (t.d. konfirmantleir) og utleige – til speidarar, konfirmasjonar, runde dagar og familiesamlingar. God sengekapasitet, fullt utstyrt kjøkken og flott utgangspunkt for tur gjer Fagertun attraktivt. Huset er ubetent; leigetakar ordnar matlaging og vask/rydding.
Nettside og kontaktinformasjon HER

Ljosheim Grendahus: Eitt av dei eldste ungdomshusa i landet. To salar som kan slåast saman til éin, egna for det meste av festsamkomer og møteverksemd. Mykje brukt av heile Eksingedalen.
Ljosheim er både på facebook HER og instagram HER.
Nesheim Kyrkje: Kyrkja er bygd i ein rektangulær form og er frå 1907. Kyrkja har 120 plassar. Kyrkja ligg langt oppe i Eksingedalen, der vegen tek av sørover mot Evanger. Det er den første kyrkja på staden.
Meir informasjon om kyrkja finn du HER.
Følg Kyrkjene i Vaksdal på facebook HER
Meir informasjon frå Vaksdal kyrkjelege fellesråd HER.
Stamnes Kyrkje: Kyrkja er av typen langkyrkje og blei bygd i 1861 i tre. Sakristiet blei påbygd i 1961. Kyrkja har galleri med orgel, og sitjeplassar til ca 250 personar.
Meir informasjon om kyrkja finn du HER og HER
Følg Kyrkjene i Vaksdal på facebook HER
Meir informasjon frå Vaksdal kyrkjelege fellesråd HER.
Stamnes Ungdomshus: Ungdomshuset er eigd av Stamnes bygdalag. Det er plassert på ein liten haug mellom Hydno og Skuggebergdalen, ikkje langt frå sentrum. Huset har ein stor sal i 2 etg med scene, lys og lydanlegg. I kjellaren er det ein mindre sal med bar, samt stort kjøkken. Huset er i bruk av bygdefolket heile året, mellom anna til quiz, dans, konsert, revyar, 17 mai, og private samankomstar.

Stanghelle Bedehus: Bedehuset ligg i Døso på Stanghelle, på tomta bak butikken. Bedehuset er eigd av Dale og Stanghelle indremisjon. Huset er brukt til møteverksemd, gudstenester, konfirmantsamlingar og utleige til private. Fotolaget leiger ein del av huset.

Stanghelle Samfunnshall: Samfunnssalen er bygd på Stanghelle skule ca 1985. Det er ein stor sal\gymsal med kjøkken og lagerrom. Salen er i bruk til private arrangement som bryllaup og bursdagar, samt ungdomsklubb, diskotek, 17 mai og mykje anna.

Synken: Eigd av Felleskjøpet, disponerast av Vaksdal Vel / Synkens venner. Vert brukt til møter og mindre arrangement (maks 20 pers). Ligg rett ved røde kors sine lokaler på Vaksdal.
Facebook HER
E-post: vaksdalvel@gmail.com
Straume Ungdomshus: Ungdomshus\Grendahus som du finn på Straume på Stamnes. Gamalt hus men godt ivaretatt, med nyoppussa toalett og nytt tak. Her er lokale arrangement, basar, bursdagar, jonsokfeiring og anna.
Turbinen Fleirbrukshall/Dale: Turbinen er lokalisert på Dale, ned vegen forbi Dale of Norway og over Daleelva ved sidan av BKK sitt område. Turbinen har stor gymsal som kan delast opp med skiljeveggar. Det er styrkerom, spinningrom, møterom, kontorer og fysioterapeut. Turbinen er godt brukt både av einskildpersonar, lagidrett og skuleungdom.
Facebook HER
Kontaktinfo HER

Vaksdal Kyrkje: Kyrkja er ei langkyrkje av stein som ligg opp mot skogbrynet søraust for Vaksdal sentrum med vidt utsyn utover fjorden mot Osterøy i vest og med koret mot aust. Den høge plasseringa vert understreka ved ei lang, terrassert trapp framfor vestinngangen. Trappa fører opp til port i steingarden som innrammar det platået som kyrkja ligg på. Bygningen er oppført etter teikningar av Ole Landmark og vart vigsla 7. april 1933.
Meir informasjon om kyrkja finn du HER
Følg Kyrkjene i Vaksdal på facebook HER
Meir informasjon frå Vaksdal kyrkjelege fellesråd HER.

Vaksdal Samfunnssal: Samfunnssal/gymsal ligg vegg i vegg med Vaksdal senter i sentrum av bygda. Salen er eigd av Vaksdal kommune og kan leigast. Den er i bruk til alt frå private samankomstar, konsertar (Eksempelvis ved vintertreffet), og til trening.
Telefon: 56 59 44 00
Eit av bygga som er i bruk til kulturføremål, er Dale kyrkje. Sjå Ordførar Hege syngje Fager er jordi i Dale kyrkje i videoen under!