Idrett og friluftsanlegg
Idrettsanlegg
Vaksdal kommune har eit omfattande og variert tilbod av idretts- og friluftsanlegg godt fordelt i alle bygdene. Her finn du alt mellom fotballbaner, ballbinge, gymsalar og symjeanlegg, til skiløyper, leikeplassar, og aktivitetsparkar. Mange av desse er knytte til lokale idrettslag og er tilgjengelege både for organiserte aktivitetar og eigenaktivitet.
Fotballbanar:
Det er fotballbanar og ballbinger på Dale, Vaksdal og Stanghelle, der det òg er eigne fotballag. På Bergo i Eksingedalen er det fotballbane som vert brukt ved behov, til dømes dersom det er nok deltakarar til å starte opp lag. Banane vert nytta både til kampar, treningar og fritidsspel.
Eksingedalen nærmiljøanlegg: På Bergo er det 7-ar fotballbane med grusdekke og lysløype.
Stanghelle aktivitetspark inkluderer ballbinge og leikeområde, og er eit felles møtestad for leike- og treningstilbod. I fleire bygder er det også mindre nærmiljøanlegg ved skule- eller idrettsområde som kan nyttast fritt.
Geitabakken sentralidrettsanlegg: Du finn Geitabakken ved å følgje vegen nedover langs elva frå Dale sentrum. Geitabakken har fotballbane med kunstgras, naturgrasbane og løpebane. Arbeidet med å ruste opp heile anlegget er sett i gang. Sjå skissa under.

Kajakkanlegg: Både Stamnes og Stanghelle idrettslag leiger ut kajakk for ein rimeleg penge. Idrettslaga kan bistå med naudsynt opplæring og har også periodevis arrangerte turar og kurs. På Stamnes finn du kajakkane ved gjestebryggja i sentrum, mens på Stanghelle er dei i litlevika ved flytebryggja. Tørrdrakter, redningsvestar og tryggleiksutstyr kan leigast etter avtale. Trykk HER for meir informasjon om Litlevika friluftsområde. Trykk HER og HER for turkort frå Stanghelle til Dalevågen og Veafjorden.


Treningssenter: I Dale sentrum finn du treningssenteret NEXT. Dette opna i 2022 og held til i det gamle bankbygget i sentrum, i etasjen ovanfor spar. Meir informasjon på facebooksida deira HER.
Skileikanlegg/Lysløype:
På Lid i Bergsdalen er det skileikanlegg ved den gamle skulen. Her er det mykje aktivitet gjennom vinteren, med mellom anna preparerte løyper og lysløype. Det er òg gode akebakkar for born. Sidan Bergsdalen ligg litt høgt, er det normalt gode forhold og lang sesong for vinterleik. Det er òg lysløype på Bergo i Eksingedalen.
Sjekk gjerne ut bilete og finn meir informasjon på skileikanlegget si facebookside ved å trykkje HER.


Skytebaner:
Jakt og friluftsliv er populært i Vaksdal, og det er fire skytebaner i kommunen som er i aktiv bruk.
Toskedalen: Nordgrend skyttarlag si bane. Følg Toskedalsvegen innover frå Kallestadsundet bru, og du kjem til skytebana på høgre side av vegen rett før Toskedalsvatnet. Bana har klubbhus, 100-metersbane og ei lita leirduebane. Det er hovudsakleg rifleskyting på bana, men det vert òg arrangert miniatyrskyting og leirdueskyting for born og ungdom.
Eidsland: Vaksdal/Modalen skyttarlag si bane med springande elg, 100 m og 200 m bane og elektronisk anvising. Her er både treningsskyting og konkurransar.
Nordalen: Dale JFL si bane. Dette er ei bane for leirdueskyting. Det vert arrangert stemne og konkurransar, men mesteparten av skytinga er for moro og trening til småviltjakta. Bana ligg ovanfor Shell og BIR-stasjonen på Dalegarden.
Ardalen: Her er bana til Vaksdal Sportsskytterklubb. Du finn denne ved å køyre mot Sædalen frå Vaksdal, og ta til høgre inn Herfindalsvegen. Dette er ei bane for pistolskyting/korthaldsbane.
Stanghelle aktivitetspark: Her finn du BMX-bane, skatepark, leikeapparat og sandvolleyballbane. Stanghelle aktivitetspark har eigen facebookside du finn ved å trykkje HER. Aktivitetsparken er lokalisert ved skulen på Stanghelle aust.


Symjehall – Dale folkebad er lokalisert på Dale skule, i Dale sentrum. Symjehallen stod klar i 2020 og har 25 m basseng. Bassenget er i bruk som opplæringsbasseng for skulane, men er òg ope for innbyggjarar utanom skuletid.
Trykk HER for å sjå prisar på Vaksdal kommune sine nettsider.
Tennisbane: Det er utandørs tennisbaner på idrettsplassen på Vaksdal, og ved Gåsedammen på Dale. Desse kan brukast etter avtale med lokalt idrettslag.
Turbinen Fleirbrukshall:
Hallen består av ein idrettshall med speleflate for handballkampar. Her er òg merka og utstyrt for basketball, volleyball og badminton. Hallen kan delast i tre med skiljeveggar ved behov. Hallen har scene og lydanlegg. Det er fire ordinære garderobar og to mindre dommar-/instruktørgarderobar. I samband med inngangspartiet er det kjøkken og kafeområde.
I andre etasje er det eit godt utstyrt styrkerom som er ope for alle over 16 år. Ynskjer du treningsmedlemskap, klikk her. I same etasje er det òg eit rom med spinningsyklar. Dette kan leigast av grupper. Det er ein garderobe med dusj i denne etasjen.
I tredje etasje er det eit sosialrom med prosjektør, lerret og lydanlegg med teleslynge. Dette rommet eignar seg godt for kurs, men kan òg brukast til konfirmasjonar, runde dagar eller andre selskap.
Meir informasjon, prisar og opningstider finn du på Vaksdal kommune sine nettsider ved å trykkje HER.
Vaksdal idrettspark:
Vaksdal idrettspark har fotballbaner med tribune (kunstgras med gummispon) og tennisbane. Anlegget er i bruk av Vaksdal idrettslag og andre i bygda utanfor oppsette treningar. Anlegget har flaumlys og kan brukast heile året.
Friluftsanlegg
Elveparken i Sandliane på Dale: Her er det jungelløype, hundepark og bord og benkar i stein. Eit fint område og turmål for store og små.
Landskapsmuseet og Skipshelleren:
Lokalisert på Straume/Stamnes. I området finn du steinalderbustaden Skipshelleren, skulemuseet, Kallestadstova, den verna naustrekkja frå 1800-talet i grindverksbygg, dragebryggja, sandtak og laksegiljer.
Skipshelleren er sjølve «flaggskipet» i landskapsmuseet. Helleren ligg på vestsida av Straumen og har tilkomst med båt frå fjorden eller med sti frå busshaldeplassen ved Demring. Dette var fangst- og buplass i steinalderen, for om lag 7000 år sidan. I området er det informasjonstavler, toalett, bålplass og kai. Skipshelleren har eigen nettstad du finn ved å trykkje HER. Les òg i kulturhistorisk vegbok HER. Skipshelleren er verd eit besøk anten du er liten eller stor, og ein kan gjerne bruke mange timar der ein klatrar i helleren, grillar på bålplassen og leikar i terrenget rundt.
BOF har òg ei side med kart og informasjon om Skipshelleren, HER. Du kan sjå bilete frå skulemuseet og finne meir om Straume ved å besøkje Digitalt museum – trykk HER. Det er mogleg å få guida omvising på laksegilje i Stamnes. Sjekk ut bygdasjarm HER.
I videoen under kan du sjå korleis ein dag i Skipshelleren kan vere.
Parken på Dale: I Holhovden på Dale er det tilrettelagd park med benkar og grøntanlegg. Ta gjerne turen opp Holhovdvegen frå Dale skule.
Småbrekke villmarksleir: På Småbrekke i Bergsdalen vert det kvart år arrangert villmarksleir på seinsommaren. Småbrekke er eit eldorado for born, og ein kan forvente aktivitetar som overnatting i telt/lavvo, fiske, grilling, båt, kanopadling, bading, gardsdrift, dyr, fjellklatring, fjellturar, bogeskyting, kos rundt bålet, brettspel og meir. Leiren er svært populær, og deltakarane er kvart år svært nøgde.
Håvard Bergo \ Sveinung Klyve har laga ein liten video frå delar av villmarksleiren på småbrekke i 2016, som du kan sjå under.
Truck Vaksdal: Eventyrpark med jungelløype, leikehytte, bord og benkar. Sjekk gjerne ut facebooksida for meir bilete og informasjon. Trykk HER.


Leikeanlegg: Det er òg store leikeplassar for born og unge tilknytte skular og barnehagar som kan nyttast utanom opningstidene, til dømes ved Dale barne- og ungdomsskule.