Eidslandet

Bygda innerst i Eidsfjorden

Video av Eidslandet

Eidslandet ligg innerst i Eidsfjorden, mellom Eksingedalen og Stamnes. Du kjem hit ved å følgje fylkesvegen forbi Stamnes heilt inn til fjorden endar. Ein annan veg går ned dalen frå både Modalen og Eksingedalen. På biletet under ser du Eidsfjorden strekke seg innover, med Stamnesfjellet på høgre side. Fotoet er teke frå Kallestad på Osterøy-sida.

Eidslandet er ei lita og roleg bygd der husa ligg med god avstand mellom seg. Her finn du Eidsland kyrkje, saman med billaget og nokre bustader ute på ei lita halvøy sør i bygda, rett før fjorden endar. 

Litt lenger inn Eidslandsvegen kjem du til sentrum. Her ligg det tidlegare skule- og barnehagebygget, nokre einebustader og det gamle butikkbygget nede ved kaien. Frå sentrum går det òg ein veg vidare innover mot Myster. På denne vegen kryssar du brua over elva Ekso – ei lakseelv som har sitt utspring høgt oppe i Eksingedalen, før ho renn ut i Eidsfjorden ved Eidsland.

Foto: Bjørn Arvid Ekse
Foto: Bjørn Arvid Ekse

Rett over brua ligg Eidsland grendahus på venstre side. Huset blir ivareteke av grendalaget og er flittig brukt til samankomstar som 17. mai-feiringar, basarar, konsertar og private lag som bryllaup og konfirmasjonar.

Litt lenger inn på Eidslandsvegen passerer du fotballbana på venstre side, medan vegen held fram heilt opp til Myster. Her ligg både gardar og einebustader. Ved vegen finn du òg ein parkeringsplass der du kan setje frå deg bilen mot betaling dersom du vil utforske fjellområda i nærleiken. Frå Eidsland går det ein merka sti opp til Leiro – ein fjellgard utan vegforbindelse, om lag 40 minutts gange oppover. Leiro ligg ved Leirovatnet, og i området finn du òg Mysterstølen.

Frå Leiro kan du gå vidare innover Steinsedalen, ta turen ned til Gavastølen og vidare til Stamnes, eller leggje ruta opp mot Storfjellet og ned i ei anna bygd. Dette er eit flott turområde, med gode jaktmoglegheiter og fleire fiskevatn. Det finst sjølvsagt òg mange andre vegar og stiar å utforske enn berre opp til Leiro. Sjå gjerne gjennom biletekarusellen under for fleire glimt frå området rundt Eidslandet. Alle foto i karusellen er tekne av Bjørn Arvid Ekse, som bur på Myster.

Køyrer du vidare oppover Eidslandsvegen passerer du dei siste husa i bygda før vegen tek deg vidare inn i Eksingedalen. Vegen følgjer elva oppover dalen, og fleire stader finn du fine badeplassar – særleg på slutten, rett før Modalstunnelen. Frå Eidslandet er det om lag sju kilometer til krysset ved tunnelen. Tek du til venstre og inn i tunnelen, kjem du til nabodalen og Mo sentrum. Held du fram oppover dalen, går vegen vidare inn i Eksingedalen. 

Sidan Eidslandet ligg omlag like langt frå både Dale og Mo, har bygda òg sterk tilknyting til Modalen. Mange frå Eidsland nyttar seg av Bryggjeslottet og andre tilbod i Modalen i staden for i Vaksdal kommune. Mo er kommunesenteret i nabokommunen, og her finn du Bryggjeslottet fleirbrukshus, daglegvarebutikk, kafé og mykje meir.


Nokre vintrar legg det seg trygg is på Eidsfjorden, til stor glede for både store og små. Under kan du sjå eit klipp som viser bygdefolket sin leik på isen på Eidslandet vinteren 2020. Video av Nese Media


Ådne Nordheim har laga ein video frå Eidsland 17.mai i 2020. Den har mykje fine oversiktsbilete frå området rundt Eidsland.


Kart over Eidslandet