Dale

Bygda mellom fjella

Midt i den grøne «Dalegryta» ligg administrasjonssenteret i Vaksdal kommune. Bygda er omgitt av bratte fjell, med elva som renn midt gjennom sentrum og har gitt kraft og liv til industri og folk i generasjonar. Her bur det over tusen menneske tett saman, i ei bygd som har både lange tradisjonar, moderne tilbod og kort veg til både Bergen og Voss.

Biletet viser Dale sentrum og er tatt frå turstien opp til Dalestølen. Til høgre er inn mot skyttarplassen. Nederst ser du fabrikkbygningane, og oppe til venstre går hovudvegen og jernbanen. Forbi hjørnet nede til venstre er vegen mot Dalegarden, mens opp til Dale der sentrum sluttar, er vegen mot Stamnes eller Voss. 

Dale sentrum sett frå Kvamsnova. Dette er fjellet nedanfor Dystingen. Her kan du sjå frå sentrum, nedover elva mot Geitabakken og nesten til Dalevågen. 

Når du går gjennom sentrum, ser du korleis bygda har vokse fram kring elva og fabrikken. Her er det daglegvarebutikkar, apotek, frisør, kafé og fleire småbedrifter. Butikkane ligg side om side med bustadhus, og det gir ein nær og heimleg atmosfære. På fine dagar ser du folk som set seg ned med kaffikoppen utandørs, medan barn syklar mellom butikkane og idrettsanlegga.


Transport
Dale er lett å nå – anten du kjem med buss, tog eller bil. Toget går heile dagen, og tek deg til Bergen på 40–45 minutt eller til Voss på rundt 35 minutt. Mange som bur på Dale pendlar, men like mange har arbeid lokalt. Med E16 gjennom sentrum er Dale eit naturleg stopp og knutepunkt for heile regionen.

Dale Stasjon. Bente Boge
Dale Stasjon. Bente Boge

Heradshuset
Heradshuset

Kommunesenter
Midt i sentrum ligg Heradshuset, hjartet for kommunen sine tenester. Her finn du innbyggjarservice, legekontor, helsestasjon og fleire andre funksjonar. Bygget ligg lett tilgjengeleg midt i sentrum, og er ein naturleg plass for innbyggjarane å gå når dei treng praktisk hjelp eller kontakt med kommunen.


Skule og oppvekst

Dale har ein stor og moderne skule, ferdig i 2020, som samlar både barneskule (1.–7. klasse) og ungdomsskule (8.–10. klasse). Uteområdet er stort, med splitter nye leikeapparat og eigne område for små og store elevar.

Inne finn du symjebasseng på 25 meter, kultursal og bibliotek – alt med universell utforming. Her har både elevar og lærarar alt dei treng for å lære, skape og trivast.

Like ved kyrkja ligg Dale barnehage, med to avdelingar for born mellom 3 og 5 år. Barnehagen er ein trygg start for dei minste, med leik, læring og nære band til lokalsamfunnet. Det er i 2025 vedtatt bygging av heilt ny barnehage på Dale. 


Bygdeliv og sentrum
Dale er meir enn arbeid og reiseveg – det er ein stad der folk kjenner kvarandre, helsar på gata og stiller opp når det trengst. Lag og organisasjonar har eit rikt tilbod, frå idrett og kultur til frivillig arbeid og sosiale møteplassar. For innflyttarar er det lett å bli inkludert, og mange opplever at dei raskt blir ein del av fellesskapet.

Vinter i Gågata. Janne Maj Nagelsen
Vinter i Gågata. Janne Maj Nagelsen

Nedanfor sentrum
Nedover vegen sør for sentrum passerer du bedehuset og den godt kjente lokalbedrifta Dale of Norway.  Lenger ned vegen treff du på Daleelva. Ei svært god lakseelv som vert godt ivareteken av Dale Jakt og fiskarlag. Eit aktivt lag med mange og dyktige medlemmar. Langs elva er det tilrettelagd med fiskeskur ved alle hølane. Kontakt dale JFL for fiskekort. Du finn dei i oversikta over lag og organisasjonar øverst på sida.  

Når du kryssar brua over Daleelva ser du turbinen, Vaksdal kommune sin fleirbrukshall. Her er stor gymsal som kan delast inn i soner. Det er også møterom, kjøkken, styrketreningsrom, fysioterapeut, og kontorlokaler. Hallen er hyppig brukt av både idrettslag, skulen, bygdefolk som berre vil trena for seg sjølv, og til møtevirksomhet som til dømes kommunestyremøter.   

Idrettslaget på Dale har lange tradisjonar og er ein viktig del av fellesskapet. Her kan barn og ungdom vere med på fotball, symjing, handball og andre aktivitetar. Idrettsanlegga blir brukte frå morgon til kveld – frå barnefotball på ettermiddagen til trim og seniortrening på kveldstid. 

Illustrasjon, nye Geitabakken
Illustrasjon, nye Geitabakken

Industri / historie

Dale har òg ei sterk industrihistorie. Elva gjennom bygda gav kraft til dei første fabrikkane på slutten av 1800-talet. I 1879 vart Dale Fabrikker grunnlagt. Her vart verdsberømte strikkegenserar produsert, og fabrikken sysselsette over tusen menneske på det meste. Dale-genseren har blitt brukt i OL og av folk verda over.

Industrihistoria pregar framleis bygda, og Dale er stolte av tradisjonane sine. I dag held fleire moderne bedrifter til her, og kombinerer lokal forankring med internasjonal verksemd.

Frå Dalegarden går Nordalen på oppsida av vegen. Her finn du BIR og Dale JFL si skytebane. Dette er ei leirduebane for haglgevær. Det er faste skytingar frå våren og utover sumaren mot hausten kvart år. Hovedsakleg treningsskyting for småviltjakta, men også stevner og konkurransar vert arrangert her.  Kontakt Dale JFL for informasjon. 

Leirduebana i Nordalen. Harald Lyngmo
Leirduebana i Nordalen. Harald Lyngmo


Frå Dalegarden går også den gamle vegen langs Dalevågen til Helle og Stanghelle. Denne vert brukt som omkøyringsveg ved behov, men stort sett er den ein populær tur og sykkelveg som knyter Dale og Stanghelle saman utan at ein må nytta hovudvegen. 

Gamlevegen. Fotograf Trond Erik Brekke
Gamlevegen. Fotograf Trond Erik Brekke


I videoen under kan du sjå fiskesoner i Dale-elva og skytebana i Norddalen


Friluftsliv

Friluftslivet byr på endelause moglegheiter. På berre ti minutt i bil er du inne i Bergsdalen, der elvar, vatn, stølar og fjellvidder ventar. Her kan du gå korte familieturar eller lange fjellvandringar, sommar som vinter. Det er fleire DNT hytter der du kan overnatte i fjellet. 

Frå sjølve Dale kan du ta turen opp til Dalestølen eller vidare til Kvamsnova, der utsikta strekkjer seg frå fjord til fjell. Stiane er mykje brukte av lokalbefolkninga, og du vil ofte møte naboar eller vener på veg oppover. For mange er dette ein del av kvardagen – ein rask tur i skogen etter arbeid eller ein søndagstur med familien.

Kveldsutsikt frå Dalseid mot Stamnes. Bente Boge
Kveldsutsikt frå Dalseid mot Stamnes. Bente Boge
Revebrua ved Daleelva. Bente Boge
Revebrua ved Daleelva. Bente Boge

Det fins mange moglegheiter for turar og friluftsliv med Dale som utgangspunkt. Frå sentrum kan du gå til Skyttarplassen, over hengebrua og opp stien mot Dalestølen. Dette er ein tur bratt oppover på ca 1 time og du får fantastisk utsikt over bygda på toppen. Frå Dalestølen kan du gå videre mot Bergsdalsfjella eller mot Fossmark, Stanghelle, Helle eller Vaksdal.
Opp Bergsdalsvegen og over demningen ved Storefossen er også ei populær rute. Her går det også turveg innover fjella og du kan velje å gå ned i den bygda du ynskjer. Alternativt kan du fortsetje på Bergsdalsvegen litt innover til du møter kraftstasjonen på Fosse. Herifrå går det merka sti opp til den 999m høge Dystingen, der du får panoramautsikt i alle retningar.
Nede frå sentrum er også kortare ruter, eksempelvis over hovudvegen og opp til Nordalsvatnet. Det er også merka veg frå Dalegarden og innover mot Krokavatnet og fjellområda ved Veafjorden. Få meir detaljerte turtips ved å lesa under fana for friluftsliv.  Sjekk også Vaksdal turlag. 


Dale har aktive lag og organisasjonar for ein kvar smak. Dersom du ynskjer å drive med idrett, musikk, jakt\friluftsliv eller noko anna, sjekk fana for idrett\kultur øverst. Der er beskrivelsar over mykje, og kontaktinformasjon til der du kan finna ut meir. Her er noko for alle!



Daledagane

Foto: Daledagane facebook
Foto: Daledagane facebook

Kulturlivet blomstrar på Dale. Den største folkefesten er Daledagane, der sentrum blir fylt med boder, musikk, mat og aktivitetar for heile familien. Her møtest folk frå heile kommunen – og mange frå Bergen og Voss tek turen innom. Lukta av grillmat, lyden av konsertar og barnelatter frå aktivitetane gjer dette til eit høgdepunkt kvar sommar.

I tillegg er kultursalen på skulen flittig brukt til både lokale framsyningar, kino, konsertar og større arrangement. Det gir bygda eit mangfaldig kulturliv gjennom året.

Foto: Daledagane facebook
Foto: Daledagane facebook
Foto: Daledagane facebook
Foto: Daledagane facebook

Nokre fleire bilder frå Dale

Beitelen på Dale i Nordlys. Bente Boge
Beitelen på Dale i Nordlys. Bente Boge
Dale frå Norafjellet. Bente Boge
Dale frå Norafjellet. Bente Boge
Langs Daleelva på vinteren. Bente Boge
Langs Daleelva på vinteren. Bente Boge
Dale frå fjella bak skyttarplassen. Fotograf Trond Erik Brekke
Dale frå fjella bak skyttarplassen. Fotograf Trond Erik Brekke

Oppsummert
Å bu på Dale er å leva tett på fjella, men samstundes ha kort veg til både Bergen og Voss. Her får du tradisjon og modernitet, ro og aktivitet, fellesskap og natur. Dale er ei bygd med røter djupt i historia, men med blikket retta mot framtida – ein stad å bu, arbeide og leva godt. 


Kart over Dale