Bergsdalen
Over fjellet mellom Dale og Voss
Bergsdalen er fjelldalen som strekkjer seg mellom Dale i Vaksdal og Bulken i Voss. Grensa mellom Vaksdal og Voss går ved Hamlagrø, i enden av dalen før nedstigninga mot Bulken.
Den 45 kilometer lange vegen gjennom dalen var tidlegare hovudvegen mellom Bergen og Voss, fram til E16 stod klar. I dag fungerer han som tilkomstveg for fastbuande og eigarar av fritidsbustader i dalen, i tillegg til å vere ein viktig omkøyringsveg.
Langs dalen finn du bygder og grender som Storefossen, Fosse, Øye, Berge, Småbrekke og Hamlagrø, for å nemne nokre. Gjennom heile dalføret renn Bergsdalselva, og her ligg òg fleire vatn – mellom anna Hamlagrøvatnet, Småbrekkevatnet, Bergsvatnet og Storefossdammen.
Bergsdalen er ein lang og fredeleg dal der det er godt med plass mellom husa. Her finn du både einebustader og mange gardsbruk som har vore drivne gjennom generasjonar.
Dalen er òg eit svært populært hytteområde. Både innbyggjarar frå Vaksdal og folk frå andre delar av landet har fritidsbustader her – noko som gjer at Bergsdalen lever heile året.
Bergsdalen hadde tidlegare eigen skule på Lid, men bygget er no gitt til bygda og blir brukt som grendahus, samfunnshus og aktivitetshus.
For dei som bur i Bergsdalen, er Dale næraste stad med både skule og barnehage. Ved den gamle skulen er det òg laga til eit skileikanlegg som er ope om vinteren. Biletet er frå dette anlegget.
Småbrekke villmarksleir blir arrangert kvart år i juli/august, i idyllisk kulturlandskap på Småbrekke øvst i Bergsdalen. Leiren er for elevar i 5.–7. klasse og byr på spanande aktivitetar som bading i elv og fjellvatn, fjellvandring, fisking, fjellklatring, padling, overnatting i lavvo og mykje meir.
Villmarksleiren er svært populær, og deltakarane kjem kvart år heim med gode opplevingar og store smil. Under ser du ein videosnutt laga av Håvard Bergo frå leiren i 2016.
Video: Håvard Bergo
Bergsdalen har si eiga kyrkje, som ligg på Lid. Kyrkja vart bygd i 1955 av granittstein frå Bergsdalen og har om lag 140 sitjeplassar. Ho eigast av Vaksdal kommune.
Du kan følgje med her for informasjon om gudstenester og andre arrangement i kyrkja.

I tillegg til jordbruk finn du òg andre næringar i Bergsdalen – som Bergsdalstunet. Her blir det tilbydd selskapslokale, servering av mat og drikke, gardsmat, kurslokale og ulike opplevingar.
Bergsdalstunet er ein populær møteplass for julebord, firmafestar og feiring av runde dagar. Staden blir driven av Olaug og Helge Terje, ofte krydra med innslag seint på kvelden frå trubaduren Eirik Straume Normann.
Det Bergsdalen kanskje er aller mest kjend for, er den storslåtte naturen og dei vide fjellområda. Frå vegen gjennom dalen kan du nå store fjellområde på begge sider.
På nordsida finn du toppar som Dystingen, Blåsåta og Mykkeltveitveten. Herifrå kan du òg gå vidare ned mot Bolstad eller Evanger. Dei største fjellområda ligg likevel på sørsida av dalen. Her reiser fjell som Gløvret, Bukkafjellet, Fuglafjellet, Skrott og mange fleire seg – eit fjellparti som strekkjer seg heilt frå Bergsdalen mot Vaksdal, Tysse, Øystese og vidare til Hardangerfjorden.
Det finst fleire flotte turar frå Bergsdalen og ned til Vaksdal, til dømes via Høgabu. Nokre av desse er merkte på UT.no.
Bergen og Hordaland Turlag har òg laga ei flott brosjyre om turar i Bergsdalen og Kvamsfjella. Trykk her for å kome direkte til brosjyra.
I Bergsdalen finn du fleire hytter frå DNT, mellom anna Kiellandsbu, Høgabu, Breidablik og Vending. Under kan du sjå videoar av Høgabu og Breidablik, laga av DNT. Om du ønskjer, kan du òg finne video av alle hyttene deira på Vimeo.
Finn gjerne din neste tur ved å ta kontakt med Vaksdal Turlag eller ved å besøke UT.no. Bergsdalen byr på fantastisk natur og turar som passar like godt sommar som vinter.
Her under ser du ein liten video frå Kiellandbu
Arrangement
Gjennom året blir det arrangert fleire faste aktivitetar i Bergsdalen. Eit høgdepunkt er Bygdedagane, med program for heile familien – alt frå mat og boder til løp og framsyningar.
Sjå gjerne meir på Facebook-sida til Bygdedagane i Bergsdalen.

Eit anna årleg og svært populært arrangement er motbakkeløpet «Bergsdalen opp». Løpet går frå Dale sentrum og opp til demninga ved Storefossen. Her kan du delta i trimklassar eller konkurranseklassar inndelt etter alder, og valet står mellom å gå til fots, sykle eller stille på rulleski.
Formålet med Bergsdalen opp er å inspirere til bruk av Dale og Bergsdalen til mosjon, trening og konkurransar. Samstundes ønskjer arrangementet å vidareføre meir enn hundre år med idretts- og kulturhistorie frå området.
Bergsdalen opp har eiga nettside som du finn [her], og arrangementet er òg å finne på Facebook [her].



Bergsdalen er ei dalføre som byr på storslått natur, levande bygdeliv og gode møteplassar. Her finn du eit unikt mangfald av turar, kultur, arrangement og tradisjonar – ein stad der både fastbuande og tilreisande kan kjenne seg heime.
Bla rundt i kartet under for å bli betre kjend i Bergsdalen.