
Vaksdal
Bynært bygdeliv i praksis
Vaksdal – bynært bygdeliv i praksis
Vaksdal ligg vakkert til ved fjorden, omkransa av bratte fjell og med utsyn mot Osterøy. Her er naturen tett på kvardagen, og utsikta skiftar i takt med årstidene – frå kvite vinterfjell til grøne lier og solblank fjord om sommaren. Det er kort veg til alt du treng, men kjensla av ro og rom er alltid til stades.

Natur og friluftsliv
Frå Vaksdal har du mange turmoglegheiter rett utanfor døra. Nokon tek ein kort tur opp mot Sædalen og Herfindalen, medan andre legg ut på lengre turar innover Bergsdalen eller opp mot Hamlagrø. Fjelltoppane Raudnipa, Hananipa og Bruviknipa tronar over bygda og lokkar både fastbuande og tilreisande. Her kan du gå på merka stiar, fiska i fjorden eller berre ta ein kveldstur for å nyta stilla. Sjå kategorien Friluftsliv for meir informasjon.
Pendling og reise
Sjølv om bygda har det meste på plass, er det enkelt å pendla. Med tog kjem du til Bergen på rundt 26 minutt, og til Voss på om lag 35 minutt. Reisetida er ofte kortare enn for mange som bur i Bergen sine eigne bydelar i rushtida. Med framtidig K5-utbygging blir pendlinga endå meir effektiv.
Bustader og bumiljø
Vaksdal er ein plass der folk kjenner kvarandre, men samtidig er det lett å finna seg til rette som ny. Bustadområda ligg lunt til med fin utsikt – i Flordalen, Jamne, Tveitane eller Sædalen. På Tveitane ligg barnehagen tett på bustadfelta, og i sentrum har du daglegvarebutikk, bensinstasjon og andre kvardagslege tenester innan rekkevidde.
Skule og oppvekst
Den nye Vaksdal skule stod ferdig i 2022, og er eit moderne bygg med gode læringsareal og flotte uteområde. For dei minste finst det barnehage i bygda, og ungdomane har sin eigen klubb i dei gamle barnehagelokala. Oppveksttilbodet er nært, trygt og oversiktleg – ein kvardag mange familiar set pris på.

Idrett og frivillighet
Samfunnshallen på Vaksdal er eit samlingspunkt for aktivitetar heile året. Her er det idrett, trening, kurs og konsertar. Ute er det fotballbane, leikeplassar og møteplassar for både barn og vaksne. Frivilligheita står sterkt – idrettslag, Røde Kors og ulike kulturgrupper gir både fellesskap og aktivitet.
Kultur og arrangement
Kulturlivet i Vaksdal er rikt og variert. Kulturhuset og Aktivitetshuset gir rom for alt frå lokale teatergrupper til konserter, og ikkje minst den årlege festivalen Vintertreffet. Festivalen har blitt ein institusjon i bygda, der både små og store samlast til humor, musikk og marknadsdag. På scenen har kjende artistar som Vestlandsfanden, Stage Dolls og Frida Amundsen stått, side om side med lokale talent.


Ein plass å finna ro – og fellesskap
Å bu på Vaksdal er å leva tett på naturen, men samstundes ha byen innan rekkevidde. Her er gode rammer for familiar, trygge bumiljø og eit engasjert lokalsamfunn som tek vare på kvarandre. For mange er dette kombinasjonen dei har leita etter: kort veg til arbeid og byliv, men heim til stilla, fjellet og fellesskapen i bygda.
Oppover Sædalen og Herfindalen kan du nyte naturen langt frå hus, veg og støy. Det går veg oppover og sti videre der vegen sluttar. Nederst på biletet skimtar du husa på Tveitane.
Biletet er tatt frå Bjødnafjellet og viser Fossdalsvatnet og lia nedover mot Fossmark og fjorden. Flott fjellområde mellom Stanghelle og Vaksdal. Sola går ned bak fjella på Osterøy.
Kart over Vaksdal