Turar og friluftsliv i Vaksdal
Du finn alt du treng - Me lovar!
Generell informasjon
Vaksdal er eit eldorado for friluftsliv, med natur i verdsklasse og eit mangfald av opplevingar. Her finn du dei lengste og djupaste fjordane, bratte fjelltoppar, lakserike elvar, gode fiskevatn både i fjell og lågland, og ei av dei beste brunaureelvane i landet. I tillegg byr bygdene våre på flotte jaktterreng, skiløyper om vinteren og eit hav av andre moglegheiter for deg som er glad i natur og aktivitet.
Du kan velje mellom lange og krevjande toppturar eller korte, familievennlege turar nært bustadområda. Undervegs ventar dagsturhytter, oppsette lavvoar, utsiktspunkt og mange små perler som gjer turen minneverdig. Her er noko for dei erfarne som søkjer store utfordringar, for barnefamiliar som vil ut med små føter, og for alle som berre ønskjer ein frisk tur i nærområdet.
Lenger nede på sida finn du kort informasjon om kva kvar bygd har å by på, samt utvalde turtips frå heftet Høyr fjella lokke som Vaksdal Turlag har laga.
Vil du lese meir om fritid og friluftsliv frå den offisielle kommunenettstaden, finn du informasjonen HER.
Vil du vite meir om friluftsliv, jakt og fiske i Vaksdal, kan du ta kontakt med dei lokale idrettslaga eller grunneigarlaga. Alle desse er samla i lagsoversikta som du finn øvst på sida.
Lån utstyr gratis hos BUA – ski, syklar, telt, SUP m.m. Les meir HER.
Eit særleg godt utgangspunkt er Vaksdal Turlag, som sit på mykje verdifull lokalkunnskap om turar, stiar, fjell og fiskevatn. Turlaget er svært aktivt, har tilbod for heile kommunen og er ope for alle som vil vere med. Her kan du delta på fellesturar, få gode turopplevingar og bli kjent med nye vener.
Vaksdal Turlag har si eiga nettside gjennom paraplyorganisasjonen DNT, og den finn du HER.
Finn turane dine på UT.no
På nettsida UT.no finn du meir enn 10 000 turforslag og rundt 1100 hytter og overnattingsstader over heile landet. Her ligg det òg mange gode tips til turar i Vaksdal, frå korte nærturar til lengre fjellferder.
Dette er ei anbefalt side for deg som ønskjer inspirasjon og planlegging. Vil du gå rett til kartet og utforske turmoglegheitene i Vaksdal kommune, kan du trykkje HER.
Turar i Bergsdalen og Kvamsfjella
Bergen og Hordaland Turlag har mykje god informasjon om turar i delar av Vaksdal, og særleg om fjellområda i Bergsdalen. På nettsida deira kan du lese meir om hyttene turlaget driv, og få inspirasjon til turar i både Bergsdalen og Kvamsfjella.
Turlaget har òg laga ei flott brosjyre om turområdet i Bergsdalen og Kvamsfjella – denne er verkeleg verdt å sjå nærare på. Du kan opne brosjyra HER.
Vil du lese meir om turar i Bergsdalen direkte på heimesida deira, finn du informasjonen HER.
Dette er eit perfekt utgangspunkt for både korte familieturar og lengre fjellferder for dei som ønskjer å oppleve ekte vestlandsnatur.
Kontakt lokalt for jakt, fiske og turtips
Vil du vite meir om moglegheitene i kvar enkelt bygd, kan du ta kontakt med kommuneverten i bygda. Du finn oversikt over alle kommunevertane på framsida av denne nettsida.
Dersom du ønskjer å kjøpe jaktkort eller fiskekort, kan du vende deg direkte til representanten for det aktuelle grunneigarlaget. Oversikta finn du HER.
Jaktkort vert òg seld via Inatur – du kan gå direkte til rett side HER.
Her møter du lokale folk som kjenner naturen best og som gjerne deler gode råd, anten du vil prøve fiskelukka eller legge ut på jakt i fjell og skog.
Utforsk bygdene og få lokale turtips
Lenger nede på sida finn du kort informasjon om kva du kan oppleve i kvar enkelt bygd i Vaksdal. Her får du eit innblikk i alt frå nærturar til større fjellferder, slik at du lett kan finne turar som passar for deg.
Nedst på sida ligg også utvalde turtips frå heftet Høyr fjella lokke, som er laga av Vaksdal Turlag. Heftet er fullt av gode forslag og gjev eit flott innblikk i den rike naturen og turmoglegheitene i kommunen.
Nokon bilder frå Vaksdal turlag
Bileta under er henta frå Vaksdal Turlag si Facebookside, som du finn HER. Dei gir eit fint innblikk i aktivitetane til laget og den store variasjonen i friluftslivet vårt.
Her ser du mellom anna DNT si hytte på Vending, turlagsmedlemmar på tur, «Kom deg ut-dagen» på Nesheim i Eksingedalen, sommarbading i Herfangsvatnet og koselegearrangement med Barnas Turlag på Straume.
Kort informasjon frå kvar bygd
Stanghelle
Stanghelle ligg vakkert til ved Veafjorden, omkransa av høge fjell som Stanghellefjellet og Storafjellet. Her er du midt i eit eldorado av turar og naturopplevingar – frå korte familieturar til lange fjellferder.
Bygda har si eiga dagsturhytte ved fyret på Tettaneset, eit perfekt turmål for heile familien uansett alder (sjå video nederst på sida). Her ute på neset kan du verkeleg kjenne stilla og roen, medan du nyt ei fantastisk utsikt over fjorden.
Frå Stanghelle kan du leggje ut på lengre turar, til dømes opp på Storafjellet eller Hestafjellet (om lag 1,5 time). På toppen får du panoramautsikt over Veafjorden mot Stamnes, Osterøy og vidare mot Vaksdal. Ein annan fin tur går til Kraksavatnet og Setratjødna, der fleire hytter ligg idyllisk til ved vatnet (om lag 1,5 time). Herifrå kan du halde fram innover Stanghellefjellet til Flatavatnet eller vidare. Alternativt kan du ta turen mot Fossdalen, med moglegheit for å gå ned igjen til Fossmark.
Eit anna utgangspunkt er skogsvegen frå Helle og opp til Hellesetra. Derifrå kan du gå vidare til Holmavatnet og Gråsidvatnet, som opnar opp heile Vaksdalsfjella. Frå dette området kan du halde fram til Vaksdal, Fossmark, Dale eller ta deg innover mot Bergsdalsfjella.
Vil du ha ein lettare tur, kan du følgje gamlevegen forbi Helle og langs Dalevågen. Denne ruta kan du faktisk gå heilt til Dale, og er perfekt om du berre ønskjer ein roleg tur på vegen for deg sjølv.
Friluftslivet i Stanghelle handlar ikkje berre om fjellturar. Idrettslaget leiger ut kajakkar, slik at du kan oppleve Dalevågen, padle mot Vaksdal eller utforske Veafjorden i retning Stamnes. Her ligg også ei stor, moderne båthamn som er eit flott utgangspunkt for fiske i fjorden eller for små båtturar i nærområdet.
Jaktkort for småvilt kan kjøpast direkte via Inatur, slik at du enkelt kan kombinere jaktopplevingar med turane dine.
Stamnes
Stamnes er plassen der fjordane møtest. Frå Stamnes sentrum strekkjer den lange Veafjorden seg utover mot Stanghelle, omkransa av bratte fjell og veglause gardar. Fjorden byr på gode moglegheiter for fiske, og her kan du starte mange fine turar heilt frå fjæresteinane – både på Osterøysida og på fastlandet.
Vel du å følgje straumane innover frå Stamnes, kjem du til Leiro, Sanden, Vikafjorden, Straume og vidare inn i Bolstadfjorden, som slyngjer seg heilt inn til Bolstad og starten på Vosso. Tek du turen nordover Kallestadssundet frå sentrum, opnar det seg endå fleire moglegheiter. Du kan følgje fjorden forbi Hesjedalsfossen og inn til Eidsland, gå rundt Osterøy til Romarheimsfjorden med retning Bergen, eller vidare inn i Mofjorden til Mo i Modalen.
Stamnes sentrum er også eit flott utgangspunkt for båtliv. Her finn du gjestebryggje og drivstoffanlegg, og på kaien kan du leige kajakk gjennom Stamnes Idrettslag. Å padle på fjorden gir ei unik oppleving – du kan nyte stillheita heilt for deg sjølv, ta med vener på grilling i ei lun vik eller bade frå ei av dei fine strendene.
Friluftstilbodet på Stamnes er svært variert. Du kan ta korte turar til Slåttøyane eller Bygdehytta ved Tresvatnet i Øyadalen. Like bak sentrum ligg Geithaugen, eit populært turmål for familiar. Her finn du flotte dyrefigurar langs stien, noko som gjer turen ekstra spennande for dei yngste. Den korte turen opp til Middagshaugen gir deg panoramautsikt heilt til fyret på Stanghelle. På fleire turmål i området ligg det turbøker, og ved gapahuken og på Middagshaugen finn du også postkasse med hengekøy til fri bruk for dei som ønskjer å overnatte ute.
For deg som vil på lengre fjelltur, er stien opp Straumsdalen frå Straume eller opp Øyadalen frå Øyane eit godt val. Her følgjer du elvar og vatn oppover til Storfjellet reiser seg. Storevarden, som ligg på 1115 meter, byr på storslått utsikt. Frå toppen kan du halde fram mot Eksingedalen, Teigdalen eller Øvstedalen/Bolstad – moglegheitene er nesten utallege. For meir informasjon kan du kontakte Stamnes Idrettslag, Vaksdal Turlag eller lokale kjentfolk.
Jakt- og fiskekort for områda i Stamnes får du ved å vende deg til Stamnes Grunneigarlag. Dei aller fleste stiane og turmåla i området er godt merkte, slik at du kan gå trygt og enkelt, anten du er erfaren eller ny i fjellet.



Eksingedalen
Eksingedalen er ein lang og vakker dal som startar ved Eidslandet innerst i Eidsfjorden og strekkjer seg heilt til Gullbrå, 600 meter over havet. Her finn du eit landskap som rommar alt frå djupe skogar til opne fjellgardar og høge toppar.
Bygda har eit aktivt idrettslag som held liv i turgrupper og aktivitetar heile året. Når vinteren kjem, kan du nyte godt preparerte skiløyper på Nesheim – her er det verkeleg vinter, ikkje berre slaps som mange andre stader. Eksingedalen er kjend for å ha fire tydelege årstider, noko som gjer området variert og spennande å oppleve.
Gjennom dalen renn elva Ekso, som er lakseførande i den nedste delen mot Eidsland. Lenger opp finn du aure, og delar av elva er kultivert. Ekso er kjend som ei av Noregs beste brunaureelver, med fangstar på opptil 6 kilo. Her kjem fiskeinteresserte frå heile verda for å prøve lukka. Kultiveringsarbeidet vert driven av Ekso Villfisk. I tillegg byr fjella rundt på mange vatn med gode fiskemoglegheiter.
Eksingedalen er også eit eldorado for fotturar. Her er stiar, stølar og turmål gjennom heile dalen. Du kan til dømes gå gjennom Torvedalen til Torvedalshytta, ta turen til Eksestølen eller oppsøkje Beinhelleren. Om du ønskjer ein meir tilrettelagt tur, kan du følgje anleggsvegen til BKK opp til Grøndalsvatnet – der er du på veg mot Vikafjellet!
Det er mange moglegheiter for overnatting i Eksingedalen. Les gjerne meir om dette HER.
På Bergo kan du leige kajakk og legge ut på padletur i området rundt det vakre Bergovatnet. Bergo Fjellflyt er lokale ekspertar på friluftsliv og guidar gjerne turar i området. Dei har sett opp gapahukar og bålplassar, og deler inspirasjon og turtips på Instagram – sjå meir HER.
Jaktinteresserte finn både småvilt- og storviltjakt i dalen. Kontakt Øvre Eksingedalen eller Eksingedalen Grunneigarlag for informasjon, eller kjøp småviltkort direkte via Inatur.
For fleire tips og gode råd kan du kontakte Vaksdal Turlag, Eksingedalen Idrettslag eller Anna Bergo frå Bergo Fjellflyt. Dei deler gjerne lokalkunnskap som gjer opplevinga di i Eksingedalen endå rikare.

Vaksdal
Vaksdal er saman med Boge og Langhelle den sørlegaste delen av kommunen, og det området som ligg nærast Bergen. Bygda ligg vakkert til på vestsida av fjorden, rett overfor Bruvik på Osterøy, og er omkransa av både høge fjelltoppar og ein lang, djup fjord.
Her finn du både gode fiskemoglegheiter og badeplassar langs sjøkanten, noko som gjer Vaksdal til eit flott utgangspunkt for friluftsliv heile året.
Turar opp i høgda
Frå Vaksdal kan du følgje skogsvegen heilt opp til Bogevatnet. Her får du både frisk luft og flott utsikt utover fjorden og bygda.
Vil du ha lett tilkomst til fjellet, kan du køyre til parkeringsplassen på Langhelle og gå stien opp til Raudnipa. Turen kan gjerne forlengast vidare til Hananipa. Frå Raudnipa har du spektakulær utsikt over heile Veafjorden, heilt til Grånova i Stamnes rundt 30 kilometer nordover.
Innover Vaksdalsfjella
Ein annan fin tur går frå Vaksdal via Tjødnhaugen og Budalen opp til Vaksdalsfjella. Herifrå kan du halde fram mot Bjødnafjellet, Gløvret og mange andre fjelltoppar. Moglegheitene er nærmast uendelege – du kan gå til Fossmark, Hellesetra og Stanghelle, til Dalestølen og Dale, eller vidare innover mot Bergsdalsfjella.
Turar frå sentrum
Vil du ha ein rolegare tur, kan du starte frå Vaksdal sentrum og følgje vegen oppover til Sædalen eller vidare opp Herfindalen. Dette er turar som passar for dei fleste, og dei kan også vere gode utgangspunkt for lengre fjellferder. Frå Herfindalen kan du til dømes gå vidare mot Herfangane eller Bergsdalsfjella – til dømes i retning Høgabu.


Bergsdalen
Til Bergsdalen kjem du enten ved å køyre opp frå Bulken i Voss eller opp til Storefossen frå Dale i Vaksdal. Vegen gjennom dalen er den gamle hovudvegen mellom Bergen og Voss, og han gjev enkel tilgang til store fjellområde utan at du treng å ta dei brattaste motbakkane. I tillegg til dei fastbuande er det mange som har valt å ha hytte her, noko som vitnar om kor populær dalen er.
På Småbrekke i Bergsdalen arrangerer Vaksdal kommune kvart år ein villmarksleir – eit populært tilbod som samlar små og store friluftsinteresserte.
Fjella på nordsida
På nordsida av vegen ligg fjell som Dystingen, Kvitafjellet og Mykkeltveitveten. Frå desse toppane kan du krysse fjellet og gå ned til Verpelstad, Bolstad eller Evanger om du ønskjer ein variert tur med flott utsikt.
Fjella på sørsida og vidare innover
På sørsida av vegen, gjennom Bergsdalen og vidare forbi Hamlagrø, ligg dei største fjellområda. Her finn du små tjødnar, store fiskevatn, merka stiar, høge toppar og lange dalar – eit paradis for fjellfolk. Området har fleire DNT-hytter, mellom anna Gullhorgabu, Vending og den særleg populære Kiellandsbu, kjend for den spesielle utsikta. (Ved Hamlagrø kryssar du kommunegrensa til Voss.)
Desse områda er populære både sommar og vinter. Vaksdal Røde Kors kvistar løyper til fleire hytter vinterstid og står klare til å hjelpe dersom noko skulle skje i fjella våre – året rundt.
Stiar og høgfjellsruter
Frå Bergsdalen kan du krysse fjellet og gå til Vaksdal, Samnanger, Norheimsund, Fyksesund eller frå Hamlagrø vidare til Voss. Uansett kva retning du vel, ventar spektakulær høgfjellsnatur og eit utal moglegheiter.
Jakt og fiske
I Bergsdalsfjella er det mange moglegheiter for både jakt og fiske. Dei fleste jakt- og fiskekorta kan kjøpast via Inatur, men ver merksam på at det er ulike grunneigarlag, jakttider og prisar i dei forskjellige områda.
Eidslandet
Eidsland ligg vakkert til ved enden av Eidsfjorden. På nordvestsida av bygda reiser det seg eit fjellparti som skil Eidsland og Eidsfjorden frå Mofjorden. Her kan du gå over fjellet og kome ned til Mofjorden – eit spennande turmål for deg som ønskjer å utforske området. Langs fjorden ligg det fleire gardar og busetnader, men mesteparten av denne sida er veglaus og stille.
Toppturar med utsikt
Frå Eidsland kan du nå fleire fjelltoppar med flott utsikt. Grånova og Snjofannefjellet er gode alternativ for deg som vil ha litt utfordring, medan Eidsnova er meir overkommeleg og passar for fleire.
Stiar og turar frå vegen
Køyrer du nordover frå Eidsland mot Eksingedalen, finn du fleire skilta stiar til stølar og fjelltoppar undervegs. Her er det enkelt å starte frå bilvegen og få ein fin dagstur.
Fjellområda vest for Eidsland
På vestsida av bygda ventar store fjellområde som er lett tilgjengelege. Du kan til dømes følgje Mysterelva opp forbi Leirovatnet og vidare inn Steinsedalen. Når du kjem over tregrensa, får du tilgang til Storfjellet og fleire flotte toppar som Saudalsnova, Storevarden og Vetlevarden. Dette er område som passar både sommar og vinter.
For deg som ønskjer ein rundtur, finst det mange moglegheiter. Du kan gå ned Særdalen til Flatekval i Eksingedalen, ta vegen via Tverrdalen til Øvstedalen og Bolstad, eller gå ned igjen til Straume eller Øyane på Stamnes. Vil du verkeleg gå langt, kan du følgje fjellet innover forbi Stordalsnjuke, Kvanngrønavene og Gråsida, heilt til Bergo i Eksingedalen.
Jakt og friluftsliv
Fjellområda kring Eidsland er populære for både toppturar og småviltjakt. Under fana «Bygdene» finn du ein bildekarrusell med stemningsfulle friluftsbilete frå Eidsland.
Vinter og fjordliv
Eidsfjorden endar ved Eidsland. Nokre vintrar frys fjorden til, og då kan du gå på skøyter eller prøve deg på isfiske (sjå video til venstre). Elva Ekso renn òg ut i Eidsfjorden ved Eidsland. Laksebestanden har dei siste åra vore mindre enn ein hadde håpa, så det er lurt å sjekke lokalt om fiskekort er tilgjengeleg før du planlegg tur.

Dale
Dale ligg midt mellom alt i Vaksdal kommune, og herifrå har du kort veg til dei fleste bygdene – både med bil og til fots. Samstundes har Dale eit rikt utval av turar og opplevingar på heimebane.
Turmoglegheiter frå Dale
Frå Dale kan du gå opp i høgda for panoramautsikt over Veafjorden, eller du kan ta den rolege spaserturen langs Dalevågen til Stanghelle. Vil du vidare oppover, kan du følgje Bergsdalsvegen som slyngjer seg langs fjellsida opp til Storefossen og inn mot Bergsdalen.
Gamlevegen tek deg forbi Dalseid og vidare mot Stamnes, medan ein tur til Dalestølen gir deg tilgang til fjellområda over Stanghelle, Vaksdal og Bergsdalen. Moglegheitene er nærmast uendelege – her finn du både korte nærturar og lange fjellturar.
Daleelva og jakt- og fiskarlaget
Rett sør for sentrum renn Daleelva, ei av dei beste lakseelvane i området. Elva er godt tilrettelagt og ivareteken av Dale Jakt- og Fiskarlag. Her kan du fiske laks, eller berre ta deg ein spasertur langs elvebreidda heilt ned til Dalevågen.
Dale Jakt- og Fiskarlag driv òg leirduebane i Norddalen på Dalegarden, med faste treningar og konkurransar frå vår til haust. Sjå videoen her for ein oversikt over elva og bana.
Friluftsområde i Dale
I Dale finn du òg fleire tilrettelagte friluftsområde. Elveparken i Sandliane er ein populær stad for små og store, og det er leikeområde både utanfor den nye skulen i sentrum og ved Turbinen idrettshall.
Bergen og Omland Friluftsråd
Vaksdal kommune er medlem i Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) som eig og driftar ei rekkje friluftsområde i kommunen. BOF har som oppgåve å sikre, tilretteleggje, informere og stå for dagleg drift av bade- og friluftsområde i heile Bergensregionen. Rådet forvaltar nærare 200 friluftsområde med eit samla areal på meir enn 23.000 dekar.
For BOF sitt kart over friluftsområder i Vaksdal og omegn, trykk HER
For BOF si nettside, trykk HER.
Turtips
Frå Vaksdal Turlag si brosjyre: Høyr Fjella Lokke
Nokre videoar av turar under