Organiserte tilbod

Det er eit variert utval av aktivitetar i heile kommunen, tilpassa kvar enkelt stad. Det meste er organisert av dei lokale idrettslaga. I tillegg til organiserte aktivitetar kan ein nytta styrkerom og gymsal i Turbinen på Dale, med tilgang gjennom eigne ordningar.

Tilboda varierer etter etterspørsel – nokre finst berre eitt stad, medan andre vert arrangert fleire stader samstundes. For oppdatert informasjon om tilbod og påmelding kan du kontakta innbyggjarservice, ansvarleg for dei ulike anlegga (til dømes Turbinen), eller ditt lokale idrettslag. Kontaktinformasjon finn du nedover på sida.

Det nye symjebassenget på Dale skule er ope for alle innbyggjarar og vert brukt både til skule, trening og fritid.

Innandørs aktivitetar som badminton, volleyball, handball og idrettsskule vert arrangert i Turbinen på Dale.

Badminton i turbinen på Dale - Ole Johnny Domben\ Turbinen Facebook
Badminton i turbinen på Dale - Ole Johnny Domben\ Turbinen Facebook

Zumba er ein populær og fast aktivitet gjennom heile året, mellom anna på Vaksdal.

Fotball er eit stort tilbod for både jenter og gutar i ulike aldersgrupper. Ikkje alle bygdene har eigne lag, men alle kan delta på laget dei ønskjer. Per i dag er det aktive fotballag på Dale, Stanghelle og Vaksdal. Det lokale idrettslaget kan gje meir informasjon om treningar og lagtilbod.

Fotballkamp på Vaksdal. Foto: Vaksdal Idrettslag
Fotballkamp på Vaksdal. Foto: Vaksdal Idrettslag

Friidrett, fotball, handball, badminton og fleire andre innandørsaktivitetar vert arrangert i Turbinen på Dale.

På Vaksdal finn du speidargruppe for ungdom. Aktivitetane omfattar opplæring i bruk av kniv, øks og sag, friluftsliv, samfunnsprosjekt, speidarleir, matlaging ute, bygging av leirplass og mykje meir. (Usikker status på denne i 2025). 

Kajakktilbod finn du både på Stamnes og Stanghelle. Idrettslaga der tilbyr opplæring og utleige direkte frå kaien. Det vert òg sett opp felles kurs og turar. Sjølv om det er mogleg å leige kajakk heile året, er det om sommaren aktiviteten er størst.

Kvart år vert det arrangert motbakkeløp i kommunen, ofte fleire. Det faste løpet er ein del av kulturdagane og fiskefestivalen på Stamnes den siste helga i juli. Motbakkeløpet heiter Middagshaugen Opp og har både trimklasse, konkurranseklasse og eit kortare barneløp frå sentrum.

Litt av turmåla under Stamnestrimmen
Litt av turmåla under Stamnestrimmen

Stamnestrimmen: I Stamnes finn du svært gode turmoglegheiter – alt frå korte familieturar til lange heildagsturar i skog og fjell med flott utsikt. Stamnestrimmen vert arrangert kvart år, og du samlar poeng kvar gong du når eit turmål. Registreringa skjer via mobilappen Trimpoeng, og det er premiar i fleire klassar. Dei fleste turmåla har godt merka stiar. Stamnestrimmen er eit svært populært tilbod år etter år. For meir informasjon kan du kontakta Stamnes Idrettslag eller sjå Stamnes IL si infoside.

Motocross: I Geitabotnen mellom Dalseid og Straume, langs FV569 mot Stamnes, ligg det ein motocrossbane. Her har det vore jamn aktivitet tidlegare, men det er ikkje eit aktivt lag i dag. Dersom nokon vil starte opp att, står anlegget klart til bruk og kan takast i drift igjen ved interesse.

Bibliotek: Vaksdal kommune har bibliotek både på Dale og Vaksdal. Her vert det arrangert tilstellingar som forfattarmøte, bokopplesing og ulike kulturarrangement. Du kan òg bli lånar og få tilgang til eit breitt utval bøker, lydbøker og digitale ressursar. Les meir og finn opningstider på Vaksdal folkebibliotek.

Småbarnstrim / Knøttetrim: Småbarnstrim vert arrangert fleire stader av dei lokale idrettslaga. Ta kontakt med idrettslaget i bygda di for å finna ut kva som finst nær deg. Aktiviteten går som regel føre seg i gymsal, men kan òg vere ute når veret tillet det.

Turgruppe: Vaksdal Turlag arrangerer planlagde turar i heile kommunen gjennom året. I tillegg har fleire idrettslag eigne turgrupper. Det er eit stort nettverk av godt merka stiar i kommunen, slik at både organiserte turar og private turar er lett tilgjengelege. Les meir hjå Vaksdal Turlag.

Turn / Trampett: Stanghelle Idrettslag arrangerer turn og trampett-treningar for barn og unge.

Skiløyper og langrenn: I Vaksdal er det preparerte skiløyper på Nesheim i Eksingedalen og på skileikanlegget på Lid i Bergsdalen. Kontakt Eksingedalen Idrettslag eller Bergsdalen Idrettslag for oppdatert informasjon om løypeforholda. I tillegg kvistar Vaksdal Røde Kors fleire vinterløyper i fjellet, til dømes i Bergsdalsfjella.


Du finn noko for deg! 

Under er nokon bilder frå Bergsdalen idrettslag, Eksingedalen idrettslag, Stanghelle idrettslag, Vaksdal Idrettslag, Vaksdal turlag, Stamnes idrettslag, Dale idrettslag og Rune Langeland.