Eksingedalen

Den fantastiske fjelldalen med reindyrka bygdeliv

Eksingedalen er om lag 43 kilometer lang og strekkjer seg frå Eidslandet (0 moh.) til Gullbrå (ca. 600 moh.). Frå Gullbrå går det òg ein anleggsveg vidare opp til demninga ved Grøndalsvatnet.

Langs dalen finn du bygder og grender som Eikemo, Høvik, Flatekvål, Lavik, Bergo, Nesheim, Ekse og Gullbrå. Eksingedalen har òg fleire sidedalar, både med og utan bilveg. Nokre av dei er busette, og to med veg er Fagerdalen og Norddalen. Desse dalane fører deg høgt til fjells dersom du ønskjer å utforske.

Gjennom heile dalen renn elva Ekso – ei fantastisk fiskeelv med moglegheiter for både kajakkturar og rafting. Den nedste delen av Ekso er lakseførande, medan du lenger oppe berre finn ferskvassfisk. Eksingedalen er eit eldorado for jakt, fiske og friluftsliv året rundt.

Det går bilveg gjennom heile dalen. Du kan køyre sørover mot Eidslandet og Mo, eller over Nesheimsfjellet for å kome til E16 ved Evanger. Det bur folk langs heile dalen, og her finn du både butikk, barnehage/oppveksttun og skule. Les gjerne meir om skulen under fana «Oppvekst» øvst på sida. Arealet til Eksingedalen utgjer om lag 40 % av Vaksdal kommune!


Eksingedalen - Ei perle i Hordaland (Vestland!) 

Av Håvard Bergo

Her er flotte filmklipp frå forskjellige plassar gjennom dalen


Å vere småbarnsfamilie i Eksingedalen

Mange lurer på korleis det er å vere småbarnsfamilie i Eksingedalen. Gøril og Lars Bjarte, som bur på Nesheim med fem born, deler gjerne sine erfaringar. Gøril kjem opphavleg frå Masfjorden, medan Lars Bjarte er odelsgut på Nesheim.

Trykk på videoen under og bli med på ein prat! Her får du høyre meir om kvardagslivet i dalen – og kvifor alle fordommane Gøril hadde mot å flytte til Nesheim viste seg å vere heilt feil. Undervegs i videoen dukkar det òg opp bilete og filmsnuttar frå området.


Vår Eksingedal! 

Eksingedalen skule har, gjennom deltaking i Nysgjerrigper-prosjektet, forska på seg sjølv! Resultatet vart ei flott oppgåve som fortel mykje om kvifor det er så bra å vekse opp i Eksingedalen. Oppgåva inneheld bilete, historiar, statistikk, fakta og møte med ulike personar.

I staden for å kopiere frå arbeidet deira, anbefaler vi at du klikkar på lenkja her for å lese heile oppgåva.

Dette er nokre av spørsmåla elevane stilte seg – og som dei fann svar på:

  • Er oppveksten annleis her i Eksingedalen enn andre stader?

  • Er det noko som gjer det spesielt å vekse opp her?

  • Korleis skil Eksingedalen seg frå andre stader?

  • Kva er dei største skilnadene?

  • Er oppveksten verkeleg så annleis som folk kanskje trur?

  • Er noko annleis no enn før?

  • Kva er i så fall mest annleis no samanlikna med tidlegare?

  • Kva er eigentleg typisk for oppveksten her?

  • Kan vi finne fram til kvifor vi synest det er så bra å vekse opp her?

  • Og: Skal tru om vi kjem til å bu her heile livet vårt?

Fiske

Den nedste delen av Ekso er lakseførande, medan partia lenger oppe i dalen berre har ferskvassfisk. Ekso Villfisk har utvikla den kultiverte delen av elva til å bli Vestlandet si kanskje beste brunaureelv, med særleg vekt på flugefiske. Den kultiverte strekninga ligg midt i dalen, frå Flatekvalfossen i vest til fossen Vetleglupen i aust – eit parti på om lag sju kilometer. Her blir det kvart år teke stor fisk, og rekorden er på over sju kilo.

Den øvre delen av elva har vekslande stryk og rolege parti, medan den nedre delen byr på lange strekk der elva renn meir langsamt.

Sidan år 2000 har Ekso Villfisk drive eit intensivt utfiskingsarbeid. Ved hjelp av småmaska garn blir bestanden tynna med om lag 12 000 fisk årleg. I tillegg blir det sett ut ein del større fisk frå kultiveringsanlegget i Sødalen kvart år.

Langs elva er det tilrettelagt med bålplassar og gapahukar, og båt kan leigast for dei som ønskjer det. Fiskekort kan kjøpast lokalt eller via Inatur.

I tillegg til elva finn du både store og små fiskevatn spreidde utover dalen og fjella i området rundt. Det er berre å prøve seg fram – kanskje ventar ei overrasking på kroken!

Me møtte Bjarne Lavik på butikken i Eksingedalen for ein liten prat om Ekso Villfisk. Sjå video under.


Arbeid og næring

Foto: Haugen Gård
Foto: Haugen Gård

Hovudnæringa i Eksingedalen er jordbruk med husdyrhald og ein finn gardar langs heile dalen. Nokon satsar også på turisme\utleige\overnatting og du finn blant anna Ekse Grendahus,  Haugen Gard i sidedalen Fagerdalen, Brakestadstølen, Gullbrå Hytteutleige, Kårhuset i Yksendalen og hus på Nesheim. Det mangler altså ikkje på moglegheiter dersom du vil overnatta i Eksingedalen. 

Mange fastbuande i Eksingedalen pendlar til nabobygdene for å arbeide. Frå krysset ved Nesheim er det ikkje lange vegen over Nesheimsfjellet før du kjem til E16 på Evanger. Alternativt kan du køyre sørover mot Eidslandet og Stamnes, eller gjennom tunnelen til Modalen. Det er enkelt og køfritt å bu i Eksingedalen og ha arbeidsplassen i Modalen.

Ein del har òg arbeid med ulike turnusordningar, slik at dei slepp å pendle kvar dag – ofte kombinert med periodevis heimekontor for å gjere kvardagen endå lettare.

Det alle i Eksingedalen er einige om, er dette: Arbeid er aldri eit hinder dersom du ønskjer å bu i dalen – ein finn alltid ei løysing!

Som nemnt er Eksingedalen den perfekte staden for deg som set pris på natur og friluftsliv. Eg tok ein prat med Jørgen Bergo i forbifarten. Han kjem opphavleg frå Oslo-området, men var fast bestemt på å slå seg ned på Bergo saman med kona Anna og borna deira. Her har han funne sitt eige paradis. Sjå meir i videoen under.

Bergo Fjellflyt finn du òg under fana «Næring» øvst på sida. Dei tilbyr utleige av kajakk, telt og hengekøyer, og har tilrettelagt med bålplassar i området. Du er alltid velkomen til Bergo!


Butikk

Butikken på Lavik ligg midt i Eksingedalen, mellom vegen og elva Ekso. Han blir driven av Hege Marie Lavik, som har flytta heim til dalen der ho sjølv vaks opp.

Butikken er no nyleg gjenoppbygd etter ein brann og tilbyr både bemanna opningstider på dagtid og sjølvbetjent handel heile døgnet – 24/7. Du låser deg enkelt inn med bankkortet og kan handle når det passar deg.

Tilbodet er populært og flittig brukt, både av bygdefolk og av turistar som kjem gjennom dalen om sommaren.


Turar og friluftsliv

Sjå gjerne videoen med Jørgen om Bergo Fjellflyt, men dalen er sjølvsagt mykje meir enn berre Bergo. Her finn du eit rikt utval av turar, hytter og stølar gjennom heile dalen – til dømes Eksestølen, Gullbråholmen, Selhamar, Trefallstølen, Brakestadstølen, Kvitanosi (med flyvraket), Yksendalstølen, Volahytta, Torvedalshytta og mange fleire.

Om du ønskjer, kan du gå frå vegen ved Grøndalsvatnet heilt til vegen på Vikafjellet, eller leggje ruta mot Modalen eller Voss. På UT.no finn du ei rekkje turforslag med beskrivingar, og Vaksdal Turlag har òg fleire turar i Eksingedalen samt mykje lokalkunnskap. Tek du kontakt, kan det hende du finn planlagde fellesturar i området.

Idrettslaget i Eksingedalen har både turgruppe og skigruppe, og er aktive året rundt – både vinter og sumar. Du finn meir om idrettslaget under fana «Idrett/Kultur» øvst på sida.

Under er ein snutt frå Øvstestølen\Marthastølen i Eksingedalen


Og her under ser du litt av Grøndalen (forbi Gullbrå) i haustdrakt

Under her er video av hyttene på Selhamar og i Åsedalen. Det er merka rute frå Trefall til Selhamar og frå Selhamar til Åsedalen. Dette er DNT sine hytter som du kan bruke om du ynskjer. 

Bondelag

Eksingedalen er ei aktiv og levande landbruksbygd med engasjerte bønder. Her finn du både lokallag av Bondelaget, Vaksdal Sau og Geit og Tine produsentlag. Bøndene møtest jamleg for det sosiale samhaldet og for å halde seg oppdaterte på dagsaktuelle saker. Det blir òg arrangert fagmøte slik at alle er godt orienterte.

Nesheim
Nesheim

Her under finn du ein kort video av korleis gardslivet kan utarta seg i Eksingedalen. All video er frå Eksingedalen og videoen er laga av Håvard Bergo


Eksingedalen kvinne og familielag

Eksingedalen Kvinne- og familielag er eit aktivt lag med faste samlingar gjennom heile året. Dei arrangerer sosiale treff og temakveldar, har gitt ut bok, støttar fattige i andre land og løyver pengar til ulike veldedige føremål. Laget har medlemmar i alle aldrar – og det er alltid plass til fleire. Dette er eitt av laga som knyter eksingedølene saman!


Eksingedalsmarknad

Eksingedalsmarknaden blir arrangert annakvart år på Lavik i Eksingedalen. Dette er sosiale dagar fulle av aktivitetar som Fagerdalsløpet, luftgeværskyting, pil- og buekonkurranse, andeløp, marknad og mykje meir moro. Her finst det tilbod for heile familien.

For meir informasjon kan du kontakte Frøydis Gullbrå. Nettsida til Eksingedalen vil òg legge ut oppdatert informasjon om marknaden i forkant av neste arrangement.

Foto: eksingedalen.no
Foto: eksingedalen.no
foto: eksingedalen.no
foto: eksingedalen.no
foto: eksingedalen.no
foto: eksingedalen.no

Under finn du ein liten bildekarusell med bilder frå Gøril Nesheim

Bla i kartet under for å bli betre kjend med Eksingedalen. Du kan òg trykke nede til venstre for å få opp satellittbilete.

Eksingedalen er ei dalføre som kombinerer storslått natur, levande bygdeliv og ekte fellesskap. Her finn du alt frå fiske og friluftsliv til aktive lag, unike tradisjonar og framtidsretta løysingar – ein stad der både fastbuande og besøkande kjenner seg velkomne.