Bygdene

Bruk nedtrekksmenyen øverst for å finne di bygd!

Bygdene – kjenn Vaksdal frå innsida

Vaksdal kommune består av sju hovudbygder — kvar med sin eigen sjarm og identitet: Vaksdal, Stanghelle, Dale, Bergsdalen, Stamnes, Eidslandet og Eksingedalen. I tillegg har me mindre tettstader som Boge, Langhelle og Fossmark.

Vil du veta meir om kvar bygd?
Bruk nedtrekksmenyen ovanfor for å utforska detaljert innhald og bilete frå alle bygdene. Nederst på sida finn du også ei visuell oversikt.

Sjølv i utkanten er du midt i det universelle

  • Moderne bygdeliv: Skular og barnehagar finnes i dei fleste bygdene.

  • God infrastruktur: Du kjem deg rundt med bil, buss, båt — og med tog frå Dale, Stanghelle og Vaksdal.

  • Effektiv pendling: Tog frå Dale, Stanghelle og Vaksdal gjev deg direkte og raske reisemoglegheiter til både Bergen og Voss. Faktisk kjem du raskare til Bergen frå Vaksdal enn frå fleire bydelar i Bergen i rushtida. 

  • Arbeid og heimekontor: Mange bur og jobbar lokalt – anten gjennom turnus, heimekontor eller som pendlar. 

Kva gjer Vaksdal unikt?

Dette er ein kommune med rik historie, sterke lag, friluft i verdensklasse — og eit inkluderande samfunn kor det er lett å finne seg til rette.
Vurderer du å etablera deg her, eller er du på leit etter noko nytt? Då kan du ta kontakt med kommunevertane, Vaksdal kommune eller meg som driv denne sida. Me står klare til å hjelpa deg — alltid.


Trykk HER for å koma til sida for kontakt